Toralv Besteland (1924–1997)

Toralv Besteland (fødd 4. august, 1924, død 7. mars 1997) var utdanna gullsmedmeister, og spesialiserte seg i bunadssylv. Han heldt til i i Telemark. Han var son av gull- og sylvsmeden Eivind Besteland.

Bøgata 76. Her hadde Toralv smykkeforretning og verkstad i fyrste høgda frå 1963.
Foto: Roy Olsen

Historikk

Toralv starta gullsmedforretning med verkstad i Møbelhallen i Bø i 1952. I 1957 flytta han forretninga med verkstad inn i huset til Harald Strand. I 1961 kjøpte han ei tomt frå advokat Sigmundstad i Bøgata 76 (Gnr. 53/1/70), og i 1961/1962 sette han opp eit hus der fyrste etasje vart nytta som smykkeforretning og verkstad.[1]

Arkiv

Det eksisterer eit arkiv etter Toralv Besteland ved Bø Museum. Sjå oppføring i lista over privatarkiv frå Telemark.

Referansar

  1. Henneseid, 1982, s. 714. I fylgje Kvaalen, 1981, s. 67 vart huset bygd i 1962/1963.

Kjelder

Eksterne lenker