Fjell kommune

Fjell kommune var ein øykommune i Midthordland. Ein stor del av arealet ligg på nordre delen av øya Sotra. (På den søre delen låg Sund kommune.) Mellom andre øyar i Fjell kommune kan nemnast Litlesotra, Bildøyna, Bjorøyna, Geitanger, Algrøyna og Lokøyna. I 1989 vart kommunesenteret flytta frå Fjell på Sotra til Straume på Litlesotra. Kommunen vart 1. januar 2020 del av Øygarden kommune.

Fjell kommune
1246 Fjell komm.png
Basisdata
Kommunenummer 1246
Fylke Hordaland
Kommunesenter Straume
Areal i  km²(2020) 148,12 km²
Folketal 2020 25 725 (2018)
Opphørte 2020
No del av Øygarden kommune

Administrativ inndeling

Før 1964 var Fjell kommune identisk med det gamle Fjell sokn. Dette året vart gardane Misje og Turøyna lagt til kommunen (høyrde tidlegare til Herdla kommune). Fram til 1800-talet var Fjell eitt av fire sokn i Sund prestegjeld. Dei andre sokna var Sund, Møkster og Austevoll.

20. januar 2016 vedtok kommunestyra i Fjell, Sund og Øygarden å slå saman dei tre kommunane. Den nye storkommunen skal få namnet Øygarden, men Straume blir kommunesenter.

Fjell og Sund sokn utgjorde Sartor skipreide.

Næringsliv

Kommunen har eige vinmonopolStraume.

Personer fra Fjell kommune

Se også

Litteratur

  • Fjell, Ragnvald (red.): Fjell kyrkje 1874-1974. Fjell 1974.
  • Grytten, Ola Honningdal: Fra utkantbutikk til storsenter. Sartor senter 1978-2004. Straume 2004.
  • Havstrilen. Kulturhistorisk årbok for Sund, Fjell og Øygarden. 2001-.
  • Kobbeltveit, Olav (red.): Fjell kommune. Jubileumsskrift 1837-1987. 1987.
  • Kobbeltveit, Olav: Krigen i Fjell. Straume 1995.
  • Kobbeltveit, Olav: Fjell festning - i krig og fred. Bergen 2006.
  • Kolle, Nils (red.): Fjell bygdebok. 1996-.
  • Langeland, Alfred (red.): Grunnskulen i Fjell 250 år. Jubileumsskrift 1739-1989. Straume 1989.
  • Lotsberg, Eva og Alfred Langeland: Fjell kyrkje 125 år. 1874-1999. Bergen 1999.
  • Trengereid, Nils (red.): Bygdesoga for Fjell. 1970.

Eksterne lenkjer