Malmvegen 16 (Bykle)
Malmvegen 16 er ein bustadseigedom på Hovden i Bykle kommune. Dette huset i nedre Stussli vart oppsett i 1975 av familien Larsen:
Malmvegen 16 | |
---|---|
Utskilt: | 1979 |
Stad: | Hovden |
Sokn: | Bykle |
Fylke: | Agder |
Kommune: | Bykle |
Gnr.: | 2 |
Bnr: | 462 |
Type: | Bustadseigedom |
Bent Larsen, f 1948
- g m Wenche, f 1952. Born:
Bent Larsen er frå Herning i Danmark. Han er kokk, og arbeidde på Triangel Sportell i perioden 1972-79. I det sistnemnde året flutte han og familien or bygda. Han og Wenche er nå (2004) busette i Ullensvang. Huset sitt her selde dei til Bykle kommune.
Kven som var her i den nestfylgjande perioden, veit me ikkje, men me kjenner til dei som budde her frå hausten 1982:
Knut Mosand, f 1958
- sb (g 1993) m May Britt Fallet, f 1959. Born, sjå nedanfor:
Knut er frå Berkåk. Han var musikklærar og korpsdirigent på Hovden, og har halde fram i dei yrka etter at han og May Britt flutte til Rauland i 1984. Sidan fekk dei borna Mari, f 1988; Jørgen, f 1990 og Anne Siri, f 1992. May Britt er frå Folldal. Etter at dei flutte frå Hovden har ho teke lærarutdaning.
Då familien Mosand flutte åt Rauland, flutte familien Hinna inn her. Dei var her i to vintrar, inntil dei i 1986 kaupte eit anna hus i Stussli, og flutte dit. Me har plassert hovudomtalen av dei i bolken om den verestaden, Blesterkroken 1, bnr 351. Kven som budde her i åra som fylgde, har me ikkje fått greie på.
I 1989 selde kommunen huset til Astri Rysstad, som då flutte hit frå ein av bustadane på byggjefeltet i Bykle.
Astri Rysstad, f 1952
- g 1979-83 m Ragnar Frimann Nordgreen, f 1946, busett Lillehammer, jfr. Grønli, gnr 15, bnr 60. Born:
- Lars, f 1982, p t (2004) busett Oslo, under utdaning
Astri er frå Garatun Rysstad, gnr 68, bnr 29, og dotter åt Lars Jonsson Rysstad og kona Birgit Olsdotter, fødd Heggtveit. Ho har kulturadministrativ utdaning, og er kulturkonsulent i Bykle kommune sidan 1980. Ho representerer SV i fylkestinget.
Malmvegen 16 (Bykle) er basert på ein artikkel i Heimar og folk i Bykle av Aanund Olsnes, og lagt ut under lisensen cc-by-sa. Denne digitale utgåva av gards- og ættesoga for Bykle kommune er eit samarbeid mellom kommunen og Norsk lokalhistorisk institutt. Lokalhistoriewikis brukere kan fritt redigere og utvide artikkelen. Ein kan også melde frå på epost til byklesoga(krøllalfa)bykle.kommune.no. Sjå også: Forside • Føreord • Innleiiing • Litteratur og kjelder Førre bolk: Malmvegen 15-17 • Neste bolk: Malmvegen 18 |