Frøyland (Sandnes gnr. 102)
Frøyland er ein matrikkelgard i Sandnes kommune. Han har gnr. 102, og hadde tidlegare gnr. 38 i Hetland herad. Frøyland ligg høgt og fritt på bakkane oppføre Hommersåk. Garden ligg også ein heil del høgare enn Riska. Tunet på Frøyland ligg 65 meter over havet. Sett frå øvre bygda, frå Skjørestad, ligg dei gamle gårdshusa på Frøyland på ein rund høyde opp av myrane i sør og opp frå vatnet. Innmarka ligg i den nordre enden av gardsområdet og strekker seg ned mot Frøylandsvatnet. Utmarka er delt på to områder, i sør heiane og myrane, og i aust fjellet på den andre sida av Frøylandsvatnet Maudlandsdalen. Frøyland grenser i nord mot Hommarsåk og Hetland, i aust mot Maudland og Brathetland i Høle, i sør mot Bjelland og i vest mot Jødestad og Riska. Der Frøyland, Riska og Hommersåk møtest i Kydnamyrå kallest det Stabsto.
| Frøyland | |
|---|---|
| Sted: | Riska |
| Fylke: | Rogaland |
| Kommune: | Sandnes |
| Gnr.: | 102 |
| Type: | Matrikkelgard |
Gardsnamnet
av Inge Særheim
Namnet vert uttala Frøylann /'frøylan/ i målføret. Dei eldste skriftformene er frå mellomalderen: Freyland i 1362, a Frøylande i 1405 og j Frølande i 1415.
Same gardsnamnet finn ein i Sokndal og i Time. Det er alle stader nytta om store gardar som ligg sentralt til i bygdelaga.
Frøyland er eit gammalt gardsnamn av land-klassen. Føreleddet er av Oluf Rygh og Magnus Olsen tolka som gudinnenamnet Frøya. Den gammalnorske forma skal da vera *Freyjuland, med tyding 'land, jord som er vigd til Frøya, Frøya sitt land'. På tilsvarande måte har dei tolka namna Nærland og Nerland som 'Njord sitt land'. Ein annan namnegranskar, Eivind Vågslid, har gått mot alle namnetolkingar til førkristne gudenamn og gudenemne. Han meiner at slike stadnamn har bakgrunn i naturtilhøva på stadene og det daglege strevet for å skaffa seg føde. Han meiner at føreleddet i Frøyland-namna har samanheng med eit adjektiv, gammalnorsk frær, som tyder 'gronæm, grøderik', slik at dette gardsnamnet skal tyda 'grøderik jord'. Tolkinga til Eivind Vågslid er meir jordnær enn tolkinga i Norske Gaardnavne. Ho høver dessutan svært godt om dei Frøyland-gardane me finn i Rogaland. Difor kan denne tolkinga synast meir rimeleg enn dei eldre gudenamntolkingane.
Matrikkelgarden
Landskyld/Matrikkelskyld
Landskylda til Frøyland er kjent frå Domkapitlet sine jordebøker frå ca 1590 og ca 1620. Skylda var då 3 pund korn eller 72 spann, som ikkje blei endra etterpå.
Matrikkelen i 1838 sette Frøylandsgarden til 10 dalar, 1 ort, 12 skilling. I 1889 fekk gardsbruka her ei samla skyld på 14 mark og 44 øre.
Skatteklasse
Frøyland var fullgard i det gardsklassesystemet me finn i skattelistene på 1600-talet.
Nummer i eldre og nyare matriklar
- 1668 No 6 i Gand skipreide
- 1838 Matrikkel no 9 i Gands tinglag
- 1851 Matrikkel no 18 i Hetlands tinglag
- 1889 Gardsnr. 38 i Hetland herred
- Nå Gardsnr. 102 i Sandnes kommune
Den eldste gardshistoria
Frøyland ligg i utkanten av den gamle bustettinga på Riska, og området her var fyrst ein teig av den store Riskagarden. Men allerede i yngre romersk jernalder (ca. 200-400 e.Kr.) blei Frøyland skilt ut som eigen gard. Kan henda var det folk frå Riska som flytta her opp. Frøyland er den eldste av land-gardane i bygda. Her var det bureisarane fann mest jord, og i tillegg kunne dei auka jordbruksarealet sørover. Der kalte dei det Auglend. Det kan og vera desse jordbruksfolka på Frøyland som fyrst tok i bruk området langt oppe i dalen på austsida av vatnet og kalte det Maudland. I løpet av eldre jernalder flytta det folk opp på Heiane også. Der er det både gravhaugar og restar av hustomter. Det må ha vore mykje folk i bygda då, sidan dei kunne busetta seg så høgt.
I yngre jernalder budde det ikkje lenger folk oppe på Heiane, men nede på sjølve Frøyland var garden fortsatt i drift. Dessutan blei Hommersåk skilt ut som eigen gard nå i vikingtida. Her hadde truleg Frøyland og Hetland hatt hamn for båtane sine.
I 1362 var det sjau om eigedomsretten til ein part i Frøyland. Då må det ha budd folk her og garden vore i drift. Eigarane budde i Stavanger og dei krangla om å få ein del av landskylda, leiga, som bøndene betalte.
Hallvard Torgilsson kjøpte partar i garden i 1405 og 1415. Det eine kjøpebrevet er skrive her på Frøyland, så han budde kanskje her. Men han må ha vore noko meir enn ein vanleg bonde sidan han var i stand til å kjøpa jord. Omlag 1520 budde det også ein Hallvard her. Me må kunne gå ut ifrå at han var av den same slekta. Han var litt av ein kakse, for ved botsskatten i 1519 måtte han ut med heile 30 mark, og han greidde halvdelen med pengar.
Me ser at det budde folk her og at garden var i drift gjennom heile seinmellomalderen. Tidleg på 1500-talet brukte ein mann heile garden åleine, mens dei andre gardane i bygda med så mykje jord hadde både to og tre oppsittarar. Dette kan komma av at det var «overklassefolk» her på Frøyland som kan ha drive garden med mykje leigefolk.
Gardsdrift
Åkerbruket
Åkerjorda på Frøyland blei i eldre tid rekna for god. I matrikkelen frå 1668 les me at her var «Ret god Koren Jord» og det var bare fire gardar i bygda som fekk så god karakter. Mens garden blei kalt for «Tungvunden» i 1723. Då sådde dei 14 tønner korn og hausta 110, noko som gir eit folltal på 7.9. Det plasserer Frøyland blant dei mest grøderike gardane i bygda.
I mellomalderen måtte bøndene gi tiende til kyrkja av det dei avla på gardane sine. Etter reformasjonen fekk kongen den delen av tienden som tidlegare hadde gått til biskopen. Nå veit me kva bøndene på Frøyland måtte ut med i tiende til kongen den fyrste halvdelen av 1600-talet, og då kan me firma ut kor mykje korn dei hausta her på garden i denne tida. Mellom 1602 og 1645 er det seks gonger me finn oppgave over korntienden til Frøylandsbøndene. Tala varierer frå 8 1/2 til 14 spann for kornavlinga veksla sjølvsagt etter vér og andre forhold. Men tala viser at bøndene på Frøyland var blant dei som hadde størst kornavlingar i bygda den gong. Og det vil seia både god jord og store åkrar.
Med så gode kår var det plass til fleire familiar på garden. Fram til 1660-åra blei derfor talet på bønder dobla. I 1668 sådde desse fire bøndene 15 tønner korn, i 1723 var det gått ned til 14 tønner og i 1775 til vel 13. Mens avlinga som nemnt var på 110 tønner i 1723, bare 76 tønner i 1775 og 120 tønner i 1802. Dei fire bøndene hadde dermed etterkvart fått dårlegare forhold. Nå var dei ikkje lenger i det øvre skiktet i bygda, men var blitt gjennomsnittsbønder. Og når det kunne vera så ringt som i 1775, er det ikkje så rart at den eine bonden flytta vekk midt på 1700-talet så det ei stund bare var tre oppsittarar på garden.
