Stolmastova (Austevoll)

Stolmastova er ei 500 år gammal lafta tømmerstove som står på Sunnhordland MuseumStord. Stova er bygd på øya Stolmen i Austevoll av tømmer som er vakse på øya, og ho utgjorde eitt av husa i middelaldertunet som har namnet Vågatunet.  I 1923 vart stova flytt til museet på Stord, og i 1928 sett opp som den første bygningen ved museet på området som vert kalla Sunnhordlandstunet.  Stova har fått namnet Ein fiskarheim frå 1700-talet, og er ein av dei 50 antikvariske bygningane museet forvaltar i 2024.

Stolmastova slik ho står på Sunnhordland Museum. Bygningen er ei tømra stove der inngangen går gjennom ei sval til høgre.
Foto: Nils Steinar Våge, 2023.

Lasse i Våge bygde stova

Stolmastova skal vera bygd på 1500-talet av fiskarbonden Lasse Vaage på garden Nedre Våge. Stova vart kalla Storastovo fordi ho var det største huset på søre delen av øya. Lasse er nemnd i skattemanntal frå 1610 til 1628. [1] Lasse er oppført i kjeldene som Lasse Nedre Vaage eller Lasse i Våge, og der står han som leiglending, øydegardsmann og odelsbonde. At Lasse var øydegardsmann, viser at han var ein av dei som gjenrydda garden Våge fordi dei som budde der i middelalderen, døydde under Svartedauden 1349-1350 og i epidemiane i hundreåret etter. Leiglending fortel at han leigde jord av andre, og på Stolmen var jorda vesentleg krongods.

I ei av dei mange segnene som knyter seg til stova, heiter det at Lasse felte tømmeret eit par-tre hundre meter nedanfor staden der ho vart bygd. Tømmerstokkane var opptil 50 cm i diameter. Segna fortel at Lasse og den sterke dottera bar tømmeret gjennom det kuperte terrenget og opp den bratte bakken til byggeplassen. Dottera bar rotenden og faren den noko lettare toppenden av furustokkane. [2]

 
Vågatunet sett frå nord omkring 1890. Stolmastova det tredje huset i midtrekka sørfrå.
Foto: Ukjent fotograf

Lensmann Knud Skouge si innberetning

Lensmannen i dåverande Sund og Austevoll kommune, Knud Skouge, vart i 1866 send til Stolmen av amtmannen (statsforvaltaren) i Søndre Bergenhus Amt (Hordaland fylke) for å måla opp og innhenta opplysningar om det omkring 300 gamle huset. I innberetninga til amtmannen nemner Skouge to andre bygningar, ei sengebu og eit eldhus. [3]

Knud Skouge skriv at stova er «det ældste forsaavidt mig bekjendte her i Thinglaget værende Vaaningshus». [4] Han understrekar at veggane har eit særskilt tjukt tømmer på ¾ alen (47 cm), og at det hadde vakse på øya. Skouge oppgjev følgjande mål på det lafta huset: Lengde 8 alner og breidde 9 alner. (1 alen = 0,63 m). Sjølve stova var i underkant av 30 kvadratmeter innvendig. På to av sidene var det svaler i vanleg reisverk, såkalla stavverk, og dei var til saman omkring 20 kvadratmeter. [5] Skouge skriv òg at større samkomer og tingmøte vart haldne her.

Skouge skriv vidare «at der ved den yderste Havkyst beliggende, nu for Træer aldeles blottede Egn betydelig Skov bevises ved de mange store Rødder, som paa mange steder findes i Marken.». I eit lite dalsøkk, Røyrastykket, der Lasse sannsynlegvis felte tømmeret, fann ein i ettertid svært store røter i samband med jordrydding og torvtaking. [6] Det er reist tvil om at skog med slik dimensjon fanst på Stolmen, men uvanleg store røter på heile øya støttar teorien om at huset er bygd av tømmer som har vakse her. Dette fortel at ein trong ikkje reisa inn i fjordane for å finna tømmerdimensjonar av denne storleik.  

Det vart gjort store inngrep i skogen på Stolmen frå 1500-talet og framover til midt på 1800-talet. Skuter frå Nederland, Skotland og England kom til Stolmavågen for å kjøpa hummar, laks og annan fisk av Bergens-borgarar som dreiv handel her. I hummar- og fiskelaster frå Stolmen heldt særleg hollendarane av plass til tømmerstokkar, og av den grunn vart skogen på øya gradvis uthogd. Kystskogen forsvann då større hollandske skuter henta tømmer i dei ytre kyststroka langs heile kysten fram til 1800-talet.

