Kjeldearkiv:1892-05-15 Brev frå Prestgard til Kleiven

1892-05-15 Brev frå Prestgard til Kleiven
Heime og ute forside.jpg
Informasjon om brevet
Dato: 15.5.1892
Stad: Seljord
Frå: Kristian Prestgard
Til: Ivar Kleiven
Nr. i samling: 82
Samling: Brevsamling Ivar Kleiven og Kristian Prestgard 1886–1932
Oppbevaringsstad: Opplandsarkivet
Viktig: Denne artikkelen kan kun endres av administratorer. Dersom endringer trengs, vennligst ta dette opp på artikkelens samtaleside eller med en administrator.

Siljord 15de Mai 1892

Kjære Ivar!

Altsaa Siljoring fjorde Gongen. Det var 3 Vikur i Gaar sia eg anlände. Fraa Hamar strauk eg andre Paaskedagsmorgon tidleg. Kl 11 um Kvelden vart Avreisa fastsett, og Kl 6 um Morgon sat eg i Vogni og gjorde lang Nase attende åt Hamar og sa bæ-æ. Eg svindrast burt fraa Sagatun, som Dogg for Soli. De “sidste Begivenheder” paa Hamar er eit Eventyr so langt at eg kan ikkje greia det ut i Dag. Og no har eg fortalt det so mange Gonger, at eg er lei av å ta det upp att. Nok er det, eg reiste i “høieste Unaade”, og Arvesen vilde ikkje ein Gong sjaa meg for Augo meir.

I Hovudstaden stanna eg over i 4-5 Dagar og hadde det framifrå morosamt. Med sama eg kom ud paa Carl Johan, trefte eg midt i tjukkaste Sværmen mine Vener fraa gamle Dagar, Bondhus og Eskeland fraa Hardanger. Fagnadfundr mikil! Bondhus skulde upp til Artium i Sumar og Eskeland laag og las lausumgar. So kom eg med i den vestlandske Koloni. Det var tvo Studentar fra Bergen, Jon Line og – Maokastad’n, og so desse tvo, eg har nemnt. Leitt var det med det, at ikkje ei Tist av dei åtte Pengar. Jon Line hadde 5 Øyro, det var alt. So laut daa eg til aa forfara Pungen min og alle Lumekrokarne mine for å ta upp ordentleg Status. Dei naudturvelege Reisepengar til Siljord vart pakka ind og forsegla og Resten skulde gaa til fælles bedste. Me vart samde um å liva herligen og i Glæde so lengje dei rokk. Og for at dei skulde vara lenger so maatte Bondhus gaa ind paa å føa og hysa meg – han fekk nemleg Mat paa Kredit, – Og so tura me syndigt: Rangla umkring paa Alhambra, Eldorado, Circus, Panorama og Diorama og sat paa Grand i Timevis og drak Bøhmisk Salvatorøl og venta paa hans Høihed Ibsen. Han fekk me no ikkje sjaa, men hellest var me i fint Selskap.

Eg kom i dei faa Dagar utruleg godt ind i Hybellivet og ymse Sior af Studenterlivet i Hovudstaden. –

Og so i Teatret ja. Per Gynt saag eg og gløymer det vist aldri so lengje eg liver. Slikt Spil og slik Musik og – so slikt Utstyr. Det har vist alder funnest Maken paa Kristiania Teater. Den Wang som ha maala Bilæti maa vera Djævelen til Kar. Utstyret til den Fjellscena, den Uværsnatti da Aase og Indflytterfolket flyg umkring og leitar etter Per var det mest gripande, eg har set. Eldingarne flaug, Tora slo, Vinden tuta og kvein og Skyerne dreiv og tendast i Brand, men bleiknad so burt att, til alt vart graatt i graatt. – Og so “Solopgangen i Rondane”! – Dei som spila best var naturlegvis Aase og Solveig – Frk Parelius og Fru Dybwad (Frk Juel) – den fyrste kanskje allebest. Det er vel Skam aa segja det, men Taarone trilla av meg, då Solveig kom til Per Gynt ved Nybyggjarhytta i Storskogen – og so da Aase døydde. Dei kan kalla det Kunst so mykje dei vil for meg, men det var no Natur det da. Og so Bjørnson da! meinar du? – Ja, kva han var for ei Gespenst, skal eg ikkje segja, men Per Gynt var han ikkje, og blir det ikkje held, solengje han liver. Det nyttar ikkje å koma og laga um han Per til ein “hæseblæsende Deklamatør og Circusakrobat”. Eg sat der so kokande sint, at ha eg havt eit rote Egg, so jaggu ha eg senda det midt burt Synet paa ’om Per. Eg kan forstaa no, at Ibsen fekk so travelt med å koma heim fraa Teatret den Kvelden ved “Premieren”, og at han let ein ’an kassera inn Fagnadropi.