Men ut på 1800-talet må dei ha rydda meir jord, for i 1835 sådde dei fire bøndene nesten 19 tønner korn. Så skjedde det same endå ein gong - meir jord gav plass for fleire folk, og i løpet av 1800-talet blei garden sterkt oppdelt. I 1865 og 1875 var det 12-14 bonde- og husmanns-familiar på Frøyland, altså ein tredobling av folk på bare ein generasjon. Og så sterk var ikkje nydyrkinga, det blei ikkje sådd meir enn ca. 35 tønner korn i 1875. Sidan dyrkinga av jord ikkje var like sterk som folkeauken på garden, fekk dei som budde her gradvis dårlegare kår. Og i alle fall ein del av dei mange oppsittarane sat med så små bruk at dei ikkje kunne klara seg med bare vanleg gardsdrift.
På Frøyland må dyrkinga av poteter tidleg ha slått igjennom, for i 1835 sette bøndene her meir poteter enn bønder flest i bygda. Seinare på 1800-talet aukte ikkje potetarealet pr bonde.
Husdyrhaldet
Det blei reist straffesak mot den eine bonden på Frøyland om lag 1620. Då blei heile buet hans gjennomgått, og me får dermed greie på buskapen hans. Han hadde 2 hestar, 6 kyr, 2-3 ungdyr og 20 sauer og geiter. Me legg merke til at han hadde mykje hest og småfe. Det var bare to bønder på Frøyland den gongen og dei brukte like stor del av garden, den andre karen har vel då hatt ein nokonlunde tilsvarande buskap. Midt på 1600-talet er det to kjelder med tal på husdyr. Den eine er ei skatteliste frå 1657 ("Kvegskatten"), den andre er matrikkelen i 1668. Ifylgje kvegskatten var det ikkje meir dyr på Frøyland enn 1 hest, 13 kyr og 15 sauer og geiter, mens matrikkelen 11 år seinare har 3 hestar og 30 kyr og her blir det ikkje nemnt småfe. Nå budde det tre-fire bønder på garden så tala frå 1657 virkar svært låge, me må stola meir på matrikkelen sine opplysningar. I forhold til tidlegare i hundreåret var det nå mindre hest og småfe på garden, mens kutalet ser ut til å ha gått opp. Held me oss til matrikkelen, var det 40% meir husdyr på garden nå enn om lag 1620. Men talet på familiar på garden var dobla.
Det neste hundreåret gjekk utviklinga andre vegen. Dyretalet steig med 20% fram til 1723 og haldt seg der i meir enn hundre år. Og det blei ikkje fleire folk på garden. Åkrane på garden blei mindre, så gjennom heile 1700-talet dominerte februket. Kvar av dei fire bøndene hadde nå 1 hest, mellom 5 og 10 kyr og nokre ganske få sauer. I matrikkelen frå 1723 er det gitt opp nesten 60 sauer på garden, men av skifta frå denne tida veit me at dei fire Frøylands-karane stort sett hadde mindre enn 10 sauer kvar.
I andre halvdel av 1800-talet steig dyretalet sterkt. Det var 40% meir husdyr på garden i 1875 enn det hadde vore i 1808, og særleg sterkt aukte sauehaldet. Frå 1802 til 1835 blei det nesten dobbelt så mykje sau på garden, og fram til 1875 blei talet meir enn dobla endå ein gong. Men på same tid blei garden sterkt oppdelt, og her blei mange helst små gardsbruk. Ein bonde på Frøyland hadde nå til vanleg 1 hest, bare 3 til 5 kyr, men ein saueflokk på 10- 15 dyr. I tillegg var her tre-fire husmenn med ei ku og nokre ganske få sauer.
Attåtnæringar
Kloss oppi garden ligg Frøylandsvatnet der det finst ein del aure. Dei gamle har nok visst å nytta dette, men det er bare ein gong det står noko om dette innlandsfisket. Det er ved skiftet etter Per Torsteinsen i 1812, då det blir nemnt at han hadde auregarn. Noka særleg betydning kan derfor dette fisket ikkje ha hatt.
Då var nok sjøfisket viktigare for dei gamle, også på innlandsgarden Frøyland. Det forstår me når det i dei fleste skifta på garden i eldre tid blir nemnt båtar og redskap til sjøfiske. Frøylandsbøndene hadde for det meste færing, bare eit par gonger blir det nemnt seksæring. Med desse båtane kom dei ikkje så svært langt, dei dreiv heimefiske. Dei fiska med garn, snøre og morteglip. Her blir også nemnt ei mortenot, så det er tydeleg at morten var viktig i matforsyninga. Tidleg på 1700-talet finn me at den eine bonden på Frøyland eigde ein fjerdepart i ein gammal båt. Dette har vel vore ein litt større båt som dei fire oppsittarane hadde i hop, dei var eit notlag. I fleire av skifta blir det nemnt naust, og eit par gonger, på slutten av 1700-talet, blir det lagt til om naustet: "staar ved stranden paa Hommersands Grund". Tidleg i vårt hundreår selde notlaget dette notahuset i Vågjen til ein bøkker som begynte med tønneverkstad der.
Elias Frøiland, som budde på Frøyland frå tidleg på 1900-talet, var på sildefiske ute ved Karmøy to vintrar. Det fyrste året gjorde han det så godt at han tjente kr 4 000. Året etter var utbyttet mindre, men han hadde likevel nok til å bygga ny løe for det han la seg opp på desse to vintrane. Løa som han fekk bygd i 1913, kom på kr 4 800. Til samanlikning kosta garden 6 000 kroner i 1907. Det fortel noko om kor mykje fisket betydde.[1]
Den viktigaste attåtnæringa for bøndene på Frøyland var likevel kvernbruka dei hadde nedetter Frøylandsbekken. Allerede om lag 1620 stod det ei kvern her, og dei to oppsittarane som då var på garden, eigde ein halvdel kvar i henne. I 1661 var her «Toe goede Quernestede», og i 1723 får me vita at det då var «4 Gaardsqverne» her. Av skiftematerialet går det fram at det på 1700-talet høyrde ei kvern til kvart av dei fire bruka på garden, og om lag 1800 var det aukt til to kvernar på eit par av gardsbruka. Landkommisjonen i 1661 seier om desse kvernane på Frøyland at dei var «til nogen fordeel», det vil seia at bøndene tjente pengar på dei. Me har her å gjera med meir enn vanlege gardskvernar. Ved Jordavgifta i 1802 blir det uttrykt sånn: Garden "har fordeelagtig Qværnebrug".
Borgarane i Stavanger hadde, heilt frå mellomalderen, hatt rett på å driva all handel og næringsvirksomhet i byen og distriktet rundt. Nå mol bøndene på Frøyland ikkje bare sitt eige korn, men dreiv kvernhusvirksomhet med maling for andre. Dermed kunne dei komma i konflikt med desse gamle byprivilegiane, og dei måtte møta opp på rådstova i Stavanger og få løyve til «å holde åpne kverner». I 1690 og 1703 blir det nemnt bønder frå Frøyland som er i Stavanger og må avlegga «kverned». Etter et blei dei «antagne møllere for byens innbyggere».[2] Nå var Frøylandskarane blitt eit viktig og nødvendig ledd i mjølforsyninga for byen. Heilt opp til slutten av forrige hundreår dreiv bøndene her ein vel organisert virksomhet nede med åna. Dei henta korn hos faste oppkjøparar i Stavanger, rodde eller segla dette heim i melderbåtane sine, mol det og frakta det ut igjen til mottakarane i byen.
På 1800-talet blei det fleire bønder på garden, og dei hadde alle kvart sitt kvernfall. Serinius Frøyland (fødd 1911) kunne frå guttedagane sine huska 10 kvernfall som dei på Frøyland hadde i bekken. I kyrkjebøkene og folketellingane frå 1800-talet blir fleire av Frøylandsbøndene omtalt som møllar eller kornmalar for eiga rekning. Og Alma Tokel skriv at morfaren, Henrik Eriksen Frøyland, var mesteparten av tida nede ved kverna. Garden kom i andre rekke.[3] Henrik omkom i desember 1893. Han skulle frakta heim korn frå Stavanger, men båten hans gjekk ned. I tillegg til kornsekker hadde han ni passasjerar med, så melderbåten hans må ha vore ganske stor. Ifylgje Torger Lauvås var melderbåtane åttæringar.
