Lifjellvegen (Bø i Telemark)
Lifjellvegen i Bø i Midt-Telemark kommune går frå krysset med Folkestadvegen og Vatnarvegen til Jønnbu der han endar ved parkeringsplassen 756 moh. Han er om lag 4 kilometer lang
Vegen har namn etter Lifjell, og blei namnsett i 1991.
Lifjellvegen blei anlagt vidare frå Lifjell hotell (tidlegare Lifjell sanatorium) i fyrste halvdel av 1950-talet, og var ferdig hausten 1955. Da voks den gamle turiststaden på Jønnbu sterkt, m.a. med ei omfattande hytteutbygging. Skien-Telemark Turistforening opna Lifjellstua (Lifjellhytta) i 1959 og Jønnbu fjellkyrkje blei vigsla i 1969.
Kjelder
- Kartverket: norgeskart.no
- Bøsoga I, kultursoga ved Gunnar Lunde. Bø kommune 1972 s. 426.
- Formannskapets møteprotokoll 15. januar 1991, sak nr. 4.