Bygd som årestove

Storastovo var opphaveleg ei årestove, dvs. at ho hadde ei open grue, ein åre, midt på golvet. Åren var murt av stein, og stod vanlegvis rett under ljoren som var ei opning i taket rett over grua. Røyken frå åren seiv ut gjennom ljoren. Ei treramme vart lagt over ljoren, og over ramma vart det strekt ein kumagesekk eller ei griseblære. Den utspente magesekken/blæra vart gjennomskinleg og gav lys i stova som var utan vindauge. Til ljoreramma var det festa ei to-tre meter lang stong som ein opna og let att ljoren med. Ei anna lyskjelde i stova var tranlampa kole. Langs veggane var det vanligvis benkar.

 
Litt av stova. Tømmerstokkane i veggane måler i underkant av 50 cm i diameter, og tømmeret har vakse på Stolmen. Ikkje noko av inventaret er frå Stolmen.
Foto: Christian Våge, 2023.

Røykomnstove på 1700-talet

Røykomnen vart murt i eitt av hjørna, og hus med slike eldstader vart kalla røykomnstover. Merke i tømmeret etter varme viser at denne eldstaden har stått på tre stader i stova. Røykomnen var ein peis utan skorstein, og røyken gjekk som før ut i stova og gjennom ljoren. Omnen var i bruk til 1830-åra då det vart sett inn jernovn og bygd pipe og skorstein. Museet murte opp ein rekonstruert røykomn ved inngangsdøra i 2001.

Svaler

Stova hadde to svaler bygde av stavverk. Den eine vart kalla utedøra fordi ein gjekk inn/ut av sjølve stova herifrå. Vassbøtter, kjerald av ulikt slag og tønner med salta sild og annan fisk vart plasserte her. I tillegg hadde svala plass for klede som dei brukte til dagleg, særleg når kleda var våte. Den andre svala vart kalla skut, og var lager for torv, lyng og annan brensel. [7]

 
Sunnhordland Museum murte i 2001 ny røykomn i stova. Den tjukke steinhella oppå fekk god lunk når det var fyr i peisen, og dette var god tørkeplass. Sjuke lam, ungar og giktbrotne gamlingar vart og lagde der for å bli friske eller betre.
Foto: Nils Steinar Våge, 2013.

Busette i stova frå 1600-talet og framover

I stova budde det periodevis mange menneske. Historia om at det gjekk tre vogger her samtidig, kan tyda på at det budde tre familiar på desse 30 kvadratmetrane. På Nedre Vaage var det tre brukarar midt på 1600-talet, men om fleire hushaldningar budde i Storastovo ein periode, seier kjeldene ikkje noko om.

Då utskiftinga tok til etter 1860, vart teigane samla til seks bruk, og på dei fleste bruka vart det bygd nye våningshus. I to av husa er stovene som stod i tunet på 1600-talet, bevart, men er godt gøymde bak plater eller anna treverk. Når stovene vart lafta ned og bygde opp att på det nye bruket, vart det bygd på ei stove, og mellom stovnene gang og kjøkken.

Folketeljingane frå 1865 til 1910 viser at plassen i Stolmastova var betre enn tidlegare. Grunnen var mellom anna jordutskiftinga. Dei fire folketeljingane viser at det budde mellom 6 og 10 menneske i huset.

Stova på andre hender

Handelsborgarane og tenestemennene deira som kom frå Bergen til Stolmavågen for å driva hummar-, laks- og sildehandel med utlendingane og fiskarbøndene, måtte ha ein plass å bu. Desse karane kravde nok å bu ordentleg, og difor tileigna dei seg Storastovo. Der budde dei i periodane handelen med utlendingane gjekk føre seg. I kjeldene er bykarane oppførte som eigarar frå 1668 og i over 50 år framover [8] Deretter tilhøyrde stova igjen fiskarbønder på Våge til ho vart fråflytta i 1916. [9] Det må understrekast at fiskarbøndene på øya ikkje hadde lov til å driva handel, og i kjeldene finn ein difor at fleire er oppførte som «fattig fisker» eller «er ganske forarmet» [10] All handel måtte gå gjennom Bergens-borgarane fram til nye handelslover kom frå 1840-åra og framover. Tuskhandel og varebyte gjekk nok føre seg mellom hollendarane og stolmarane.