Elias Frøiland kjøpte gard her i 1907 for 6 000 kroner. Noko seinare selde han kvernfallet sitt til Harald Øglænd og fekk 2 000 for det. Det gir ein peikepinn på kor høgt dei verdsette kvernhusdrifta.[4]
Vasskrafta i Frøylandsbekken blei etter kvart også nytta til meir industriell virksomhet. I 1836 starta haugianaren John Haugvaldstad ei stampe her. For å gjera ulltøy tett og hindra at det skulle krympa, blei det vaska i varmt vatn. Vasskrafta dreiv nokre stempler som arbeidde med tøyet. Dette var også ein organisert virksomhet. Ein fekk vevd tøy frå Stavanger og fleire mann var i arbeid. Frøylandsbonden Per Thorsen var arbeidsledar, etterpå var sonen Thomas Persen «Vadmelsstamper», i tillegg til å driva gard.
Etter den sterke bruksdelinga på 1800-talet hadde nesten alle oppsittarane på Frøyland eit yrke i tillegg til gardsdrifta. Småbrukaren Tørres på Rudlå var sjømann, og sonen Peder var skipsførar. Gamle Ingebret Frøyland var tømmermann, det same var Gunnar Jakobsen, mens Sven Haga var skomakar. Spesielt for Frøyland er slaktarane som har budd her. Jakob Jakobsen på Auglend kallest for slaktar i 1875. Seinare var Sven Endresen slaktar og pølsemakar. Han reiste på arbeid i Stavanger, mens kona og barna dreiv garden. Sonen Serinius dreiv sidan med slakting på gardane i bygda.
Eigarane i leiglendingstida
Stormenn som eigarar i mellomalderen
Dei fyrste eigarane av garden høyrer me om i 1362. Det var brørne Øymund og Sigurd Ogmundssøner. Øymund var prest i Stavanger og ein av korsbrørne (kannikane) ved domkyrkja. Han blir nemnt i 1343 og 1351, men var død føre 1362. Broren Sigurd var sven hos den kjende Ogmund Finnsson frå Finnøy. Sigurd høyrer me om i 1358, 1362 og 1366. Eyvin Dahl meiner at faren til desse brørne var ein Ogmund Sigurdsson som er nemnt i Stavanger i 1305 og 1313. Han var bror til Ingemund Sigurdsson på Skjerveim i Vats, som var hirdmann og mykje med i styr og stell i byen. Dei var sannsynleg i slekt med presten Ingemund, ledaren for kannikane i striden mot bispen på den tida. Presten Ingemund stamma kanskje frå Vikedal, og han eigde i fleire gardar, blant anna Hammar i Høle.[5]
Øymund Ogmundsson hadde gitt ein part (1 pundsbol) i Frøyland til Gyrid Ingemundsdtr. Dette skjedde i Ingemundsgarden i Stavanger som Gyrid sikkert eigde. Etter at Øymund var død, kravde Sigurd dette jordegodset («j jord þeiri»), då han var nærare til å arva broren sin. Men Gyrid og dottera hennar, Sigrid, kunne føra vitnar på at Øymund hadde gitt dette til henne, så lagmannen let ho få ha det. A.W.Brøgger skriv at Gyrid mest sannsynleg var dotter til Ingemund Petersson som budde i Stavanger i 1318. Bygården Ingemundsgard heitte truleg etter han.[6] Ingemund Petersson var frå Sponheim i Ulvik i Hardanger. Han hadde ein bror til i Stavanger og ein bror på Byre i Fister.[7]
Den parten i Frøyland som Øymund gav til Gyrid Ingemundsdtr. var ikkje så stor del av garden. Det gjekk tre pundsbol på eit månadsmatsbol, og eit vanleg gardsbruk i Rogaland i mellomalderen var på 6 månadsmatsbol. På Frøyland var det tre-fire bønder på 1600- og 1700-talet, og nokonlunde likt var det vel i høgmellomalderen og. Heile garden var då kanskje rundt 25 månadsmatsbol den gongen. Brørne Øymund og Sigurd hadde vel eigd like stor del kvar i Frøyland («j jord þeiri»), men Øymund treng ikkje å ha gitt alt det han eigde her til Gyrid. Derfor kan dei to brørne i hop ha eigd ein større part i garden enn eit par pundsbol.
Den neste som me veit eigde i Frøyland var Sigrid Sigurdsdotter. Med samtykke av mannen sin, Jon Torlaksson, selde ho i 1405 det ho eigde i garden til Hallvard Torgilsson. Han gav 8 forngilde merker for dette, og etter vanleg pris på den tida kan det ha svart til 3-4 månadsmatsbol i høgmellomalderskyld.[8] Dei 3-4 månadsmatsbol var halvdelen av eit gjennomsnittleg gardsbruk. Sigrid Sigurdsdotter. var kanskje dotter til Sigurd Ogmundsson frå 1360-åra. Ellers hadde Gyrid Ingemundsdotter. også ei dotter som heitte Sigrid.
Ombudsmannen ved kyrkja i Randaberg, Bratt Bergulvsson, eigde 1/2 mannsverk i Frøyland. Denne parten fekk Hallvard Torgilsson også kjøpa i 1415. Namnet Bratt blei brukt i ei Stavanger-slekt på 1300-talet,[9] mens Bergulvnamnet meir peiker mot Agder. Ifylgje Asgaut Steinnes svarer 1 mannsverk på 1400-talet til om lag 1 1/2 pund korn landskyld i 1600-åra.[10] Landskylda av heile Frøyland var 3 pund korn på 1600-talet. Heile garden skulle då ha vore på 2 mannsverk på 1400-talet. Hallvard Torgilsson kjøpte altså (i 1405 og 1415) til saman bortimot halve Frøyland.
I seinmellomalderen høyrer me altså om fleire privatpersonar som eigde partar i Frøyland. Og ennå ved begynnelsen av 1400-talet var det ein privatmann som sat med ein vesentleg del av garden. Men så har det skjedd noko, for heile garden kom i geistleg eige. Ein av dei tidlegare eigarane var prest og medlem av domkapitelet i Stavanger. Og det var nettopp kapitelet som sidan stod som eigar av Frøyland. Garden er med blant kapitelsgodset ca. 1590 og ca. 1620, men det må ha vore før reformasjonen at dei geistlege fekk tak i garden. Me veit ikkje kva som kan ha hendt, men Hallvard Torgilsson sine etterkomarar blei verande på garden. Og dei var velståande også.
Ved reformasjonen tok kongen hånd om kapitelsgodset. Han delte det opp i passande porsjonar som han aller nådigst forlente, «benefiserte» til den protestantiske bispen og dei kannikane som gjekk over til den nye læra. Men det blei færre lutherske prestar i bispebyen enn det hadde vore i den katolske tida, og derfor forlente kongen ein del kannikgods bort til andre.[11]
Benefisert soknepresten
I begynnelsen av 1600-åra finn me det gamle kapitelsgodset i Riska delt mellom bispen (som sat med Li), soknepresten (han hadde Frøyland) og lektor ved katedralskulen (med ein part i Eltarvåg). Garden på Frøyland høyrde til sokneprestembetet i Stavanger til utpå 1800-talet. I manntalet frå 1701 kan me lesa: «Frøeland Som pro officio Allernaadigst er forundt Sougnepræsten i Stawanger».[12] Og i futen si kassabok frå 1714 står det: «følger Sogne Præsten i Stavanger og er Canickegotz».
Overgang til sjølveige
I 1830-åra begynte oppsittarane på garden å kjøpa bruka sine. To av gardbrukarane blei sjølveigarar då, det tredje gardsbruket var det ein bymann som kjøpte. Han heitte Just Mortensen og kona hans var herifrå. Kan henda tenkte han på å flytta her inn, men etter tre år selde han til gardbrukaren. Dermed var det tre sjølveigarar på garden. På den siste parten sat det ein leiglending ennå i tjue år til. Men i 1856 kjøpte sonen og svigersonen hans denne parten i lag, og sidan har alle oppsittarane på Frøyland sjølv eigd bruka sine.
