Gjengedal krins

Gjengedal krins i Gloppen kommune ligg i grenda Hyen og har hatt organisert skule heilt tilbake til 1743. Krinsen vart lagt ned og ungane sendt til Hyen i 1968. Gardane Gjengedal, Mjellem, Rønnekleiv, og Ommedal høyrde til krinsen. Ved den første skuleordninga i Gloppen kommune i 1743 var Hyefjorden og begge dalane ein krins med ein lærar Jens Olson Henden. Det viste seg at Hyen var eit så stort distrikt at det vart ordna slik at læraren skulle halde skule eit heilt år om gangen i kvar dal. Slik fekk Austredalen i Hyen (Gjengedal krins) skule berre annankvart år, men gjekk totalt like mange år som dei andre skulane i kommunen.

Gjengedal krins 1890-1968
Foto: Annette Langedal Holme/Sogn og Fjordane fylkeskommune (2016)

Under krinsreguleringa både i 1838 og 1860 er heile Hyen ein krins med omgangsskule der læraren reiste rundt på gardane og underviste. I 1890 kom det ny krinsregulering i Gloppen. Då var det 24 elevar i Gjengedal krins. Skulen var todelt (småskule og storskule) og heldt til i leigde lokaler på Mjellem. I 1899 fekk krinsen eige skulehus. Det var lærarbolig i skulen, saman med 5 dekar dyrka mark.

I 1934 vart det gamle skulehuset til Sandane krins vart flytta til Gjengedalen og satt opp ute på Kleiva (ikkje langt frå det gamle skulehuset). Bygget vart likevel ikkje klart til skulebruk før i 1952.

I 1968 vart Gjengedal krins lagt ned. Siste læraren på skulen var Aase Hope, som berre arbeidde eit knapt år på skulen før den vart lagt ned. På 50-talet hadde siste gardane fått veg (Mjellem og Rognkeiv) så alle elevane fekk skuleskyss ned til Hyen. Det var Nils Simonson Holme som hadde skuleskyssen.

Skuledagen

Skuleveg

Skulevegen var eit diskusjonstema då ein skulle byggje det første skulehuset i krinsen. Skulestyret i Gloppen kom i 1890 med forslag om skulehus på Mjellem, men krinsen meinte at vegen mellom garden Gjengedal og Mjellem var så farleg vinterstid at dette ikkje kunne la seg gjere. Det var då særleg rasfaren dei var bekymra for, og kom under krinsmøtet med døme på at born hadde havna i farlege situasjonar på skulevegen før.[1]

Alle elevane i krinsen kunne gå til og frå skulen kvar dag etter at første skulehuset kom i 1899. Det var dårleg med vegsamband og bratt ned i frå fjellgardane Gjengedal, Mjellem og Rønnekleiv. Elevane frå Dalheim (ein husmannsplass under Gjengedal) hadde særs lang veg til skulen.

I 1925 gjekk det gale. Krinsmøta og møta i tilsynsutvalet for skulen vart halde i skulehuset, og på tur heim etter eit møte den 13. januar datt krinsformann Jakob J. Gjengedal utfor vegen og omkom. Ulukka skjedde om kvelden, og det var mørkt langs vegen. Gjengedal skal ha gått sist i ei fylgje på 7-8 mann, og då dei oppdaga at han ikkje lenger var med dei, gjekk dei tilbake for å leite.[2] [3]Han vart funnen ved Klypehammaren, ved ein knapp sving på ein stad det var ein høg mur kor han truleg hadde tråkka feil og havna utfor vegen. Varaformann J. E. Rønnekleiv noterte hendinga i forhandlingsprotokollen for tilsynsutvalet, med ei siste helsing til Gjengedal kor han hedra han for "det trufaste arbeid han hev nedlagt for skulen her i krinsen i dei 15 åra han hev stade som krinsformann".[4] Gjengedal hadde også vore medlem i Gloppen skulestyre i mange år. Han vart 53 år gamal.

