Huldrevegen (Bø i Telemark)

Huldrevegen er ein 184 meter lang blindveg på Nordbø i i Midt-Telemark kommune. Han går nordover frå Nordbøvegen til eigedomen Geitekåsa. Vegen var fram til 2021 ei grein av vegen Torsbergåsen.

Vegen blei namnsett i 2021 og har namn etter Huldrejordet som tidlegare låg nedst i vegen. I 1825 kjøpte Halvor Torsteinsson på Nordistugu Nordbø Huldrejordet og Torskåsåsen frå Oppistugu Nordbø ifølgje Bø-soga.

Busetnaden består av fire einebustader og tre firemannsbustader som blei sett opp i 2022.

Uldrejordet i Nordistugu Nordbø

Ein gong gamle Ingebret Berge fór den gamle ålmannvegen igjenom Nordbø-gardane, såg han på eit jordstykke som låg for sjaveseg inne i skogen der ei ulder som sat under ein apal og byste håret sitt. Det heiter Uldrejorde, den dag i dag og høyrer til Nordistugu Nordbø. So fin ei gjente hadde han aldri set. Men so reiste ho seg og gjekk, og da drog ho ei lang rompe etter seg. Gamle Ingebret fortalte det sjølv, og folk trudde det fullt og fast i den tida. Og staden fekk namnet sitt etter uldra.
– Segner og sogur frå Bøherad

Olav Nordbø, Norsk folkeminnelags skrifter Nr. 56, Oslo 1945

Sjå også

Kjelder


Koordinater: 59.40923° N 9.03323° Ø