Oppstykkinga av garden
Omlag 1520 budde her bare ein mann. I 1563 var her to oppsittarar, det same var det i 1591 og den fyrste tida av 1600-talet. Desse to partane ser ut til å ha vore like store. Det ser me både av at dei to betalte like mykje i årlege skattar utover i 1620- og 1630-åra, og dei to måtte også ut med det same i korntiende tidleg på 1 600-talet. Korntienden dei to betalte i dei fyrste åra av 1600-talet var like stor som den som gjekk av Frøyland i 1660-åra. Dei må så tidleg ha hatt like stort åkerareal som i 1660-åra, og dei to partane fyrst på 1600-talet må ha vore på 1 1/2 pund korn kvar. I 1630- og 1640-åra hadde den eine oppsittaren ein medbrukar på sin part av garden. Dei to betalte då ikkje meir skatt samanlagt enn han på den andre parten måtte ut med åleine. Men frå 1645 tok den unge medbrukaren over heile parten åleine, så her igjen bare var to mann på garden. Det kom til ein tredje part på garden rett før 1660. Etter det me får vita i 1668, må desse tre partane ha vore på 1 pund korn kvar. Ein gong mellom 1666 og 1668 blei så den eine av dei to gamle partane delt i to bruk på 1/2 pund korn kvar.
Det var då i 1668 fire partar på garden, to av dei var på 1 pund og to på 1/2 pund korn. I 1690 og 1701 budde her og fire mann på garden, men dei brukte ikkje all jorda, her låg 1 pund korn øyde i 1701 . Dei fire oppsittarane må då alle bare ha brukt 1/2 pund kvar.
Seinast frå 1723 var all jorda i bruk igjen. Fortsatt var her dei fire oppsittarane, men nå var her igjen to store partar på 1 pund korn kvar og to små som var 1/2 pund. Omlag 1750 blei bruka på Frøyland noko ombytte. Det starta i 1749 med at det eine av 1-pundsbruka blei ledig. Han på det eine 12-spannsbruket tok då over det ledige store bruket og dei to små bruka blei etterpå slegne saman. Dermed blei her tre partar som alle var på 1 pund korn.
Bare fem år seinare blei her på nytt forandring av bruka. Han som hadde gått frå det litle til det store bruket, makta visst ikkje å driva all jorda. I 1754 gav han frå seg halvdelen til ein ny oppsittar, og så var her igjen fire mann på garden, to som brukte 1 pund korn og to med 1/2 pund.
Dei fire partane blei alle stykka opp i fleire bruk i løpet av 1800-talet. Det eine 1 pundsbruket som Tore Rasmusen hadde i fyrste delen av 1800-talet, har i 1851-matrikkelen fått løpenr 66. Sonen og ein svigerson delte dette mellom seg i 1856, så dei etterpå brukte 12 spann kvar. Dei budde i kvar sin ende av det gamle gårdshuset. Sonen Per Thorsen sin part, løpenr 66a, blei ganske snart stykka meir opp. Ein gong føre 1861 fekk Ola Rolvsen eit lite bruk på bare 1 1/2 spann korn, løpenr 66c. Men alt i 1870 gjekk dette litle stykket inn i Per Thorsen sitt gardsbruk igjen. I 1863 blei eit anna lite stykke skilt frå Per Thorsen sin gard, det fekk løpenr 66d, og var på 3 spann. Sven Andreasen frå ein nabopart hadde dette småbruket fram til 1869, då gjekk det inn i garden han var ifrå (sjå seinare løpenr 71). Etter at desse to småstykka var skilde frå, hadde Per Thorsen igjen bare 7 1/2 spann. Men så blei, som nemnt, løpenr 66c lagt til bruket hans igjen i 1870, og då hadde han eit bruk på 9 spann. I 1935 fekk ein son på garden skilt frå ein del av utmarka oppe på Heiane som bureisingsbruk, bruksnr 60.
Den nemnde svigersonen i 1856 hadde og opphavleg eit bruk på 12 spann, løpenr 66b. I 1873 blei eit stykke på 1 spann seld til naboen på løpenr 72. Sidan er to småbruk skilde frå, Løbakken, bruksnr 22 i 1906 og Foren, bruksnr 25 i 1909. Det andre av dei to gamle 1-pundsbruka blei delt allerede i 1836. Då blei bruket på Voll med 10 spann korn skilt ifrå, løpenr 69. Restbruket på 14 spann blei så delt i to like partar i 1847, løpenr 67 og løpenr 68.
I tillegg til dei to store partane i garden, var det som nemnt to mindre partar på 12 spann korn kvar. Den eine av desse, løpenr 70, brukte Ivar Persen ved midten av 1800-talet. Ein gong før 1865 let han garden over til sonen, men tok av eit lite stykke på 1/2 spann nede på Rudlå som folgestykke, løpenr 70b. Dette har sidan vore eit småbruk for seg (bruksnr 13). I 1883 fekk også læraren Gustav Gran eit lite stykke nede i Frøylandsbakken, Skogen, bruksnr 15, og i 1902 fekk enka Bertha Guria Svensdtr. eit småbruk borte med Rudlå, Hagen, bruksnr 17. Sonen på garden fekk skilt frå det meste av utmarka i 1922 og slo seg til som bureisar i Teinebekkholå, bruksnr 40.
Den siste av dei fire gamle partane av Frøylandsgarden var også på 12 spann. Den brukte Andreas Samuelsen i fyrste delen av 1800-talet. Omlag 1840 eller kort tid etterpå blei denne parten delt i to bruk på 6 spann kvar. Andreas Samuelsen sat altså igjen med 6 spann, løpenr 71. Sonen hans, Sven Andreasen, hadde i 1863 fått seg eit småbruk på 3 spann, løpenr 66d, som var skilt ut av løpenr 66a (sjå framføre). Frå 1869 har desse to vore brukt under eitt, til saman altså 9 spann.
Den andre halvparten av det gamle 12-spannsbruket låg borte på Vodl - løpe- nr 72. I 1873 fekk oppsittaren her også kjøpa ein liten parsell på 1 spann som var skilt frå løpenr 66b (sjå framføre). Til saman blei då dette bruket på 7 spann.
Folket
Dei eldste brukarane
1. Hallvard, født 1490/1500.
Sonen hans brukte seinare ein part av garden like til 1604, det viser at Hallvard må ha vore ganske ung då han er nemnt 1519 og 1521. Me kan rekna med at han var etterkommar av Hallvard Torgilsson som kjøpte store deler av garden i 1405 og 1415, sjølv om me ikkje veit om han budde her (sjå under eigarane tidlegare). Hallvardf er i 1519 og 1521 aleine på garden. Det var nokså uvanleg at éin mann hadde ein så pass stor gard aleine. På dei andre større gardane i bygda var det den gongen fleire bønder, så Hallvard skilde seg ut. For å driva så mykje jord måtte han ha mange leigefolk. Han var med andre ord meir enn ein vanleg bonde. Hallvard blei ilagt heile 30 mark i straffeskatt i 1519, så han må ha vore litt av ein kakse. For desse pengane kunne han ha kjøpt seg tretti kyr. Og Hallvard stod seg godt, for han betalte halvdelen av den svære summen med pengar. Resten av beløpet dekte han med sølv og ein del koppar, så dei tok vel frå han både sølvskeier og kopparkjelar. Samanliknar me denne skatten hans med den formuen han blei taksert med to år seinare, kan det beint fram ha vore oppimot halvdelen av alt han eigde han måtte ut med i bot (jf. Norske historikere i utvalg V s 310). Bøndene på Sørvestlandet hadde gjordt opprør mot skatteoppkrevarane året før, og skatten i 1519 var ein straff for dette. Dei som då måtte ut med mykje hadde nok god økonomi, men dei kan òg ha blitt sett på som ledarar for bøndene i bygda si. Her i Riska var det Hallvard på Frøyland og ein kar oppe på Skjørestad som fekk størst bot. I 1521 måtte bøndene betala ein tidel av alt dei eigde i skatt. Hallvard skulle då ut med 4 ½ mark. Det han hadde var altså blitt vurdert til jamngodt med 45 mark, som svarte til ein flokk med 45 kyr. Han var dermed den i bygda som sat best i det, dei fleste andre i Riska låg rundt 10-20 mark i formue. Opp imot Hallvard kom bare ein på Riska og ein på Hetland, som begge låg over 35 mark. Hallvard betalte noko mindre enn halvparten av denne formueskatten med pengar, og resten med sølv. Han hadde altså ennå noko av arvesølvet sitt igjen etter bota to år før. Gift med ukjent kvinne
Barn:
- Salve, som etterpå brukte ein halvpart av garden (nr 2).
