Botsvatn

Botsvatn (lokalt uttala Bossvatn) er ein innsjø i Bykle kommune i Setesdal. Han ligg vest for Kyrkjebygdi, med gardane Tveiti, Nesland og Dysje på nordsida og Brotteli i vestenden. Vatnet vart oppdemma i 1980-åra med reguleringshøyde 551–495 moh.

Brotteli inst (lengst vest) ved Bossvatn, etter at innsjøen vart oppdemma.
Foto: Folke Nesland
Ved Bossvatn finn ein Strond, der det er funne spor frå yngre steinalder.
Foto: Folke Nesland

Eit forsøk på å få Bossvatn som godkjend skrivemåte vart avslått av Statens kartverk i 1980, men den forma vart mellom anna nytta i bygdesoga Heimar og folk i Bykle (2006), og er vanleg lokalt. Namnet skal kome frå grenda Botnen, der ein finn gardane Brotteli, Dysje og Bratteland.

Galleri

Kjelder

.

Koordinater: 59.32917° N 7.19446° Ø