Margrethe Relling (1914–2015)
Margrethe Relling (fødd 22. november 1914 i Sykkylven, død 2015) var oversjukepleiar, busett i Sykkylven på Sunnmøre.
Ho utdanna seg til røntgensjukepleiar ved Ullevål sykehus i Oslo. Frå 1949 til 1983, då ho gjekk av med pensjon, var Relling oversjukepleiar ved røntgenavdelinga på sjukehuset i Ålesund.
Som pensjonist arbeidde ho i fleire år som sjukepleiar på helsereiser til ymse stader i «Syden». Relling var Rebekka-syster i Odd Fellow Ordenen i 62 år.
Ho døydde i 2015, 100 år gamal.
Kjelder og litteratur
- Aftenposten, 22. november 2014: 100 år.
- Sunnmørsposten, onsdag 29. juli 2015: gravferd. Digital versjon på Nettbiblioteket.
På Lokalhistoriewiki skriver vi artikler om hundreåringer. Vi oppfordrer historielag og enkeltpersoner til å bli med på denne dugnaden. Vi ønsker både bilder og tekst om personene. Flere artikler og bilder finner du i denne alfabetiske oversikten. |