Mandal kapell

Mandal kapell i grenda Manndal i Seljord kommune er ei lafta langkyrkje med 100 sitjeplassar, bygd i åra 1951–1954 og vigsla den 13. juni 1954. Kapellet har våpenhuset mot vest, rektangulært skip med takrytter midt på og rett avslutta kor. Inntil skipet på nordsida er det bygd ein møtesal. Kyrkjeklokka er laga ved Nauen klokkestøperi i Tønsberg.

Mandal kapell sett frå vest.
Foto: Roy Olsen (2024).
Kapellet sett frå aust.
Foto: Roy Olsen (2021).
Inngangsdøra med smijernsarbeid.
Foto: Roy Olsen (2024).

Kapellets adresse er Langlimvegen 415.

Bygginga av kapellet blei mogleggjort gjennom ei amerikaarv frå utvandraren Olav Bringa, eller Ole Bringen som han kalla seg. Han emigrerte til Amerika i 1883 og gjorde det godt der. Han gav 8000 dollar i gåve til bygging av ei kyrkje i heimbygda.

Det blei vedteke at kapellet skulle stå på Nordre Kvåle, og eigaren der, lærar Kjetil Kvaale, stilte tomt til rådvelde utan vederlag. Det blei òg bestemt at bygget skulle laftast. Arbeidet tok til i 1951 med stor dugnadsinnsats og entusiasme. Tømmeret blei hogge på dugnad i Molandskogen. Første dag møtte 22 mann opp med økser og motorsager! Tømmeret blei køyrt til Flatdal der kapellet blei lafta opp på ei blindtomt etter teikningar av arkitekt Wilhelm Swensen. Arbeidet blei utført av Kristian Haugstoga, Tor Flatin og Bjarne Njørklund. I mellomtida gjekk arbeidet med kyrkjetomta for fullt.

Det viste seg snart at pengane ikkje ville strekkje til, og byggjenemnda måtte vende seg til private velgjerarar, og lukkast med det.

Grunnsteinen til kapellet blei lagt ned 12. mars 1953. På blindtomta i Flatdal blei tømra teke ned, og stokkane frakta til kapelltomta i Mandal der bygget blei sett opp att. I tida fram mot innviinga var rundt 30 personar i arbeid, nokre ute og andre inne.

Ein del bidragsytarar til bygningsdetaljar og inventar

Ein dag var dei fire kjende kunstmålarane Henrik Sørensen, Harald Kihle, Willi Midelfart og Kai Fjell samla i kapellet for å drøfte fargesetjinga på interiøret. Dei tok på seg vederlagsfritt å måla kvart sitt felt på preikestolen, laga av Kjetil Høydal og Torvald Høydal frå Mandal. Sørensen måla Johannes, Kihle måla Lukas, Midelfart måla Markus og Fjell måla Matteus.

Grafiker og kyrkjekunstnar Terje Grøstad komponerte og måla altartavla som har tre felt. Det midtre viser Den oppstadne Kristus. Sidefelta viser Den gode hyrdingen og Krossfestinga. Han teikna og dekorerte også døypefonten med bibelske symbol og hendingar. Den blei laga av Hans Kyrkjerud.

Skipsreiarane Dag og Fredrik Klavenes gav mykje til kapellet, mellom anna kyrkjeklokka, orgelet, tre ljosekroner, nattverdkalk med 12 staup, ljosestakar til altaret, messehakel, antependium og maleri. Dei kosta også alle benkane og stolane, to kyrkjedører med smijernsbeslag og alt arbeidet med altartavla.

Kunsthandlar Kåre Berntsen gav døypefat, dåpskanne, eit stort krusifiks og to antikke stolpar som fekk plass på kvar side av kordøra.

Pastor Vetle O. Aakre gav det store gylne korset på altarbordet.

Mandal husmorlag gav kyrkjespiret av smijern, laga av Johannes Fykerud og Halvor Haugen.

Olav L. og Eivind L. Kvaale kosta altarbordet og altarringen, utført av Erling Skjerve.

Sigrid Mohn har vove teppet i altarringen og Svanaug Høydal teppet som skiljer kyrkjeskipet og den vesle møtesalen. Anne Vågslid Moland vov golvteppet i midtgangen.

Kjetil Høydal laga båe kyrkjedørene som fekk smijernsbeslag laga av smedane Rolv og Kjetil Kilen og Halvor Haugen.

Vigslinga av kapellet

Heilt frå morgonen av rulla bilar og bussar inn i bygda, til saman kom det 123 køyretøy, og opp mot 1000 menneske samla seg i og kring kapellet. Det var ordna med mikrofon og høgtalar, så dei som ikkje fekk plass inne kunne følgje messa frå utsida.

Det var biskop Johannes Smidt (1887–1973) som sto for vigslinga av kapellet. Under vigslingsgudstenesta hadde han med seg desse seks prestane til å assistere: Prost Hognestad frå Tinn, sokneprestane Hagesæther, Rjukan, Olav Bjørgum, Kviteseid, Aasulf Austad, Hjartal, John Heltne, Notodden og Simon Dahlen, Seljord. Ved orglet sat Margit Lien, Olav Espelid var klokkar og Eivind Haugen var ringjar, alle frå Flatdal.

Høgtida starta med presteprosesjon frå Nordre Kvaale til kapellet. Dei bar bøkene og dei heilage kara som skulle vigslast til kyrkjebruk.

Brevet Olav Bringas sendte til sokneprest Simon Dalen i Seljord

Jeg er vokset op i Mandal i Seljord Præstegjeld. I 1883 utvandrede jeg som 17-aaring til Amerika, og har ofte tenkt på min Hjembygd, hvor det er saa lang og tung Vei til Kirke. I disse 67 aar har Gud velsignet mig saa rigt, at jeg gjerne vil give 8000 Dollars til rejsning af et Kirkehus i min barndoms Bygd. Jeg giver denne Gave i Taknemlighet mot Far og Mor som lærte mig min Frelser at kjende. Ærbødigst Ole Bringen
– frå filmen «Arven» (Videoarkivet)

Kilder


Koordinater: 59.57428° N 8.43929° Ø