Vedlikehald og endringar på 1800-talet

Eigaren Ole Hansen Nedre Vaage (1788-1834) la nye taksperrer på stova i 1818, og i 1851 skifta sonen Hans (1821-1903) tretaket der han la ny bjørkenever med grastorv oppå. I tillegg vart golvet rive opp, og der fann han restar etter sju golv. Det eine hadde 15 x 1 ½ toms eikeplankar med naglehol i, og dette var skipsplankar. I ei segn som knyter seg til stova, heiter det at desse plankane var restar etter Den spanske armada som vart knust i ein storm ved kysten av Skotland i slutten av 1500-talet. Dekksplankar frå dei spanske krigsskipa vart funne att som rak på Stolmen, og i Storastovo vart dei brukte som golv. Under dei sju golva var det eit hardtrampa jordgolv, og på dette golvet fann Hans den gamle åren urørt. Åren var i bruk til stova fekk røykomn på 1700-talet. [11]

I 1851 sette Hans Olsen inn vindauge på den eine langveggen, og dette vart bytt ut i 1855 med ein større karm med 12 små glasruter i blyrammer. I ljoren vart det òg sett inn vindauge for at det skulle bli så mykje arbeidslys som muleg i stova. [12]

I innberetninga skriv Skouge at det hadde vore moldbenkar langs to av veggane, og dei var kledde med treverk. Hans Olsen tok jorda bort i 1851, og nye benkar vart laga av treverk. Jorda isolerte godt for trekk, men trekken kom nok ikkje inn etter at Hans Olsen tetta små og store hol i grunnmuren som var laga av naturstein. Stolar var det ikkje i huset, men fleire krakkar, for dei tok mindre plass.

Sovebua

Lensmann Skouge skriv om ei tømra sengebu som står like ved stova, men det er usikkert når bua vart bygd. Her var det ikkje eldstad. Inngangen gjekk gjennom ei sval som var bygd av reisverk. Bua hadde lem og kjellar, var 6 alner lang, 6 ½ alner brei, dvs. litt over 15 kvadratmeter, og berre 3 alner høg under lemmen. Kjellaren var 10 kvadratmeter og berre vel 1,60 meter frå golv til tak. Sovebua hadde to senger som stod saman med kister for seng- og gangklede, og her var det utan tvil kaldt å krypa til køys på vinterstid for dei eldste barna som vanlegvis sov i bua. Hadde bonden tenarar, budde dei i sovebua. I kjellaren vart det oppbevart poteter, kjøt, salta sild og annan fisk sidan temperaturen der var høveleg for slike matvarer. På lemen vart det oppbevart lefser, mjøl og korn, og på lemssvala fiskereiskapar som fiskarbonden skulle reparera. I tillegg til svalene på stova vart bua altså brukt som lagringsplass.

Eldhus, flor og løe

Like ved bustadhuset stod eit eldhus på 7 x 7 alner, dvs. 20 kvadratmeter, og det hadde 3 alner høge murveggar. Skouge nemner ikkje noko anna om eldhuset, og han skriv ikkje om løa, floren og smalehuset. Det er usikkert når eldhuset vart bygd. I dei ytre kyststroka var det vanleg med ein tømra flor inne i ei stavbygd løe. Eksempel på dette er tre løer med flor som vart flytta frå Vågatunet i samband med jordutskiftinga, og dei står framleis på Våge. Eldhuset, løa og florslemen var og ein tilhaldsstad når det vart for trongt i stova.

Om eldhusa i Møkster soknekommune skriv Skouge at der «tørres Korn, bages Fladbrød, vaskes Klæder, kokes Bark til Not og Garn, brændes Tran osv.» Tranen vart brukt i kola (tranlampa) som var lyskjelde i stova og i andre bygningar. Bakstehella var nok den mest brukte av dei faste hjelpemidlane. Huset var plassert i brannfri avstand frå dei andre bygningane i tunet. På bildet av tunet står eldhuset til venstre for husrekkja.

