Myravegen (Bø i Telemark)
Myravegen i Bø i Midt-Telemark kommune går i boge frå Hegnunvegen ved krysset med Folkestadvegen til same veg lengre øst. Han er om lag 700 meter lang og går i skog og jordbrukslandskap.
Vegen har namn etter garden Myra på Myramoen og blei namnsett i 1996. Ni einebustader har adresse til vegen og garden Myra (gnr. 9/72) er nr. 22.
Kjelder
- Kartverket: norgeskart.no