Smelteverksporten (Odda)

Porten inn til smelteverket i Odda var lukka for folk flest så lenge det var produksjon på verket. Her måtte alle arbeidarane passera og «stempla inn» før dei gjekk inn på fabrikken. Og her strøymde dei ut att når arbeidstida var over. Det var folk på arbeid både natt og dag og folk og bilar passerte ut og inn.

Smelteverksporten markerte kontaktpunktet mellom byen og verket, mellom arbeidet og fritida.
Foto: Dag Endre Opedal (2009).

Pulsen i Odda sentrum blei ikkje den same etter at Odda Smelteverk AS stoppa for godt tidleg i mars 2003.

Bygningane

Utan smelteverket, ingen by. I alle fall ingen småby som utvikla seg raskt frå 1906 og framover. Og bergensarkitekten Sigurd Lunde er representert her.

Smelteverksporten består no av to kontorbygg, eit portvaktbygg og sjølve porten. Dei to markerte kontorbygga «Hovedkontoret» og «Tegnekontoret» blei bygde ved oppstarten av fabrikkanlegget hausten 1906. Det første portvaktbygget var i same stil, men blei rive på 1960-talet

I mange år var det bustadar i 2. etasje. På grunn av bustadmangel har familiar også budd på loftet i «tegnekontoret» i periodar. I kjellarane er det hvelv for oppbevaring av arkivsaker.

Arkitektonisk stil

Kontorbygningane er i jugendstil. Legg merke til vindaugene mellom anna. Og står du på nært hald, ser du dekorasjon som er skoren inn på ein del av vindaugslistene. Vindaugene er etterlikningar av dei opprinnelege. Formen på taket kallast broten mansard; først går det svært bratt opp og så har det meir «normal» takvinkel. På den måten blir det stor bruksflate i 2. etasje sjølv om det ikkje er eit to-etasjes bygg. Då bygget var nytt hadde taket pannestein, seinare har det fått lappskifer. Aller først var bygningane og listene heilt lyse. Seinare har dei hatt ulike fargar, delvis med kontrastfargar.

Dei karakteristiske bygningane er teikna av bergensarkitekten Sigurd Lunde som og er kjend for å ha teikna mange jugendbygg i Ålesund og kjende villabygg i Bergen. Industrien var ein markert byggherre i Odda og engasjerte dei mest kjende arkitektane; Jens Zetlitz Kielland som hadde teikna Gamlehaugen for Christian MichelsenHop utanfor Bergen, teikna i 1906 direktør Peterssons villa (seinare kalla Brucevillaen) for Oddafabrikkane.

Portbygg, portalbygg og portvaktbygg

Etter konkursen har bygningane ofte blitt omtala som portbygg sør og nord, eller portalbygningane.

Portvaktbygget og sjølve porten ligg bakanfor. Portvaktbygget som står no, blei bygd i 1965 og utvida i 1972. Det er teikna av Arkitektane Sekse og Mannsåker, Odda.

Kjelder og litteratur

Denne artikkelen trenger kjelder.