Fræna kommune

Fræna kommune er ein tidlegare kommune som den 1. januar 2020 vart ihopslegen med den tidlegare Eide kommune til Hustadvika kommune. Fræna ligg ut mot Atlanterhavet og var ein av kystkommunene i Romsdal i Møre og Romsdal fylke. Innbyggjarane blir kalla fræningar. Fræna var Møre og Romsdals største jordbrukskommune og har lange tradisjonar både med fiske og jordbruk som er dei tradisjonelle næringsvegane der. Fræna grensar i sør-vest til Julsundet i Aukra kommune og i sør til Molde kommune. I aust grensar Fræna til Eide og Gjemnes.

Fræna
1548 Fraena komm.png
Basisdata
Kommunenummer 1548
Fylke Møre og Romsdal
Kommunesenter Elnesvågen
Areal i  km²(2020) 369,74
Folketall 2020 9717
Opphørte 2020
Slått sammen med 2020 med Eide kommune
Nå del av Hustadvika kommune
Målform nynorsk

I samband med Solberg-regjeringa si kommunereform vedtok kommunestyret i Fræna 13. juni 2016 at kommunen skal gå saman med Eide og danne nye Hustadvika kommune frå 1. januar 2020.

Elnesvågen er nest største tettstad i Romsdal og administrasjonsenter. I nord-vest er det berykta havstykket Hustadvika kor det har vore mange skipsforlis.

Kyrkjer

Fræna har fire kyrkjer: Myrbostad kyrkje, Bud kyrkje, Hustad kyrkje og Vågøy kyrkje.

Kulturminner

Julshamna er ei lita naustgruppe ved Hustadvika. Tidlegare var dette ein del av Hustad kommune. Staden hadde dampskipsekspedisjon frå slutten av 1800-tallet til 1964. Det var Møre og Romsdal Fylkesbåter (MRF) som hadde dampskipsruta over Hustadvika.

Malmesetra eller Skitnesetra ligg litt aust for Skaret. Setra ligg på litt over 200 meters høgd, omkransa av fjell. Seterdrifta her er nedlagt, men seterdrifta har røter bakover til mellomalderen. Malmesetra inngår i eit større turområde rundt Skaret. Bevaring av kulturlandskapet bidrar til ein større turopplevelse og fleire turgåere har Malmesetra som mål for sine turar.

Kjelder og litteratur

Eksterne lenker


Koordinater: 62.85375° N 7.15374° Ø