2. (?) det ligg nær å tru at den Lars som hadde den andre halvparten av garden etterpå (nr 8), også høyrde til familien, enten ein son eller svigerson, men det veit me ikkje noko om.
A
Den eine halvparten av garden (1½ pund korn) (korntienden i 1602 tyder på at dei to partane var like store)
2. Salve, født ca 1530. Han hadde bokstavane S.H. i seglet sitt så han må ha vore son av Hallvard på Frøyland (nr 1). Salve blei nemnt første gong i 1563 då han var den eine av to brukarar på Frøyland og sat med sin part av garden like til 1604. Han må ha vore godt opp i åra då han slutta av gardsdrifta, for det var eit barnebarn som tok over og dette barnebarnet var vaksen og gift då.
Salve blir nemnt fleire gonger som lagrettemann. Den første gongen er i eit brev frå 1580-åra, og blant mange lagrettemenn frå Høle og Forsand er Salve ein av dei som står først (J.J. Jåthun Ætt og Heim 1952 side 37). I 1591 var Salve ein av dei tre som blei valde frå Høle skipreide for å reisa til Oslo og hylla kong Kristian 4. Salve var også med og dømde i saka mellom dei to bøndene på Riskagarden der den eine var skyld i mykje nabokrangel i 1590-åra, og der han som tapte etterpå reiste sak mot Salve. Det tyder på at Salve blei sett på som ein ledar i bygda. Det var også ein ung hissigpropp på Haualand som truga lensmannen Asbjørn Ims på livet i 1599, og Asbjørn sin svigerfar Salve på Frøyland fekk også kjenna det. Haualandskaren kom til Frøyland og overfalt Salve og gjorde hannum woldt...wdj hans egit huus. Denne karen trua også med at han schulle brende beggis theris gaarde aff', så Asbjørn og Salve frykta baade paa liiff och godtz (jf Haualand-3). Gift med ukjent kvinne
Barn:
- Eli, født ca 1550, levde ennå nemnt i 1615, gift med Asbjørn Rasmusen på Ims, lensmann i Høle skipreide (som det meste av Riskabygda også høyrde til). (jf. J.J. Jåthun Ætt og Heim 1951 side 53 og 1952 side 37).
3. Fanuel Asbjørnsen, født ca 1580, død før 1610. Son til Asbjørn Rasmusen på Ims. Fanuel overtok morfaren sin part av Frøylandsgarden og blei nemnt her i lista over korntiende for 1605. Gift med Siri, død etter 1620. Ho sat som enke med denne parten i 1610. Og i 1620 var ho enke for andre gong. Etter at Fanuel var død blei ho gift på nytt med Njell Olsen (nr 5), men han blei dømt frå livet i 1619/20 for blodskam. Då blei buet gjort opp og me får mellom anna vita At der fanttis j Sølffbelte Vog 15 1/2 lod som mandens hustru haffr Verrit forærit til festinggaffue aff hindes førige Mand, Phanuel Asbjørnsen, som de icke viste at kunde hinde fradømm (Stavanger lensrekneskap 7.4: Futerekneskap og jordebok, Ryfylke 1619-20, Jndtegten och Opbørselen, Sagefald).
4. Asbjørn
Han er ført på denne parten på Frøyland i 1606. Det ligg nær å tenka at dette var far til Fanuel som er ført i skattelista i staden for den unge svigerdottera, sjølv om lensmannen Asbjørn også er ført på Ims det året.
5. Njell Olsen, død 1620. Ein gong mellom 1606 og 1611 gifta han seg med enka etter Fanuel Asbjørnsen og tok over parten hans på Frøyland. Her blir Njell nemnt frå 1611 til 1619/20. Men under sakefall i lensrekneskapen for 1619/20 les me: Niels Olsønn paa frøelannd, som haffde hafft leiemaall, mz Siirj Oluffsdatter, som Vaar hans sødschinds Barn till faderenn, huilche begge en Huer for sig ehre bortrømpt, saa haffr dog Laugmanden for saadan deridz forseelse dømpt dennem fra deridz Liiff och goedz, Huor effter Skellige mend haffuer opschreffuet och Vurderit forne Niels Olsens Boedz laadt. Det var verdiar for snautt 40 dalar etter Njell. Husdyra hans utgjorde det meste av dette, men han hadde òg halvparten i ei kvern. Ellers hadde dei ei gammell forslit dyne, eit gammell Sengklede og ei gammal pute. Dei hadde ei
sølvskei og ikkje meir enn 12 skilling i rede pengar. Gift med enka Siri. I 1620 sat ho igjen med garden og var då enke for andre gong i løpet av kort tid. Seinare var det ei Ingeborg Njellsdotter på Riska
(Riska-5) og ei Eli Njellsdtr. på Søra Hogstad (Hogstad-60). Dei kan ha vore barn til Njell og Siri på Frøyland.
6. Per Ånensen, født 1596, død 1670/71. Futen og presten har oppgitt alderen hans svært forskjellig i manntala frå 1660-åra, men presten sitt er nok rettast sidan Per levde til omlag 1670 og sønene hans var fødde rundt 1630. Ifølge prestemanntalet var han fødd 1596, mens futen vil ha det til at han var tjue år eldre. Per overtok denne parten og er nemnt her første gong i 1622. Han dreiv garden ennå i 1668, og i alle fall budde han på Frøyland i 1670/71. Året etter levde han nok ikkje lenger for då var det andre som hadde det jordegodset han hadde hatt i fleire år. Han var ny som lagrettemann i 1634, seinare finn me han som det til like ut i 1660-åra. I 1650-åra tok han sonen som medbrukar, han fekk også ein del av den andre parten på Frøyland slik at det blei tre jamnstore partar i garden (sml nr 7 nedføre). Gift med dotter til den store jordegodseigaren, Ivar Ljødesen Gilja i Forsand. Etter faren sin arva ho ein part i Leidland i Eigersund og ein part i garden Grødeim (i Strand?). Ho hadde ein bror som budde på Nag. Han døydde barnlaus og då kom nokre søskenbarn frå Nøland i Forsand og ville ha del i arven (Jan Alsvik Strand 2 side 750).
Barn:
- Ivar, født ca 1625 - føed paa Frøeland. Bonde på Jødestad (Jødestad-7), gift med ca 1648 enka Marit Trulsdotter Jødestad.
- Ånen, født 1633/36, bonde på Frøyland (nr 7).
Per Ånensen sin restpart på 1 pund korn blei overtatt av Torkell Rasmussen (nr 13 nedføre).
7. Ånen Persen, født 1633/36. Son av Per Ånensen Frøyland (nr 6). Faren tok han inn som medbrukar truleg i midten 1650-åra. Han var lagrettemann allerede i 1657, og reiste til lagtinget som nemdarmann i 1658 (Tingbøker fra Jæren og Dalane VI s 160 og 247). Ein gong overtok han også ein del av jorda på den andre parten, for i 1668 brukte både han og faren 1 pund korn. Men etter 1668 høyrer me ikke meir om han og familien hans. Det kan ha vore ei ulykke, men hadde dei mysta livet skulle det ha vore holdt skifte etter dei. Då er det meir truleg at dei flytta vekk. På denne tida reiste mykje folk til Holland der det var godt med arbeid å få. Her i bygda var det gardsbruk som låg ledige då og husmannsplasser som blei fråflytta. Gift med ukjent kvinne
Barn:
- Johannes, født ca 1663.
Etterpå låg Ånen sin tredelen av garden folketom. I manntallet for 1701 står det: It puund Kornsland Schyld deraf udj mange Aar ligger öede.
B
Den andre halvparten av garden (1½ pund korn), (korntienden i 1602 tyder på at dei to partane var like store)
8. Lars
Som nemnt under nr 1 oppføre, ligg det nær å tenka at Lars kan ha høyrt til den same famlien som Hallvard og Salve. Han og Salve sat med kvar sin part av garden i 1563. Ellers veit me ikkje meir om Lars, men han kan ha vore bestefar til den Lars som budde her seinare.
