Anne Olsdotter Hyrve

Anne Olsdotter Hyrve (Hørve, Hørven) (fødd 10. april 1783 i Skjåk, død same stad i 1837) var gardkone og haugianar. Mykje tyder på at ho, i lag med mannen Syver og nokre andre av dei haugianske kadrane i Skjåk, øvde sterk innverknad på bygdekulturen der i fyrste halvparten av 1800-talet. Kva meir er, etterkomarane til Anne og Syver, med sin haugianske ballast, skulle kome til å øve innverknad på politikk, samfunn og kultur langt utanfor Skjåk og Gudbrandsdalen seinare i århundret.

Øyberget der Anne og Syver budde 1806-1811.
Foto: Kristian Hosar

Familie og livsløp

Anne var fødd og oppvaksen på garden Nedre Hjeltar i Skjåk hovudsokn. Foreldra var Kari Larsdotter Hjeltar (1747-1819) og Ola Pålsen frå Skånsar i Lom. Det var mora sitt andre ekteskap. Ho var fyrst gift med Kristian Larsen Hjeltar, som døydde i 1777.[1]

Anne Olsdotter gifta seg den 28. mars 1805 med Syver Sylfestsen Hyrve, odelsgut på garden Hyrve i Nordberg sokn i Skjåk. Hyrve er i dag ein etter måten stor gard etter lokale tilhøve, men var på den tid Anne og Syver gifta seg «et ubetydelig Brug», i følgje det sonen Ole skriv i sine minnenedteikningar.[2] Anne og Syver dreiv fyrst småbruket Øyberget, også i Nordberg, som dei kjøpte i 1806. I 1811 overtok dei farsgarden til Syver, som dei dreiv saman til Syver døydde i 1835.

Anne og Syver fekk seks born:

  1. Sylfest (1809-1847) (Sylvester Sivertson)
  2. Kari (f. 1811), gift med Amund Olsen Bu frå Sel
  3. Ole (1814-1884), gift med Anne Olsdotter Bu frå Sel
  4. Kari (1816-1822)
  5. Guro (fødd 1818 og død same år)
  6. Guro (fødd 1819), gift med Iver Olsen Bu (seinare Blekastad) frå Sel

Haugiansk aktivist

Både Anne og mannen hennar var blant dei fyrste haugianarane i Skjåk. Annes engasjement for rørsla har vi bevart eit direkte vitnemål om i form av eit brev ho skreiv til vener i Christiania i 1817. Brevet viser at Anne var skrivefør, særs artikulert, bibelkunnig og ivrig misjonerande.

Anne hadde møtt motstand da ho vart vakt. Omvendinga hennar hadde venteleg skjedd ikkje så lenge før ho gifta seg med Syver. I følgje minnenedteikningane til sonen vart ho utsett for «Bespottelse, Haan og Forfølgelse […] ja det endog af sine egne Forældre og Sødskende». Folket hennar på Nedre Hjeltar var velståande, og dei var visst ikkje særleg glade for at ho insisterte på å gifte seg med ein som kom frå ein mindre gard i «den foragtede Kreds Noraberget», som sonen formulerer det. Men så fekk Anne ekteskapstilbod frå «en av Hauges mer formuende Venner fra Østerdalen». Da syntest foreldra til Anne at det var reint for gale om ho skulle flytte så langt frå heime, og ho fekk da heller ta «Fattiggutten Sjugurd Hyrve fra Nordberget». Anne skal i følgje ein futerapport[3] ha fått ei medgift på heile 1000 riksdalar.

Etterslekt - religiøs og politisk kulturarv

Som det framgår av lista over borna til Anne og Syver, gifta tre av dei seg med kvar sine av ein syskenflokk frå garden (Nigard) Bu i Sel. Der var folket også haugianarar.[4] Guro og mannen Iver Olsen Bu flytta til garden Blekastad, også i Sel. Dei vart foreldre til folkehøgskolemannen Ivar Blekastad og stortingsmannen Sigurd Blekastad (Venstre). Dette viser ein direkte familiesamanheng over tre-fire generasjonar mellom haugianismen i Gudbrandsdalen og den seinare norskdoms- og folkehøgskulerørsla i distriktet. Ein kan også trekkje inn den patriotiske liberalismen frå 1830-åra i denne samanhengen. Eldste sonen til Anne og Syver Hyrve, avisredaktøren Sylvester Sivertson, var sentral i krinsen rundt Wergeland i 1830-åra, og aktivist i den bondepolitiske framstøyten på den tida.

Kjelder og litteratur

  • Brev frå Anne Olsdatter Hørve til vener i Christiania 1817
  • Heggtveit, H.G.: Den norske Kirke i det nittende Aarhundrede. Et Bidrag til dens Historie. (2. band, 2. avd.), Christiania 1912-1920.
  • Hosar, Hans P.: Skjåk bygdebok band 3.
  • Ole Sivertsens minnenedteikningar 30. juni 1884. Handskrive manus. Kopi av to ulike avskrifter i bygdebokarkivet for Skjåk (Norddalsarkivet, avdeling Skjåk). Her er nytta «Levnetsbeskrivelse af Ole Sivertsen samt lidt af Hørveslægtens Stamtavle avskrefne efter den originale copy af Martin P. Ødegaard. February 9de 1890.» Martin, som budde i USA, var dotterson av Ole Siversten, og han var den som i følgje Ole Sivertsen hadde oppmoda han til å skrive ned memoarane sine.
  • Ættebok for Skjåk, band I. Utg. av Skjåk Historielag 1946, fotografisk opptrykk 1982.

Referansar

  1. Ættebok for Skjåk bd. I side 117 spalte 1 D1 og side 93 spalte 1 D3.
  2. Ole Sivertsens minnenedteikningar, fleire avskrifter i privat eige, kopi i bygdebokarkivet for Skjåk
  3. Statsarkivet i Hamar: Futen i Gudbrandsdalen, kopibok nr. 7, 14.8.1805
  4. Heggtveit, H.G. 2. band 2. avdeling:705-706, jf. Nettstaden til Bredebygden lokalhistoriske selskap

Eksterne lenkjer