Åseral sogelag

Åseral sogelag i Åseral kommune i Agder vart skipa 24. april 1991. Føremålet er mellom anna «å arbeida for at alt av historisk interesse innan laget sitt arbeidsområde blir teken vare på og verna om - å vekkja, auka og spreia interesse for, og kunnskap om Åseral si soge». Laget samarbeider med andre sogelag, med Agder historielag og Landslaget for lokalhistorie. Laget utgir eit årsskrift. Anne Tone Hageland var den første leiaren. Arna Berg overtok i 1994 og er det fortsatt (pr. 2019). Laget har 56 medlemar (2019).

Åseral kyrkje, ei lafta krosskyrkje frå 1822.
Foto: Siri Johannessen (2015).

Hovudaktivitetar

Sogelaget gjer ut årsskrift og skipar til møte, turar, festar og kulturarrangement. Innsamling av folkeminne og kurs i slektsgransking har også vore viktige arbeidsoppgåver. Åseral sogelag tek dessutan vare på kulturminner og gjer dei meir kjent.

I mange år hadde laget hovudansvar for å arrangera ein årleg Sostelidag i gardsanlegget frå folkevandringstida, med omvising og tradisjonsmat frå Åseral. Laget har i ei årrekkje skipa til arrangement på den årlege kulturminnedagen, både aleine og i samarbeid med andre. Tema for kulturminnedagen 2007 var «Bedehuset - vår felles kulturarv». Sogelaget utarbeidde program saman med kulturkontoret og sende inn, og blei belønna med ein femteplass blant kommunane i landet.

Laget har arrangert dagsturar til historiske stader i komunen, og stundom fått det med i Naturlosen. Laget har delteke fleire år med tradisjonsmat på Internasjonal Matfestival i Åseral og på Eikerapen Roots Festival.

I 2001 overtok sogelaget eit gamalt skulehus i sentrum som kommunen ville riva. Det hadde blitt nytta til kontor. Laget arbeider med å føre det tilbake til slik det var då det var i bruk til skule. I fleire år dreiv laget kafe under den årleg bygdeutstillinga; det var nyttig for utstillinga og skaffa laget pengar til arbeidet med skulehuset.

Laget har samarbeidd med Statsarkivet i Kristiansand om innsamling av privatarkiv. Sogelaget har gått inn som medeigar i Åseral Frivilligsentral då den blei stifta.

På 2000-tallet har laget delteke på fleire jubileumsarrangement:

  • 2000 (21. juli): Festkveld i samband med 175-årsjubileum for utvandringa til Amerika, sogelaget stod for programmet og maten.
  • 2003 (28. november): Festkveld for markeringa av 400-årsjubileet til den offentlege helsetenesta, sogelaget stod for programmet og maten.
  • 2012: 100-årsjubileum for Lordehytta, sogelaget stod for bålkaffi og tradisjonsmat inne på heia.
  • 2013: Festsamvær i høve språkåret og 200-årsjubileum for Ivar Aasen, sogelaget deltok aktivt både i programmet og med maten.
  • 2014: 200-årsmarkering av grunnloven 1814, feira på Minne kultursenter, sogelaget deltok med historisk matbuffe.
  • 2017: 500-årsjubileum for reformasjonen, sogelaget var med i jubileumskomiteen og jubileumsfesten.

Publikasjonar

 
Byste av folkloristen Knut Liestøl (1881-1952) ved Åknes kapell. Liestøl var fødd i Åseral.
Foto: Siri Johannessen (2013).
  • Årsskrift med vektlegging på artiklar med hendingar og munnlege tradisjonar som ikkje er nedskrive, samt årsmelding for laget si verksemd.
  • Åseralskalender med historiske bilete og tekst.

Sogelaget sende i 2001 Norske ættesogor med Skraddarsoga av Knut Liestøl (1881–1952) i bryllaupsgåve til kronprinsparet Haakon og Mette Marit, sidan Mette Marit er 13. ættledd etter Knut Skraddar, Austegard i Åseral.

Kjelder og litteratur

  • Opplysningar frå sogelaget (Landslaget for lokalhistorie si lagsundersøking 2019).

Eksterne lenkjer