I stova gjekk det meste føre seg

 
Skissa byggjer på ein utydeleg kopi av ei teikning som Knud Skouge laga i 1866. 1. Sval som vart kalla skut. 2. Sval som vart kalla utedør fordi ein gjekk inn og ut av stova herifrå. 3. og 4. er senger. 5. Matskap. 6. Kokeovn. 7. Veggbenk. 8. Langbord. 9. Trebenk som vart kalla forsete. 10. Høgsetebenk. 11. Vindauge (Er ikkje med i Skouges teikning).
Foto: Nils Steinar Våge, 2024.

Frå Storastovo stod ferdig på 1500-talet, var ho i bruk både som arbeidsplass og tilhaldsstad på omlag same måte som då lensmann Skouge gjorde oppmålingar og samla inn opplysningar. I vinterhalvåret var ho arbeidsrom, kjøken, sove- og eterom og tilhaldsstad for heile familien. Skouge fortel at ved det om lag fire meter lange bordet sat karane med bitting og bøting av garn og nøter, og der laga dei andre slag fiskereiskapar. Dei som arbeidde med skinnklede, treskostøvlar og tresko, sat gjerne mellom senga og bordsenden. Andre sat ved røykomnen med arbeidet sitt. Og når mennene hadde skaffa seg hamp, sette dei seg bak rokkane og spann tråd til snøre, garn og nøter.

Kvinnene og døtrene deira karda og spann, vov, spøta og laga klede til alle i familien. Vevstolen var ifølgje Skouge trengt inn mellom bordet og senga på høgsetesida. Dei laga maten over elden i grua, seinare i røykomnen og frå 1830-åra på kokeomnen. Dessutan måtte dei sørgja for at brensel og vatn kom på plass, og ikkje minst passa på at det fanst mat til alle måltid. I tillegg stelte dei barn, sjuke og gamle. Her fødde kvinnene barn, og her døydde folk som kvinnene vanlegvis stelte som sjuke og måtte førebu for gravferda.

Kvinnene hadde ansvaret for dyra i smalehuset og floren og når dyra var på beite. Og når mennene og dei konfirmerte sønene var på fiske, eller dei førebudde fiskeria, fall ansvaret for utearbeidet på kvinnene om våren, i slåtten og i arbeidet med kornet og potetopptakinga om hausten.

I tillegg hadde kvinnene ansvaret for dyra når dei var på sommarbeite. Bruka hadde uteflor i utmarka, og der fylte kvinnene stølsbytta med mjølk kvar morgon og kveld. Mennene deltok i gardsarbeidet når dei var heime, og desse periodane var av ulik lengde. Særleg bar karane bører med lyng og brakje til gards frå utmarka. Elles var barna og dei eldre arbeidskrafta på bruket i tillegg til kvinnene. Difor er det ikkje oppsiktsvekkjande at ein kalla fiskarbonden ein mann som dreiv fiske og ei kvinne som dreiv garden. Fiskarbonden var altså eit par: Ein fiskar i bukse og ein bonde i stakk. Kvinnene har òg blitt kalla «kystens bønder». [13]

 
Ei slik tranlampe vart kalla ei kole. Denne tilhøyrde nabohuset som stod vegg i vegg med Stolmastova frå 1600-talet. Oppi kola hadde ein lyse som var framstilt av kokt fiskelever.I kyststroka var veiken vanlegvis laga av hamp.
Foto: Nils Steinar Våge, 2024.

Kritikk mot kystkvinnene

Sidan så mange gjeremål gjekk føre seg i stova, var det vanskeleg for husmora å halda både stoverommet og anna som trong reinhald nokolunde reint, og særleg vart kvinnene i dei ytre kyststroka kritiserte for å vera ureinslege. I Medisinalberetningane, som vart publiserte frå 1828, skriv legane i Sund og Austevoll kommune nedsetjande om kvinnenes manglande reingjering av både husrom, klede og folk. [14] Frå midten av århundret undersøkte sosiologen og teologen Eilert Sundt reinhaldet i nokre hushald på Strilelandet, og særleg kritiserte han dei ytre kyststroka. Seinare vart Sundt kvinnene sin forsvarar.

Kommunelegane og sosiologen hadde mykje rett i kritikken, men omtalen av kystkvinnene ber preg av at grunnlaget for undersøkingane deira ikkje var grundig nok. Dei kjende tydelegvis ikkje godt nok til kystkvinnene sitt mangesidige og omfattande arbeid, og den kampen dei dreiv for levebrødet i kystsamfunna.

