Volda kyrkje
Volda kyrkje eller Voldskyrkja som ho blir kalla, er ei krosskyrkje i tettstaden Volda i Volda kommune. Kyrkja har 800 sitjeplassar og det er kyrkjegard ved kyrkja.
Volda kyrkje | |
---|---|
Voldskyrkja 1950-52. Foto: Johan J. Nerbøvik
| |
Alt. namn: | Voldskyrkja |
Stad: | Volda |
Byggeår: | 1932 |
Kyrkjegard: | Rundt kyrkja |
Kyrkjesamfunn: | Den norske kyrkja |
Bispedøme: | Møre |
Prosti: | Søre Sunnmøre |
Prestegjeld: | Volda |
Fellesråd: | Volda |
Sokn: | Volda |
Arkitekt: | Arnstein Arneberg |
Teknikk: | mur |
Materiale: | murstein |
Tårn: | ja |
Orgel: | 1863: orgelpositiv skifta ut i 1873 (gåve frå banken). 2012: Kororgel |
Sitteplassar: | 800 |
Anna informasjon: | Tredje kyrkja på staden sidan omlag 1200. Den førre brann natt til 7. april 1929. |
Bakgrunn
Natta til 7. april 1929 brann den trekyrkja som stod her før ned. Arbeidet med planlegging av ny kyrkje kom fort i gang, med Arnstein Arneberg som arkitekt. Han laga fleire utkast, men det vart strid om ho skulle byggast i tre eller stein. I april 1930 bestemte soknemøtet at det skulle vere stein. Konstruksjonen er i betong med upussa gråstein som ytterkledning.
Kunstmålaren Hugo Lous Mohr, som hadde budd fleire år i Volda, planla saman med Arneberg utsmykkinga av den nye kyrkja. Austveggen i koret - altarveggen - utgjer sjølve altartavla. Den er måla på fersk puss med den oppstadne Kristus som hovudmotiv og scener frå Jesu liv på sidene, og vart avduka før jul i 1932. Koret, langveggane og tverrbjelkane er òg rikt utsmykka.
Arbeidet med tomta tok til i juni 1930 og allereie i desember same året var råbygget ferdig. Innreiingsarbeidet gjekk føre seg i 1931 fram til kyrkja vart vigsla 1. mai 1932.
Kyrkja har ei stor kyrkjeklokke på rundt 1100 kg frå Olsen Nauen klokkestøperi i Tønsberg, levert til åpninga. Klokka vart gitt namnet «Fred».
Den eldste kyrkja i Volda stod like ved tunet på Halkjelsvik, og det er sjølvsagt ein av grunnane til at Volda voks fram som eit bygdesentrum.
Sjå og: Takkebrev frå Arnstein Arneberg til Volda kyrkjelyd datert 24. januar 1933.
Orgel og organistar
I 1863 fekk Voldskyrkja eit orgelpositiv, og ti år seinare gav banken kyrkja eit nytt orgel. I 2009 vart eit nytt, 48 år gamalt, kororgel vigsla. Det er plassert fremst til venstre i kyrkja.[1]
Jakob Kobberstad var organist frå 1863, i veka arbeidde han som lærar ved Voldens høiere Almueskole og Dannelsesanstalt. Seinare organistar har vore Ragnar Aske (frå 1957, og minst til 2015), og i 2018 er Bert Handrick kantor.
Galleri
Kyrkjeklokka «Fred» i Volda kyrkje pryda forsida av 100-års jubileumsheftet til Olsen Nauen klokkestøperi frå 1944.
Referanser
- ↑ Aarset 2015.
Sunnmørsposten 2009/2012.
Kjelder
- Aftenposten 25. april 1929
- Ekroll, Øystein 2012: Sunnmørskyrkjene – historie, kunst og aktitektur. Bla AS, Larsnes, s. 221ff.
- Sunnmørsposten 2009/2012: «Gamleorganisten tok grep», publisert 1. februar 2009, seinast oppdatert 19. september 2012.
- Aarset, Terje 2015: «… he ’kje me sòte nok og sveitta og sùngje …» Historia om orgelet i Vartdal kyrkje (1915–61). Møre-Nytt 25. desember 2015. Vitja 21. januar 2018.
Eksterne lenker
- Arne E. Sæther på nettstedet kirkekonsulenten.no: Fotografier og plantegninger nederst på siden. (Vitja 17. januar 2018).
- Kyrkja si heimeside
- Volda kyrkje på Riksantikvarens nettsted kulturminnesok.no
Volda kyrkje er ein del av prosjektet Kulturminneregistrering i Volda og er lagt ut under lisensen cc-by-sa. Lokalhistoriewikis brukere kan fritt redigere og utvide artikkelen. Artiklar i Kjeldearkivet skal ikkje endrast, bortsett frå at lenkjer kan leggjast inn. Fleire artiklar finn du i denne alfabetiske oversikten og på prosjektforsida. |