Karl Olai Aas
Karl Olai Aas (fødd 17. oktober 1882 i Hyllestad, død 25. september 1958) var lærar.
Han vaks opp i Hyllestad, som son av bonde og bygningssnikkar Ola Johnson Dale og Randi Rasmusdotter Aas.
Karl Olai Aas gjekk ut frå Stord lærarskule i 1903. Han tok seinare fleire kurs, mellom anna i teikning, song, hagebruk og husflidsarbeid. Aas var òg utdanna underoffiser, ved Marinens sanitetskorps.
Han var tilsett som lærar i heimbygda Hyllestad 1906-1913, Hamre kommune 1914-1937 og Åsane kommune 1938-1946. Då han arbeidde i Åsane, budde han i Hordvik. Der var han òg styremedlem i indremisjonsforeininga.
Aas var gift med den 39 år yngre Maria Kristina Hordvik (1921-99), dotter av Mons og Ingebjørg Hordvik. Karl Olai og Maria Kristine Aas fekk to søner og ei dotter.
Han fekk i 1906 Haakon VIIs kroningsmedalje.
Kjelder og litteratur
- Bakke, Karl: Norske skolefolk (andre utgave): bind 2, Dreyer forlag, Stavanger 1952. Digital versjon på Nettbiblioteket, s. 1437.
- DIS-Norge: Gravminner i Norge (id. 4310580).
- Karl Olsen i folketelling 1910 for Hyllestad herad fra Digitalarkivet.
- Karl Olai Aas i Historisk befolkningsregister.