Flytting til Stord

I 1916 vart stova fråflytt, truleg fordi det var uråd å bu i dette gamle huset. Sunnhordland Museum, den gong Sunnhordland Folkemuseum og Sogelag, fekk tilbod om å kjøpa stova, og i 1923 sende sogelaget ein representant til Stolmen for å undersøkja om dette var eit høveleg kjøp. Utsendingen kom tilbake med positive meldingar, og stova vart lafta ned og frakta til Leirvik på Stord. I 1928 stod huset ferdig med nokre få endringar for å tilpassa det til det planlagde museumstunet. Prisen på huset og frakta til Leirvik kom på 500 kroner, og det kosta 1140 kroner å setja det opp. Dermed var Stolmastova det første huset som vart sett opp i Sunnhordlandstunet som i 2024 forvaltar 50 antikvariske bygningar. Museet har ikkje teke prøver av tømmeret for å få fram nokolunde alder på stova.

Det einaste som følgde med stova til Stord, var eit fiskegarn, ei notnål, forsyn (tynt snøre som bind angelen til fiskesnøret eller lina) og ei strilebrok, men desse er ikkje stilte ut der. Dessutan vart det for omkring 20 år sidan gitt ein huspostill datert 1595 som gåve frå ein husstand på Våge til museet, og den har museet lova å plassera i glasmonter i Stolmastova. Inventaret er frå fleire kommunar i Hordaland, og er yngre enn denne bygningen frå 1500-talet, eller som det er påstått: hundre år eldre. Innreiinga og inventaret kan difor vera grunnen til at museet har gitt stova namnet Ein fiskarheim frå 1700-talet.


Noter

  1. Tufteland 1979, s. 260 og s. 277.
  2. Tufteland 1965, s. 55, Segna «Stolmastova (Austevoll)» i samlinga Segner på Vestlandet, https://segner.no/?kid=10.
  3. Skouge 1866 s. 2.
  4. Skouge 1866, s. 1.
  5. Skouge 1866 s. 2
  6. Tufteland 1965, s. 55.
  7. Skouge 1866, s.1
  8. Tufteland 1979, s. 260
  9. Tufteland, Johan: «Kristian Vaage frå Stolmen.» I Bergens Tidende, 1966.
  10. Skattematrikkelen 1647. Hordaland. Utgåve 1995, s. 134, Tufteland 1976.
  11. Tufteland 1965 s. 55
  12. Skouge 1866 s. 2.
  13. Brit Berggren: «Kystens kvinner – kystens bønder». I Norges kulturhistorie. Brytningsår-blomstringstid. Bind 5, s. 77-92. Oslo 1984.
  14. Medicinalberetningar for Midt-Hordaland 1835-1865. Digitalarkivet.

Kjelder og litteratur

  • Brekke, Nils Georg: «Hus og byggeskikk i nyare tid». I Hartvedt, Gunnar Hagen: Bygd og by i Norge: Hordaland og Bergen. Oslo 1976. Digital versjonNettbiblioteket.
  • Folketeljingane 1801, 1865, 1875, 1900, 1910.
  • Gjone, Erling: «Et forslag til typehus for Bergenhus-amtene i 1865». I I Gjonelag med byggeskikken. Oslo 1978. Digital versjonNettbiblioteket.
  • Lærum, Ole Didrik og Nils Georg Brekke: Røykstova – bustad gjennom tusen år – Oslo 1990. Digital versjonNettbiblioteket.
  • Medicinalberetninger for Midt-Hordaland 1835-1865. Digitalarkivet.
  • Moe, Tore Lande: «Bygge- og buskikk i Sunnhordland». I Sunnhordland Årbok 2012.
  • Skouge, Knud: Byggeskikken i Møgster Sogn. Innberetning til amtmannen i Søndre Bergenhus Amt 22. juni 1866.
  • Sydnes, Kristoffer: «Sunnhordland Folkemuseum og Sogelag. Ei utgreiding med vegvisar». Særprent av tidsskriftet Sunnhordland 1951.  
  • Tufteland, Johan, Jørgen Solbakken, Salomon Fagerbakke: Austevollsoga. Kultursoge I. Austevoll 1986. Digital versjonNettbiblioteket
  • Tufteland, Johan (red.): Austevoll gard og ætt I. Møkster sokn. Gard og ætt I. Austevoll 1978. Digital versjonNettbiblioteket.
  • Tufteland, Johan 1965: «Soga og segner knytt til Stolmastova». I Sunnhordland Årbok Band 46, 1965.