Tøger Larsson Kilen

Tøger Larsson Kilen (fødd 2. oktober 1834 i Jostedalen, død 2. september 1936 i Luster) var husmann i Jostedalen og Luster. Han var frå husmannsplassen Horpen under Nedre Fåberg i Jostedalen.

Den 15. oktober 1863 gifte han seg med Gjertrud Olsdotter (1837-1865).[1] Ho var dotter av husmann Ole Rasmusson Bergset og Johanna Tøgersdotter, som hadde plassen Brænna under Bergset.Tøger og Gjertrud levde truleg ei tid som innerstar på Grov, og dei fekk eitt born:

  • Lars Tøgerson (1863-1868)[2]

Gjertrud døydde 28. september 1865 på Grov eller Bergset.[3] Kyrkjeboka seier at ho døydde "Nogle Dage efter Barselsengen", men det er ikkje spor etter noko born, så det har vel neppe vorte forløyst. Enkemannen Tøger og sonen Lars budde etter dødsfallet på Bergset i lag med foreldra til Gjertrud og dottera deira Kari Olsdotter.[4]

Den 4. juli 1867 gifte så Tøger seg med Kari Olsdotter (1843-1892),[5] altså systera til den tidlegare kona. Ein månad etter (4. august) fekk dei sonen Ole Tøgerson.[6]

I 1867 gjekk Tøger og Kari i gang med å rydde seg ein plass, Tøgeplassen, under Li i Mjølverdalen. Men alt 6. februar 1868 vart plassen teken av snøskred, og dei to smågutane Lars (4 år) og Ole (7 mnd) omkom.[7] Etter ein munnleg tradisjon vart dei to smågutane drepne då pipa datt ned over dei.[8] Ein av fadrane for guten Ole hadde vore Peder Johnson Grov, som i 1849 hadde opplevd av eitt av bruka han åtte, Bakkane i Krundalen vart heilt øydelagd av snøskred.

Den 1. desember same året fekk dei så ein ny gut, som vart døypt Lars.[9] Etter ulukka fekk Tøger og Kari hand om husmannsplassen Kråi i Vigdalen der dei budde til 1874.[10]

I 1874 flytte dei så til husmannsplassen Heimen under Kilen i Luster, og her vart dei buande levetida ut. Kari døydde i barsel 18. mai 1892, mest 49 år gamal, då ho fekk sitt 12. born. Tøger vart mest 102 år gamal og fekk kår frå kring 1904 då sonen Sjur tok over plassen.[11]

Tøger og Kari fekk 12 born i lag, og 10 voks opp:

  • Ole Tøgerson (1867-1868)
  • Lars Tøgerson Kilen (1868-1946)
  • Johannes Tøgerson Vigdal (1871-1907)
  • Gjertrud Tøgersdotter Kilen (1873-1894)
  • Ole Tøgerson Kilen (1874-1899)
  • Elias Tøgerson Kilen (1877-1964) - utvandra til Amerika
  • Sjur Tøgerson Kilen (1879-1945) - tok over Heimen etter faren
  • Andreas Tøgerson Kilen (1882-1969) - utvandra til Amerika
  • Tøger Tøgerson Kilen (1884-1953)
  • Christian Tøgerson Kilen (1888-1962) - utvandra til Amerika
  • Guri Tøgersdotter Kilen (1890-1891)
  • Christopher Tøgerson Kilen (1892-1982) - utvandra til Amerika

Notar

  1. Øyane 1994, s. 913, Kyrkjebok for presten i Jostedalen (1849-1877), s. 130 (Digitalarkivet)
  2. Kyrkjebok for presten i Jostedalen (1849-1877), s. 39 (Digitalarkivet)
  3. Kyrkjebok for presten i Jostedalen (1849-1877), s. 145 (Digitalarkivet)
  4. Tøger Larssen i folketelling 1865 for Jostedal prestegjeld fra Digitalarkivet
  5. Øyane 1994, s. 913
  6. Kyrkjebok for presten i Jostedalen (1849-1877), s. 47 (Digitalarkivet)
  7. Snøskred i Li 1868 (Jostedal historielag)
  8. Øyane 1994, s. 682
  9. Kyrkjebok for presten i Jostedalen (1849-1877), s. 50 (Digitalarkivet)
  10. Øyane 1991, s. 1063
  11. Øyane 1986, s. 267

Litteratur

  • Tøger L. Kilen i folketelling 1900 for Luster herred fra Digitalarkivet
  • Tøger Larsen Kilen i folketelling 1910 for Luster herred fra Digitalarkivet (merk: Anna fødselsdato og feil fødselsår, men må vere denne Tøger)
  • Øyane, Lars E. (1986). Dale 1 sokn. Gards- og ættesoge for Luster kommune. (Bd. 2). Gaupne: Luster kommune, s. 267-269.
  • Øyane, Lars E. (1991). Gaupne sokn. Gards- og ættesoge for Luster kommune. (Bd. 4). Gaupne: Luster kommune, s. 1063.
  • Øyane, Lars E. (1994). Jostedal sokn. Gards- og ættesoge for Luster kommune. (Bd. 5). Gaupne: Luster kommune, s. 682. (Digital utgåve, NBdigital)

Eksterne lenkjer