9. Sven S.
Namnet Lars kom igjen så den eldre Lars si slekt kan ha fortsatt på garden. Kanskje gifta Sven seg med enka etter den eldre Lars. I 1591 var Sven med på bygdetinget og valde
utsendingar til kongehyllinga i Oslo. Begge oppsittarane på Frøyland var lagrettemenn og sette bumerket sitt under valglista. Dei må ha hatt høg sosial posisjon i bygda begge to.
10. Johannes, født 1570/80. Johannes er nemnt på denne parten frå 1602 til 1644. Han var også lagrettemann, og bumerket han nytta minner om Bjørn Mikalsen Selvik sitt. Johannes har bokstaven "A" der faren sin forbokstav skal stå, og sonen hans, Lars, har også ein "A" der. Då kan det ikkje vera forbokstaven i farsnamnet. Johannes var kanskje son eller svigerson til den Lars som budde her tidlegare.
Då han blei eldre hadde Johannes først ein medbrukar som heitte Ljøde (jf. nedføre). Etter han kom Lars Johannesen inn som medbrukar, det må ha vore ein son. I 1645 hadde sonen overtatt heile parten.
Gift med ukjent kvinne, kanskje kom det sjeldne namnet Ljøde frå hennar slekt
Barn:
- (?) Ljøde, kanskje son eller svigerson, ei kort tid medbrukar på denne parten (nr 11)
- Lars, født 1606/16, bonde på Frøyland (nr 12).
11. Ljøde
Kanskje son eller svigerson til Johannes. Ljøde var medbrukar på Johannes sin part ei kort tid, 1632-34. Så forsvinn han. Det er påfallande at det sjeldne mannsnamnet Ljøde dukkar opp i familiane til begge dei to bøndene på Frøyland på omtrent same tid. Det kan tyda på at dei fann seg ektefeller frå det same storbondemiljøet (jf. Hans Eyvind Næss Ætt og Heim 1985 side 59-66)
12. Lars Johannesen, født 1606/16. Son til Johannes Frøyland (nr 10).
Han kom inn som medbrukar hos faren frå 1635, og frå 1645 hadde han parten aleine. Ved koppskatten i 1645 betalte han og naboen Per Ånensen omtrent like mykje i skatt, det tyder på at dei brukte like stor andel av Frøylandsgarden. Ein gong mellom 1666 og 1668 gav han gardsbruket sitt frå seg. I 1668 sat sonen og kompanjongen hans frå tida på Hommarsåk med ½ pund kvar av den store parten som Lars hadde hatt (nr 29 og 21 nedføre). Enten då, eller ein gong tidlegare, var ½ pund korn av denne parten gått over til Ånen Persen (nr 7 oppføre). Jakob J. Jåthun meinte at Lars måtte ha vore gift to gonger sidan det var så stor aldersforskjell på sønene hans. Den første kona fann han ut kunne ha heitt Torborg. Gift med 1) Torborg(?), dotter til Johannes Torsen Hetland (Hetland-13), det må ha vore ho som var Lars si kone i 1645 (koppskatten), 2) ca 1660 ukjent kvinne, kanskje Berit Frøyland som var fadder i 1690, og Berit Svensdtr. som var fadder i 1694.
Barn,
i første ekteskap:
- Johannes, født ca 1637, delte faren sin store part av Frøylandsgarden med Elling Ådnesen (sjå vidare nr 29), gift ca 1670 med Herborg Rasmusdotter. Lauvås
- Torkell, født ca 1636/37, hadde først eit bruk på Hetland (Hetland- 12), seinare bonde på Nordre Hogstad (Hogstad-26), gift ca 1675 med enka Anna Einarsdotter Hetland
- truleg ei dotter, gift i 1668 med Elling Ådnesen som delte denne parten med Johannes (sjå nr 21 nedføre), i andre ekteskap:
- Sjur, født 1662, husmann i Vågen under Hommarsåk (Garden Hommarsåk-12), gift med Åse Salmundsdotter
- Torborg, født ca 1660, gift 1) ca 1680 med enkemann Gunnar Bjørnsen Li (død. 1698) (Li- 12), 2) i 1700 med Jon Jonsen Gimra i Sola (Sigurd Refheim Sola side 74 bruk 1 nr 4)
- Gunhild, gift i 1697 med enkemann Rasmus Olsen Haualand (Haualand-13). Då Rasmus døydde i 1717, blei enka Gunhild sittande som eigar av 12 spann i Haualand
- kanskje: Ingeborg Larsdotter gift i 1710 med enkemann Erik Olsen, husmann i Ramsvik under Hetland prestegard, han hadde tidlegare hatt gard på Bjelland (sml Bjelland-5). Etter at den barnlause enka Gunhild Larsdotter på Haualand var død (i 1722), var det ein Erik Olsen som i 1723 selde hennar helmingspart i Haualand (dei 12 spanna) til oppsittaren der.
Fire-bruks-tida frå slutten av 1600-talet til midt på 1800-talet
I
nå bruksnr 1
2
22
25
60
13. Torkell Rasmusen, født ca 1640, dødt 1696. Son til Rasmus Torkellsen Lauvås (Lauvås-6). Torkell hadde gard på Frøyland i 1675. Då var han lagrettemann og sette bumerket sitt under
skattelista for det året. Han og svogeren Lars Rasmussen (sjå nr 32 nedføre) hadde delt den store parten som den gamle Per Ånensen sat med fram til 1670/71. I 1690 avla Elling og Torkell Frøyland kverned for Bytinget i Stavanger (Samling Stavanger historie III side 199). Han hadde åseterett til garden på Lauvås, men den selde han til oppsittaren der i 1682 for 26 riksdalar. Torkell og to svograr selde også det dei eigde i Lauvåsgarden i 1690. Gift med Karen Endresdotter, født ca 1641, død 1695, dotter til Endre Tolleivsen Store Risa i Sola (Sigurd Refheim Sola side 319 bruk 5 nr 3).
Barn:
1. eit barn, født ca 1686, død 1695.
14. Lars Reidarsen, født ca 1635, død 1696. Son til Reidar Larsen Maudland (Maudland-3). Lars hadde først farsgarden på Maudland, men denne lot han ein svoger få overta i 1689. Etterpå budde han i folge der til kona hans døydde fem år seinare (sjå Maudland-4). Så fann han seg ei ung kone på Frøyland og overtok den parten i Frøylandsgarden som morbroren hennar hadde hatt. Nå døydde Lars rett etter, og ved skiftet etter han i 1697 får me vita at han hadde 2 Kiør, 9 Smaller, 1 Kalff, men han hadde ikkje Lejet nogit i Gaarden, han døydde vel for snart til det. Gift 1) med Berit, død 1694, 2) i 1696 med Marit Larsdotter, dotter til Lars Rasmusen Frøyland (nr 32). Ho gifta seg andre gong i 1701 med Kristoffer Hallvardsen Askje i Mosterøy (Birger Lindanger og Jørg Eirik Waula Rennesøy 3 side 1188 nr 4).
15. Ola Eriksen, født 1665, død 1736. Han er kalt Ola Nerus i futen si kassabok for 1714. Han var altså frå Nerhus (Nedre Bjøreim) i Strand. Då må faren ha vore Erik Nilsen Nerhus. Han blei smitta av spedalskhet og blei etter kvart så sjuk at han ikkje klarte å driva garden og døydde i 1670-åra. Også barna var smitta, men ein veit ikkje om dei døydde. Mens mora Karen ikkje ser ut til å ha vore ramma (Jan Alsvik Strand 1 side 478). Karen kom til Nedre Bjøreim ca 1658 og er ennå nemnt der i 1672. Etter at mannen var død flytta ho vekk, truleg til der ho kom frå. Dersom nokre av barna fortsatt levde, må ho ha hatt dei med seg. Ho kan ha vore den same som Kari, dotter av Endre Hansen Idse, som i 1654 var forlova med ein enkemann som døydde før bryllupet (Tingbøker fra Ryfylke IX side 36; Jan Alsvik Strand 3 side 1264). Då ville dei to unge karane som kom frå Strand til Frøyland i 1701 og 1702, Ola Nerus og Ola Idse (nr 33 nedføre) ha vore søskenbarn. Ola Eriksen bygsla denne parten i 1701 og hadde han til 1725. Før 1714 hadde han og Ola Idse også delt den jorda som hadde lege øyde i mange år, og etter det brukte begge 1 pund korn i garden. Gift med Anna Torsdotter, død 1729.
