Kvernes stavkyrkje

Kvernes stavkyrkjeKvernes i Averøy kommuneNordmøre er ei einskibet stavkyrkje av møretypen med mellomstavar i ytterveggene og tverrgåande bjelkar. Karakteristisk for denna kyrkja og Rødven stavkyrkje er dei utvendige skordene. Den er den einaste gjenståande av 17 stavkyrkjar som ein gong fantes på Nordmøre.

Kvernes stavkyrkje sett frå sør.
Foto: Dag Bertelsen
Stavkyrkja under byggjinga av Kvernes kyrkje i 1890-åra.
Foto: Ole Olsen Ranheimsæter

Opprinnelig navn var Hverfness Kirkja nevnd ljå Aslak Bolt ca 1432. Ein trur at kyrkja kan ha vorte bygd sist på 1300-talet. Ny forskning kan syne at den er så ung som frå 1663. Eller den vart i alle høve omfattande ombygd blant anna med eit øvre lafta kor i 1663 og eit nedre kor bygd av det gamle kors’ staver. I 1776 vart kyrkja ombygd att, og i 1810 vart det påsett ein takryttar med klokketårn i midten.

Kyrkja var i 1814 valkyrkje for prestegjeldet.

Stavkyrkja står rett ved sidan av Kvernes kyrkje, som vart reist i 1890-åra. Medan Kornstad stavkyrkje på Averøya vart rive i 1871 då Kornstad kyrkje vart reist, valde ein på Kvernes å ta vare på stavkyrkja. Den vart restaurert i 1898.

Galleri

Kjelder og litteratur

Koordinater: 63.00547° N 7.72157° Ø