Skulehus

 
Gjengedal skule frå 1899. Foto: Annette Langedal Holme/Sogn og Fjordane fylkeskommune (2016)

Gjengedal skule (1)

  • Byggeår: 1899
  • Fungerte som skule: 1899-1952
  • Anna bruksområde: Hyen ungdomslag og Hyen kristelege ungdomslag fekk nytte skulehuset til møta sine frå kring 1905. i 1930 fekk ungdomslaget også tillatelse til å nytte lokalet til å oppføre "små skodespel".[5] Etter 1934 fungerte huset som lærarbolig for læraren Knut Gjengedal. I dag er det feriehus.
 
Skulehuset brukt frå 1952-1968. Foto: Annette Langedal Holme/Sogn og Fjordane fylkeskommune (2016)

Gjengedal skule (2)

  • Byggeår: 1892
  • Fungerte som skule: 1952-1968
  • Anna bruksområde: Fungerte først som skulehus for Sandane gamle skule . I 1934 vart bygget flytta til Gjengedal skulekrins.

Lærarar

Namn Fødd Skule Tilsett år Slutta år Utdanning frå Merknad
Jens Olson Henden Heile Hyen (omgangsskule) 1743
Ola M. Ommedal 1862 Osmundnes, Solheim, Straume, Eimhjellen, Gjengedal 1890 1923
Eirik Aasebø Gjengedal (seinast 1893) (tidl. 1895) Vikar?
Samson Sande 1866 Hyen, Gjengedal, Eimhjellen 1895 1936 Stord lærerskole 1891
Knut Gjengedal 1900 Gjengedal 1936 1967 Volda lærerskole 1922-25.
Aase Hope 1944 Gjengedal og Hyen 1967 2006 Firda Gymnas Siste læraren i Gjengedal krins

Foto

Fotnotar

  1. Forhandlingsprotokoll for Tilsynsutvalet i Mjellems (Gjengedal) krins, 1890-1946. Side 1.
  2. Firda Tidend 1925.01.20. Digital versjonNettbiblioteket.
  3. Nordfjord 1925.01.20. Digital versjonNettbiblioteket.
  4. Forhandlingsprotokoll for Tilsynsutvalet i Mjellems (Gjengedal) krins, 1890-1946. Side 19.
  5. Forhandlingsprotokoll for Tilsynsutvalet i Mjellems (Gjengedal) krins, 1890-1946. Side 22.

Kjelder og litteratur

Prenta kjelder

  • Sandal, Per (1978) Soga om Gloppen og Breim, band 1. Sandane.
  • Sandal, Per (1979) Soga om Gloppen og Breim, band 2. Sandane.
  • Femårsmeldingar om folkeskulen 1891-1895, 1896-1900 og 1901-1905
  • Forhandlingsprotokoll for Tilsynsutvalet i Mjellems (Gjengedal) krins, 1890-1946
  • Skuleprotokoll for Eimhjellen krins, Solheim krins og Gjengedal krins, 1863-1892
  • Oversiktsprotokoll for Strømmen krins, Solheim krins, Gjengedal krins og Eimhjellen krins, 1892-1938
  • Oversiktsprotokoll for Strømme krins, Gjengedal krins, Solheim krins, Osmundnes krins og Husmannæs krins, 1892-1915
  • Hovudbok for Gjengedal krins, 1939-1940
  • Dagbok for Strømme krins, Solheim krins, Gjengedal krins og Eimhjellen krins, 1892-1931
  • Dagbok for Gjengedal krins, Straume krins, Eimhjellen krins, Solheim krins, Osmundnes krins og Husmannæs krins, 1889-1913
  • Firda Tidend
  • Avisa Nordfjord

Digitale kjelder

Ikkje-prenta kjelder

  • Samtale med Anna Sigbjørg Holme (barnebarn av Samson Sande)


Koordinater: 61.667404° N 5.920735° Ø