Barn:
- Tore, født 1699, bonde på Frøyland etter faren (nr 16)
- Berit, født 1703.
16. Tore Olsen, født 1699, død 1771. Son til Ola Eriksen Frøyland (nr 15). Tore var soldat i 1724. Han overtok denne parten etter faren i 1726 og brukte han til 1767. Ved skiftet etter den første kona i 1728, var det verdiar for snautt 70 dalar i buet. Dei hadde tre tinnfat, tre krus med tinnlokk og ein stake av messing. Gift 1) i 1721 med Inger Trondsdotter, født 1697, død 1728, dotter til Trond Johansen Bjelland (Bjelland-6), 2) i 1730 med Berta Torbjørnsdotter, født 1705, død 1782, dotter til Torbjørn Olsen Uskjo (Uskjo-24). Dei to konene, Inger og Berta, var i slekt med einannan i 3. og 2. ledd.
Barn, i første ekteskap:
1. Berit, født 1724, gift i 1750 med Lars Håvardsen Lunde på Hundvåg
2. Johannes, født 1727, død 1727
i andre ekteskap:
3. Inger, født 1731, gift i 1751 med Endre Nilsen Nordre Hogstad (Hogstad-23)
4. Torbjørn, født 1733, overtok gardsbruket (nr 17)
5. Johannes, født 1735, levde i 1748 og 1754
6. Anna, født 1739, død 1740
7. Ola, født 1741, levde i 1748 og 1754
8. Anna Malena, født 1745, gift 1) i 1764 med Erik Hansen Bjelland (Bjelland-8) (død 1791), 2) i 1792 med Rodleiv Johannesen Bjelland (Bjelland-9).
17. Torbjørn Torsen, født 1735, død 1808. Son til Tore Olsen Frøyland (nr 16). Han var bonde på den parten i garden som faren hadde brukt før. Torbjørn fekk bygslebrev frå presten i Stavanger i 1767 og hadde gardsbruket til 1795. Torbjørn må ha stått seg godt. Han kjøpte den eine parten i Søre Hogstad (20 spann korn) av lensmannen Hans Torsen Skeiane i 1766. Og seinare lånte han nesten femti dalar til
oppsittaren på Søra Hogstad, og ein bonde på Frøyland fekk også låna vel førti dalar av han. Gift med Ragnhild Håvardsdotter, født 1744, død 1808, dotter til Håvard Håvardsen Hammar i Høle (Jon Bergsåker Høle gjennom hundreåra side 99).
Barn:
- Håvard, født 1769, død 1771
- Berta, født 1773, død 1778
- Berta, født 1778, gift 1) i 1795 med Per Torsteinsen, som hadde garden etterpå (død 1811) (nr 18), 2) i 1812 med Tore Rasmusen, bonde på Frøyland etter han igjen (nr 19)
- Tore, født 1782, død 1782
- Håvard, født 1783, død 1783.
18. Per Torsteinsen, født 1766, død 1811. Son til Torstein Persen Ims i Høle (Jon Bergsåker Høle gjennom hundreåra side 88). Per bygsla denne parten etter svigerfaren i 1795. Han var òg velståande og då han døydde var det store verdiar etter han. Han hadde sølvring, fire tinnfat, seksten tallerknar av tinn, ei tinnkanne og eit krus med lokk av tinn. Dei hadde og fire lysestakar av messing og ein kopparkjel. Ellers hadde dei huspostill av Müller og eit nytestamente. Jordegodset dei hadde arva etter far hennar i Søre Hogstad, blei ved skiftet etter han delt mellom barna og enka. Gift i 1795 med Berta Torbjørnsdotter, født 1778, død 1868, dotter til Torbjørn Torsen Frøyland (nr 17). Ho gifta seg andre gong med Tore Rasmusen som overtok gardsbruket (nr 19).
Barn:
- Torstein, født 1797, død 1799
- Berta Ragnhild, født 1800, gift i 1837 med Ola Olsen Søre Hogstad (bror til Mari som var gift med Tommes). Han og svogeren Tommes delte parten i Søre Hogstad (Hogstad-97)
- Sissel, født 1803, gift i 1828 med Jakob Svensen Berg, matros, budde på Verket attmed Stavanger
- Tommes, født 1807, bonde på Søre Hogstad. Han dreiv først heile den parten i Søre Hogstad som faren eigde, men delte det med svogeren Ola (Hogstad-78 og 95), gift i 1832 med Mari Olsdotter Søre Hogstad (søster til Ola gift med Ragnhild oppføre)
- Berta, født 1811, gift i 1836 med Ola Persen Bjelland (Bjelland-63).
19. Tore Rasmusen, født 1786, død 1874. Son til Rasmus Torsen Nedre Fjelle i Strand (Jan Alsvik Strand 2 side 823). Han gifta seg med Per si enke i 1812 og overtok bygslinga av denne parten. Tore var den siste leiglendingen, i 1856 kjøpte sonen og svigersonen kvar sin halvdel av gardsbruket. Gift i 1812 med enka Berta Torbjørnsdotter, født 1778, død 1868, dotter til Torbjørn Torsen Frøyland (nr 17). Ho var enke etter Per Torsteinsen Frøyland (nr 18).
Barn:
1. Berta, født 1815, gift i 1837 med Gunnar Rasmusen, som først var innarst og strandsittar her på Frøyland (nr 47). Sidan fekk kan kjøpa halvdelen av den parten svigerfaren hadde brukt (sjå vidare nr 60)
2. Per, født 1818, først medbrukar i lag med faren (nr 20), så sjølveigar på ein halvpart av den parten faren hadde brukt i Frøylandsgarden (nr 51).
20. Per Thorsen, født 1818, død 1898. Son til Tore Rasmusen Frøyland (nr 19). Per var skoleholder i 1835. Då han gifta seg i 1844 blei han omtalt som gardbrukar, og han må ha vore med i gardsdrifta hos faren. Han og svogeren kjøpte i 1856 kvar sin del av denne parten (sjå vidare nr 51). Gift i 1844 med Taletta Endresdotter, født 1822, død 1858, dotter til Endre Torsen Nordre Hogstad (Hogstad-49).
Dei eldste barna deira var:
- Berta Jorina, født 1845, død 1845
- Thomas, født 1847
- Jørgine, født 1849
- Endre, født 1851
- Bergitta, født 1853.
II
nå bruksnr 7
10
11
21. Elling Ådnesen, født ca 1638, død 1702. Han var dreng hos borgarmeister Bent Svendsen på Hommarsåk i 1664 og 1666 (Garden Hommersåk-5A). I 1667 blei han omtalt som møllar (Samling Stavanger historie III side 142). Bonde på Frøyland frå 1668. Han og Johannes Larsen frå Frøyland (nr 29) hadde begge vore drengar på Hommarsåk og nå delte dei Johannes sin farsgard slik at kvar av dei brukte ½ pund korn. Det ligg nær å tenka at Elling var gift med ei søster til Johannes, men når det var så stor alderforskjell på barna til Elling var han nok gift to gonger. I 1690 var Elling og Torkell Frøyland i Stavanger og avla kvern-ed for Bytinget (Samlign Stavanger historie III s 199). Han hadde garden sin til bortimot århundreskiftet, og i prestemanntalet for 1701 kan me lesa at han hadde forlengst quiterit [sitt] brug for Høye Alderdom. Gift 1) ca 1668 truleg med dotter til Lars Johannesen Frøyland (nr 12), 2) ca 1685 med Anna Rasmusdotter, død 1695.
Barn, i første ekteskap:
1. ein son, født 1673, død 1695
i andre ekteskap:
2. Elling, født 1687, dreng på Hommersåk i 1701. Nemnt i militærrulle frå 1708
3. Nils, født 1690, heime i 1701
4. Rasmus, født 1694, død før 1701
5. Torkell, født ca. 1694.
22. Klas Andersen, født 1669, død ca 1729. Truleg son til Anders Bjørnsen Vikeså i Bjerkreim (Lisabet Risa Bjerkreim II side 945-946 nr 12). Bonde på Frøyland frå 1701 til 1729. Gift i 1701 med Kirsti Torkellsdotter, født ca 1668, død 1759, dotter til Torkell Hallvardsen Vikeså i Bjerkreim (Lisabet Risa Bjerkreim II s 946 nr 14). Før ho gifta seg med Klas, holdt ho til på Frøyland hos Elling Ådnesen (nemnt i 1690). I 1729 var Kirsti og søstera Ågot hospitalslemmer (Lisabet Risa Bjerkreim II side 946 nr 14).
