Johannes Berven spelar på fjølfela si. Johannes Berven ( 1899– 1996), mest kjent som Jóanes Trø’n eller Bærven lokalt, var ein småbrukar, telefonist, postopnar, smed og spelemann frå Trøa under Innersetra på Tustna i noverande Aure kommune på Nordmøre. Johannes Hilmar Gjermundson Berven vart fødd som den yngste av fem sysken den 18. mars 1899. Johannes tok over Trøa i 1924. Han dreiv jorda, fiska og arbeidde i smia, og i tillegg tok han over telefonstasjonen etter far sin. I 1945 tok han over postkontoret i bygda òg, og han dreiv det til det vart nedlagt i 1971. Da Johannes var kring tolvårsalderen, altså kring 1911, bygde han seg si eiga fjølfele. Les mer …
Magnhild og Erik Almhjell på bryllaupsdagen sin i 1948.
Fredag 25. oktober 1946 fyller Erik Almhjell 65 år. Han er fødd og oppvaksen på garden Almhjell i Sundalen. Mor hans var frå Torske og av ei sers musikalsk ætt. Berre 4 år gamall dreiv han og øvde seg på trekkspel, det var tungt so han laut ha det ståande på ein krakk. Då han var 13 år tok han til med fela. Broren Ola, som og ei tid var svær spelemann, lærte han gripa, og sjølv lærte han seg notar. Ungdomslaget på Aalvundeid tok seg ein tur over fjellet til Sundalen og kom ned ved Almhjell, då spela 13 åringen ein slått åt dei. Han har all si tid drive med hart produktivt arbeid, gardsarbeid, skogsarbeid, vegarbeid og anna. Det er berre i fristunderne han kan dyrke musikken. Ein må bli forundra når ein ser dei harde arbeidsfingrane glida leikande lett over felestreng[-] og tralla fram dei mjuke fine tonar. Les mer …
1. takta av Hovenspringa’rn.
Hovenspringa’rn (uttale: ["hɔ:ʋenˌspɾeˌŋɑ. n]) er ein gammal sunndalsspringar som vi kjenner gjennom spelet hans Erik Almhjell. Namnet «Hovenspringa’rn» viser, som « Hovenvalsen», til garden Hoven i Sunndalen. Som i sunndalsspringarar generelt, så er taktslaga relativt jamnlange, og hovudbetoninga i dansespelet ligg på 1 og 2 heller enn på 1 og 3 som i todalspolsen. Slåtten går gjennomført i førsteposisjon i begge streva. Eit kjennspakt sunndalstrekk i denne slåtten er teknikken å dra over, som vi blant anna ser i første takta: Les mer …
|