Kjeldearkiv:1894-03-30 Brev frå Kleiven til Prestgard

1894-03-30 Brev frå Kleiven til Prestgard
Heime og ute forside.jpg
Informasjon om brevet
Dato: 30.3.1894
Stad: Vågå
Frå: Ivar Kleiven
Til: Kristian Prestgard
Nr. i samling: 103
Samling: Brevsamling Ivar Kleiven og Kristian Prestgard 1886–1932
Oppbevaringsstad: Opplandsarkivet
Viktig: Denne artikkelen kan kun endres av administratorer. Dersom endringer trengs, vennligst ta dette opp på artikkelens samtaleside eller med en administrator.

Kleiven 30 mars 1894.

Kjære Kristian!

Undrast ikkje paa, at du spør kvar [...] det vert av meg! – og denne gongen har du enda meir aarsak til aa spørja hinkaren etter desse, en den førre. For det er no minst 6 viker sia breve ditt kom. Kva som er tids? berre det, at eg heldt paa aa gaa den beinaste vegen i hundane med hud og haar og eg eig trast ikkje att somykje framferd og vilje, som det kan liggje paa ein knivsodd. Denne vintren er den tyngste og vondaste eg enno har livt og fleire slike held eg ikkje ut. Alt eg klorar aa grev, alt eg spikelerar og grublar, so kjem det likevæl berre nul og niks ut av alt samen – utfalle er ein rasandes, botnlaus, svart, ustyggjeleg stygg gjeld som stel fraa meg mod og magt, piner utur meg baade vilje og samvit so eg stend att som ein krakje, gjeiti har gnagji i ein norhell. Og so er tiderne heruppe slike, at det nyttar ikkje aa tenkje paa aa faa selt garden soleis, at det var meining skapt i det – nei det er ikkje anna forr, enn aa lata seg draga som ein ukse, stubb for stubb, til du naar fram paa staden der du antel skal verta slegjen, skoten eller hengd. Aa det er [...], som eg ikkje vilde unne min største fiend aa vera sett i!

– – – Etter ein framifraa mild men uroleg vinter, ser det ut til, at vi skal faa ein tidleg vaar. Idag, den 30 marts, har det vori 9º R. i skuggen og vegen og jori ligg berre, isen vert løynsk og blaabotut og umkring høgderne er det ølmus som sist i juli – kjem det berre ikkje noko bakslag, so er det lengje sia det teikna seg so grepa dette leite.

– – – Aa, det skulde vore grepa aa vore den karen, at ein kunde havt raad med aa offra seg for aa arbeidt millom ungdommen i bygdi her no! Desse ungdomslagi, ser du, som Bjørnson ifjor heldt eit foredrag um paa meierisalen i Gausdal, um du hugsar det – um aa samle seg i kvar bygd, byggje seg eigne hus for aa koma samen um ei moro med meir innhald i – jau trast slog tanken aat gamlen “an” og no held det paa aa verta ungdomslag over “det ganske land”. Berre her i bygdi har vi 3: eitt i Vaagemo eitt paa Lalm og eitt paa Sell og baade paa Sell og paa Lalm har dei sett seg som maal aa faa eigi hus. Ja, eg var no mestsom sjølskriven til formann i ungdomslage paa Lalm, kan du vita, enda eg bad for meg og kjennde som ein styng for bringa da dei valde meg, men det var ikkje bøn. Eg fekk da herredsstyre til aa gje os lov til aa ha vore sedvanlege møter i skulehuse 2 gonger i maanaen. Lage har alt innpaa 80 medlemer, annankvar laurdag samlast vi kl 8 um kvelden leik oss, les upp eit handskrivi blad “Lalmingen”[1], eller les upp eitkvart anna kvekt og morosamt; i eitt møte las eg upp stykkje ditt “Fraa Vestjylland”[2] (takk for 1ste hefte! fleire er hjarteleg vælkomne!) og det vart svært umtykt, den doktor Brummer var ein mann “efter vort hjerte”. Det er meiningi att eit lite utval av oss skal halde serskilte møter og øve inn 2 stemde sanger so vi kan faa noko sang aa leva paa attaat og eg skal vera – instruktør! Ja, fela, ser du, fær nok gjera det meste og so har vi ein, som kan bruke gitar, og, so det skal nok verta sang av, skulde du høyre, naar det lid fram til den 17 mai. Vi har det ret hugnalegt paa møterne og eg trur sikkert, at eg skulde gjera noko millom ungdomen her no, naar eg berre hadde raad med aa leggje arbeid paa saki og kunde vera so heil i hugen, at eg slapp aa tvinge meg til med alt eg skal “prestere” og likesom stela kvar stunn fra lagnaen. Uff, eg er ferug til aa rive av meg haare! – – –

