Valborg Steffensen (1877–1956)

Valborg Steffensen (fødd Olsen 11. mars 1878 i Kristiania, død mai 1958 i Gildeskål) var prestekone.

Gildeskål prestegard var heimen til Valborg Steffensen frå 1920 til 1947
Foto: Frankemann

Ho var dotter av Pauline Therese Juliane Dobberthien (1839–1893) og Christian Holberg Gran Olsen. Faren var instrumentmaker, og også kjend som «Kikkert-Olsen».

Ho vart gift første gong med kjøpmannen Paul Holm (1874–1907). Han døydde i 1907, og etter fire år som enke gifta ho seg opp att med Andreas Steffensen, som då var sokneprest i Lebesby. I 1914 vart han sokneprest i Beiarn prestegjeld, og i 1920 i Gildeskål prestegjeld. Ho var prestekone i Gildeskål prestegard i 27 år, til han gjekk av for aldersgrensa i 1947.

Med Andreas Steffensen fekk ho tre born, Johannes fødd i 1911, Finn fødd i 1913 og Edna i 1916.

Kjelder


Artikkelen Valborg Steffensen (1877–1956) er oppretta gjennom delprosjektet Prestefolk i Nordland

Brukarar på lokalhistorisk wiki kan fritt endre eller legge til innhald i artikkelen. Det vil ofte vere meir relevant informasjon i oppgitte kjelder enn det som først vart lagt til, og det kan t.d. finnast stoff i bygdebøker og liknande.