Steintjønnvegen

Steintjønnvegen i i Midt-Telemark kommune går i båge nord og austover frå Folkestadvegen ved Harpetjønn og ender blindt 70 meter etter krysset med Margretes veg. Han er 732 meter lang, har gang- og sykkelveg på sida og er hovudvegen inn til bustadfelta Folkestad A og E.

Steintjønnvegen sett fra Folkestadvegen.
Foto: Roy Olsen (2017).

Vegen har namn etter Steintjønn som ligg like ved, og blei namnsett i 1981.

Det er berre eit hus med adresse til vegen – nr. 2, men det ligg eit stykke unna, inne på området til Telemark sommarland.

Kjelder


Koordinater: 59.44442° N 9.08294° Ø