Ute i “verdi” er eg sjølsagt ikkje med lenger, naar det staar soleis til, som du skjønar det gjer – der er nok du likso kjennd gjenom dei norskamerikanske avisurne. “Gudbrandsdølen” held paa aa trøngjer seg inn i kvar røykjandes hytte uppetter dalen; han har alt kome seg upp i 1200 og naar no eg ber til aa skrive følgjetonger fraa “Gamle dagar” um korleis rettsvæsene har utvikla seg fraa Magnus Lagabøter til jurylovi kom, um almenninger, um matrikulskyldi og den store “landkommissionen” fraa 1667 og derunder kjem med ein heil haug gamle rettsdokumenter fraa 1600 tale – ja da veit du, at “Dølen” fær 1200 tingare til. Og so fær eg trykt “avritsi” mine i “Dølens” trykkjeri for djeven rivingen sum! No fær du sjølsagt ta for fleip og alvor det, du sjøl finn forrgodt av desse, men naar eg kunde sjaa meg nokon skapandes utveg til aa hengje paa baatbarde ei tid, er det god von til eg gjorde ein akkort med Filseth umlag slik som nemnt. Filseth held fulla no paa aa verta med mynt, og so fær du altid ein stor slump sendande med eingong – i umskivtingi fraa “Framg.” til “Gudbrd.” var det Smalhans i hardaste lage og da han ein av siste dagarne i november kom til hovudstaden fraa Skien og hadde kjøpt og pakka ned trykkjerie etter “Posten” var han naken som naali for mynt. Eit nytt blad til har vi no halde eit kvartal alle gode maalmenner “Den 17 mai”. Blade kjem 3 gonger i vika med godt papir og fin trykk og gjer reikning paa aa ha 3000 tingare i næste kvartal. Gjilde krefter til aa skrive stø og grei politik og mange nyheiter. Tenkjer at “Den 17 m.” vil gjeva maalsaken ein skump framover som skal merkjast snøggar enn nokon enno trur. Det er elles underlegt kor maalhugen har vakse i seinare tid, eg la merkje til det i eit skulestyre og lærarmøte vi nyleg hadde paa Sell og som du seint um sia væl vil faa sjaa lite um i “Gudbrandsdølen”, for eg skreiv lite um det paa dansk! baketter. I det møte var det fleirtal imillom lærarne for “lannsmaalsutgaven” av Rolfsens læsebok og likeso for lannsmaals a. b. c, 9 for og 7 imot. I skulestyre staar vi antel 6 maalvener imot 8 dansker eller vi staar 7 mot 7, vi er ikkje so reint visse um kvar den eine staar. Som læsebok valde vi skrivtsproksutgaava, men det maale ho er skrive paa er metta med norsk for det fyrste og dinest har ho mange stykkjer paa lannsmaal, mjukt, leikande maal. Dette er no fyrste “trine” for smaaskulen – dei andre 3 har svært mykje lannsmaal og no, da lannsmaale er paabode aa skal lærast i skulen, er vi trast ogopaa. Ypperleg læsebok den Rolfsens!! Ja du bed um aa faa høyre um boknytt og! der treffte du det, sa mannen, bikkja beit ’n i trefoten – eg, som ikkje har raad med aa følgje etter baktropperne so nære innpaa, at eg ser atti den runde ryggen paa ettaste mannen!

Tvedt kom med eit par bøker i 93[3] som eg har stole meg til aa lese som snøggast, og fann no, at dei som alle dei seinare bøker aat Tvedt var glup kost. Ein heil haug nye lannsmaalsbøker som kom i slutten av aare og eit par som er kome iaar har eg enno ikkje sett for augom – ja den nye utgaava av Garborgs og Mortensens læsebok som kom paa Litlerés forlag ifjorhaust, er eg eigar av, tessmeir. Og tenk deg kor forundra eg vart, da eg fekk sjaa, at E. Storm, H. Bjerregaard og Ivar Kleiven er dei tri kultane, som har avgjeve prøvor paa Gudbrd.dalsmaal – berre Ivar Kleiven har eit prosastykkje Offsen i 1789 stole av “Fedraheimen” for 1882. Det var elles synd mot Aasmundstaden – du kan ikkje klaga um du enno ikkje fær vera med “gamelkultane”. “Fraa gamle dagar” stod det lite um i siste “17 mai” – skulde koma utpaa vaarparten; jaggu vert ho 15 ark! Eg har tenkt meg 10, eg; men det var altid ein drjug bolk eg senda etter med “bygdakonstnar” fraa “Klukkstaden” og “Langrustslegti” til “Veggjemsmaalaren” og fl. i dei siste tider. Sjølsagt, at med det sama ho kjem sendar eg deg eit “eksempel” kvar du so ferdast paa jordkula. – Seint paa kvell og augo vert stive, orkar ikkje meir og so fær du rette skrivfeil og meiningsløyso sjøl – skal sende deg nokre ord at somardagen. Gud velsigne deg: skriv eit lite stutt brev aat oss – ikkje literært [...] – for “Lalmingen” til den 17de mai! – Paa det gamle her i huse, skal helse fraa Paal Nygaard, fraa ’n mor og ’n Marit! Og so fær du leva væl – treffer du Hans so hels fraa oss!

Din

Ivar.

Fotnoter

  1. Framhald av Otdølen. Skiftet hang saman med endringa frå samtalelag til ungdomslag.
  2. Forteljing av Jacob Jacobsen. Prestgard omsette boka til norsk (riksmål) med tittelen Fra Livet i Vestjylland (1894).
  3. Etterrakster. Gamle og nye stubbar og Godmenne.