Andreas Steffensen (1882–1951)

Fra lokalhistoriewiki.no
Hopp til navigering Hopp til søk
Andreas Steffensen. Faksimile frå Gildeskål sparebank 100 år.

Andreas Olai Knudsen Steffensen (fødd 10. desember 1882 i Ålesund, død 25. juni 1951 i Bodø) var prest.

Han var son av Johanne Helene Larsen (f. 1858) og Andreas Olai Steffensen (1842–1908), faren var blikkenslagermester.

Han var student i 1901, cand. theol. i 1910 og tok eksamen i «lappisk» (samisk) i 1911. I 1910 var han sokneprest i Lebesby, i 1914 vart han og vald til ordførar her. Same år vart han imidlertid oppnevnd til sokneprest i Beiarn prestegjeld, slik at ordførartida vart svært kort. Han var i Beiarn i seks år, til han vart sokneprest i Gildeskål prestegjeld i 1920. Frå 1926 var han og prost i Søndre Salten prosti. Han gjekk av for aldersgrensa i 1947, 65 år gamal.

Han var formann i styret i Gildeskål sparebank i 17 år, frå 1930 til 1947.

Han vart gift med Valborg Holm, fødd Olsen, 25. februar 1911. Ho hadde vore enke sidan 1907 då hennar fyrste mann Paul Holm (1874-1907) gjekk bort. Dei hadde tre born, eldst var Johannes Christian Andreas Steffensen (1911–1978) som vart lege.

Kilder


Artikkelen Andreas Steffensen (1882–1951) er oppretta gjennom delprosjektet Prestefolk i Nordland

Brukarar på lokalhistorisk wiki kan fritt endre eller legge til innhald i artikkelen. Det vil ofte vere meir relevant informasjon i oppgitte kjelder enn det som først vart lagt til, og det kan t.d. finnast stoff i bygdebøker og liknande.