Det er greidt, at den Gynten er ikkje let å greia paa Scenen, fordi Per Gynt-figuren er grodd inn i kvar enkelt og paa kvar si Vis, og naar so ikkje Spilet samstava med det Bilæte ein har laga seg af Per inne i sjaveseg, so gaar det heile i Knas. – Her fins vel ikkje meir enn ein Mann no til Dags som kunde greia Per Gynt, og naar ikkje han kunde faa vera Per, so fær dei ha det so godt. Men Ibsen gjekk burt til Henrik Clausen, da han var Per for 20 Aar sia, tok han i Næven og sa: “Ja det er Per Gynt, slig som jeg har tænkt ham fra først til sidst.” Slikt Skudsmaal fekk ikkje “b.b.”

Den 22de Mai

Men altså: ein vakker Dag vart Pungen min rengt ut og inn, og det fans ikkje til ei Flaske Øl i Skilnaden. So laut eg segja vælfar til Vestmannalaget og Hovudstaden. – Og no var det ein Maana i Gaar sia eg kom aat Siljord. Arctander og Hansen og Botnen knitlar og læg akkurat som i gamle Dagar. Du minnest vel denne turre, trillande Skratten som dei kom med, naar det ikkje var det mindste å skratta aat. Men gamle og fornuftige er dei vortne. B. og H. er so gamle og støe, at dei mest gjer Skam paa meg, oldingen som enda til kjem fraa Hamar. Anna Næs regjerer no som Husmor her hjaa Hansen. Eg kjem til å lota gaa strængt i Rette med sjavemeg av og til, skal ho ikkje gjera meg elektrisk, for ho er ei stor sterk Megge vorten. Eg fortalte ho, at du driv med Sanatorium og Gjeit og Tæringsjuke Byfolk, og daa vart ho so uppglød, at ho vil kav lukt upp i Bønneslie til deg, kor [...] det snur – um det so ikkje blir før næste Sumar. Og eg meinar du tapar ikkje paa det: Gjeit og Tæringsjuke har ho eit framifraa Lag med, segjer ho, og sterk som eitkvart ilt. Og so veg ho 71. Kilo – eg vog ho i Gjaar. So tek du ho altsaa eit Aar paa Prøve, og er ho daa so glup, som ho sjøl skryter til, so har du deg Kjering au med sama. – Hellest er Siljord seg sjøl likt med Intriger og Fanteskap. Dei sladrar og baktalar og lyg paa einannan akkurat som i forna Dar. – Men meir um Bygdastel sia.

Kor lengje seg blir her, veit eg ikkje. Det er altsaa bare “foreløbig”, til det legst til eit held anna Bein med eit Par Kjøtslimsor paa.

Men til Vaars reiser eg med Vikingeskjipet til Amerika.[1]

– Skriv no baade væl og langt og – snart.

Helsing til deg og alle paa Kleiven fra[a]

Kristian

Ligervis Helsing fraa Hansen og Anna

Fotnoter

  1. Vikingskipet «Viking» vart bygd 1892–93 som ein nøyaktig kopi av Gokstad-skipet. Det segla frå Bergen 30. april 1893, nådde New York 13. juni og kom til Chicago 12. juli. I Chicago vart skipet ein stor attraksjon på verdsutstillinga. Prosjektleiar og skipper var Magnus Andersen.