Hegnunvegen

Fra lokalhistoriewiki.no
Hopp til navigering Hopp til søk
Parti frå Hegnunvegen med uthuset til plassen Hegnun til venstre.
Foto: Roy Olsen (2017).

Hegnunvegen i i Midt-Telemark kommune går sørvestover frå Folkestadvegen til Valenvegen. Han er om lag 2,6 kilometer lang og passerer gjennom det store Hellestad sandtak, men går for det meste i skogsterreng.

Vegen har namn etter husmannsplassen Hegnun under Valen. Fram til 1991 het vegen Djupegropvegen, da blei namnet endra til Hegnunvegen.

Det budde folk i Hegnun fram til 1984, da huset brann ned. I dag står berre eit uthus att. Plassen låg oppi bakkane, snaut 200 meter nordvest for husestaden på Hvalen.

Kjelder

  • Kartverket: Norgeskart
  • Bøsoga, Gards- og ættesoga band IV ved Stian Henneseid, s. 121.
  • Teknisk utval, sak 161/90.
  • Formannskapets møteprotokoll 15. januar 1991, sak nr. 4.


Koordinater: 59.44049° N 9.07530° Ø