Asbjørn Magnus Koppen (1920–1942)
Asbjørn Magnus Koppen (fødd 10. april 1920 i Lindås, død 15. oktober 1942 på Atlanterhavet) var matros og krigsseglar.
Han var son av Edvard M. Koppen (f. 1881) og Marta Koppen f. Toft (f. 1888). Familien budde på Kopper i Fedje kommune.
Etter skuleskipskurs var han fleire år i utrikesfart. Hausten 1939 segla han ut med M/S «Siranger», og etter krigsutbrotet var han i alliert fart. Han mista livet då Panama-registrerte «El Lago» vart torpedert av tysk ubåt under konvoifart frå Murmansk til New York.
Koppen fekk posthumt tildelt Krigsmedaljen den 3. februar 1981.
Kjelder og litteratur
- Våre falne : 1939-1945, Grøndahl, Oslo 1950, bd. 2 Digital versjon på Nettbiblioteket.
- Asbjørn Magnus Koppen i Krigsseilerregisteret.
- Asbjørn Magnus Koppen i Historisk befolkningsregister.