Francis Hagerup

George Francis Hagerup (fødd 22. januar 1853 i Horten, død 1921 i Kristiania) var jurist, diplomat og høgrepolitikar. Han var mellom anna statsminister frå oktober 1895 til februar 1898, og frå oktober 1903 til mars 1905.

George Francis Hagerup.
Foto: Digitalt Museum/L. Szacinski

Familie

Francis Hagerup var son av kontreadmiral, statsråd Henrik Steffens Hagerup (1806–1859) og Nicoline Christine Jenssen (1808–1862). Han vart gift i 1880 med Frederikke Dorothea Bødtker (1853–1919), og var fetter av forfatter, redaktør og misjonsforeningspionér Bolette Gjør (1835-1909).

Liv

Francis Hagerup levde sine fyrste år i Horten. Familien flytta til Christiania då faren vart marineminister i 1856. Foreldra døydde før Hagerup var 10 år, og han flytta til Trondheim. Der tok han examen artium i 1870 som elev ved Trondheim katedralskole.

Hagerup vart cand.jur. i 1876 og dr.juris. i 1885, og var professor ved Det kgl. Fredriks universitet i Christiania 1887-1906.

Hagerup var justisminister i Emil Stang si andre regjering frå 2. mai 1893 til 14. oktober 1895. Han var statsministar i to periodar, frå 1895 til 1898, og fra 1903 til 1905, og var stortingsrepresentant 1901-1906. Mellom 1901 og 1903 var han den parlamentariske føraren i Høgre.

I 1906 gjekk Hagerup inn i diplomatiet, og vart norsk sendemann (ambassadør) til København, Haag, Brussel og Stockholm. I 1920 var Hagerup leiar for Noreg sin delegasjon då Folkeforbundet trådte saman for fyrste gang i Genève. Han var medlem av Nobelkomiteen frå 1907 til sin død.

Ettermæle

 
Francis Hagerup er gravlagd på Vår Frelsers gravlund i Oslo.
Foto: Stig Rune Pedersen (2012)

Francis Hagerup er gravlagd på Vår Frelsers gravlund i Oslo. Heile fornamnet (George Francis) er nytta på gravminnet, som óg nyttar den diplomatiske tittelen "Minister".

Kjelder