Barn:
Kirsti sitt barn med Lars Njellsen frå Helland i Gjestal. Lars budde sidan på Jødestad (Jødestad-12).
1. son, født 1690, deris uecte Søn som af dennem er aflet j Frafioren en Gaard saa kaldet. Truleg død liten
Klas og Kirsti sitt barn:
2. Anders, født 1702, død 1702.
23. Kjedel Johannesen, født ca 1665, død ca 1732. Son til Johannes Olsen Finnsnes i Sirdalen (Per Seland Sirdal II side 300 nr 3). Kjedel hadde først gard på Kvitlen i Bjerkreim, nemnt der 1701 (Lisabet Risa Bjerkreim I side 566 nr 28). Då kona døydde gifta han seg med ei enke på Eik og dreiv gardsbruket hennar til sonen hennar overtok i 1713 (Lisabet Risa Bjerkreim I side 438 nr 62B). Den andre kona hans døydde 1722 på Eik, og Kjedel flytta truleg tilbake til Kvitlen der det er nemnt ein Kjedel i 1723. Han gifta seg for tredje gong 1724 med ei enke med gard på Vikesdal (Lisabet Risa Bjerkreim II side 1098 nr 55B). I 1730 bygsla han den parten i Frøyland som Klas Andersen hadde brukt, men budde her bare ei kort tid. Kona Barbro Bjørnsdtr. er omtalt som enke i november 1732. Det han etterlot seg var ikkje verdt meir enn godt og vel 25 dalar. Gift 1) før 1699 med ukjent kvinne, død før 1704 (Lisabet Risa Bjerkreim I side 566 nr 28). 2) etter 1704 med enka Helga Persdotter, født ca 1664, død 1722, som før hadde vore gift med Johannes Persen Eik (Lisabet Risa Bjerkreim I side 438 nr 62A), 3) i 1724 med enka Barbro Bjørnsdotter, født ca 1680, død 1759, dotter til Bjørn Andersen Vikeså i Bjerkreim (Lisabet Risa Bjerkreim II side 948 nr 24). Barbro hadde vore gift med Ådne Ellingsen som først hadde gard på Vikeså og så på Vikesdal (Lisabet Risa Bjerkreim II side 948 nr 24, side 1098 nr 55A). Etter at Barbro hadde blitt enke for andre gong, blei ho sittande med gardsbruket på Frøyland til 1742.
Barn:
Kjedel etterlot seg ikkje barn, men Barbro hadde seks barn i ekteskapet sitt med Ådne Ellingsen som blei med til Frøyland:
1. Anna Ådnesdotter (den eldre), født ca 1705, gift 1) ca 1722 med Gudleik Olsen Slettabø i Bjerkreim (død 1728), 2) i 1729 med Elling Gudleiksen, først bonde på Slettabø, seinare på Haualand i Riska
(Haualand-25)
2. Kirsti Ådnesdotter, født 1710, gift i 1746 med enkemann Ola Eliasen, husmann i Ramsvik under Hetland prestegard (han var frå Jødestad og hadde først hatt gard der og seinare på Haualand, samanlign Jødestad-9 og Haualand-21)
3. Bjørn Ådnesen, født 1714, i 1739 budde han på Røyneberg (han kan ha vore dreng der). Så bonde på Vigdel i Sola og til slutt budde han på plassen Kierrevoll under Sele i Klepp. Gift 1) i 1741 med enka Sissel Eriksdotter Vigdel, ho var frå Søre Hogstad i Riska (sml Hogstad-70.e) (død 1755), 2) i 1756 med Brynhild Johannesdotter.
4. Ola Ådnesen, født 1716, først bonde på Gådeset i Hetland, så på Haualand i Riska (Haualand-24). Seinare budde han i Stavanger. Gift 1) i 1739 med Elen Rasmusdotter. Harastad (død 1752), 2) i 1752 med Udbjørg Olsdotter (frå Frøyland?, sml nr 33.a)
5. Anna Ådnesdotter. (den yngre., født ca 1717, gift i 1742 Johannes Taraldsen, som overtok gardsbruket på Frøyland etter svigermora (nr 24)
6. Guri Ådnesdotter, født 1718, gift i 1741 med Ola Olsen (den eldre) Frøyland (nr 31 og 34).
24. Johannes Taraldsen, føft 1718, død 1767. Son til Tarald Johannesen Finnsnes i Sirdalen (Per Seland Sirdal II side 300 nr 4). Han gifta seg med dottera til Barbro og fekk bygsla gardsbruket i 1743. Den forrige brukaren var onkelen hans. Svogeren til Johannes, Ola Olsen den eldre, dei var gift med to søstre, hadde også gard på Frøyland. Men han flytta i 1749 vekk frå det litle gardsbruket han hadde til eit større som var blitt ledig (jf. nr 31 og 34). Den jorda han reiste frå, fekk Johannes leiga då og brukte etterpå 1 pund korn. Kona til Johannes døydde i 1753, og ved skiftet etter henne var det ikkje meir enn vel 40 dalar i buet. Dei var med andre ord småkårsfolk. Rett etter, ein gong mellom 1754 og 1757, flytta han vekk. Seinare budde han som husmann i Strondæ under Gramstad i Høyland (Ola Aurenes Høyland side 158 nr 10.B). G 1) i 1742 med Anna Ådnesdotter, født ca 1717, død 1753, dotter til Ådne Ellingsen Vikesdal i Bjerkreim og kona Barbro Bjørnsdotter., som sidan budde her på Frøyland (sml nr 23), 2) i 1754 med Siri Torsdotter, født 1715, død 1801, dotter til Tore Bendiksen Veraland i Høle (Jon Bergsåker Høle gjennom hundreåra side 71). Ved vielsen blei ho kalt pige, ho hadde ikkje vore gift før.
Barn, i første ekteskap:
1. Tarald, født 1744, død 1752
2. Kjedel, født 1746, død mellom 1767 og 1778
3. Malena, født 1748, død 1749
4. Malena, født 1750, død mellom 1754 og 1767
5. Anna, født 1753. Ho er nemnt i skiftet etter ein morbror i 1778.
25. Torstein Torbjørnsen, født 1723, død 1796. Son til Torbjørn Bjørnsen Brådland (Gudtorm Mikkelson Gjesdal indre del 1 side 248-250 nr 4). Til å begynna med budde Torstein på Motland, der mora hans var ifrå (Gudtorm Mikkelson Gjesdal indre del 1 side 408). Ein gong mellom 1754 og 1757 bygsla han denne parten på Frøyland, som blei ledig då Johannes Taraldsen flytta vekk. Dette gardsbruket hadde Torstein til 1788, då gav han det frå seg til den eine sonen. Då kona til Torstein døydde som gammal folgekone, var det ein liten slump pengar etter henne. Ho hadde òg både gullring og sølvring, tre sølvskeier, tinnfat og ein del tallerknar av tinn og også eit par lysestakar av messing. Det er tydeleg at dei har stått seg mykje bedre økonomisk enn dei som budde på garden før dei. Gift i 1750 med Jorunn Jonsdotter, født 1727, død 1806, dotter til Jon Jakobsen Horve i Høle (Jon Bergsåker Høle gjennom hundreåra side 84). Som gammal enke flytta Jorunn opp til dottera på Hogstad, og der døydde ho nesten 80 år gammal.
Barn:
1. Marta, født 1750, gift i 1783 med Tore Endresen Nora Hogstad (Hogstad-24)
2. Torbjørn, født 1753, død 1805, budde på Frøyland, ikkje gift. I folketellinga for 1801 står det at han "opvarter den gamle", så det var vel han som tok seg av mora så lenge han levde. Torbjørn hadde ganske mykje pengar "som hos Peder Tostensen Frøyland er deponeret". Han hadde eit par skospennar av sylv og også eit par knespennar av sylv, og ein hatt med silkebånd. Og så var her ein huspostill av Miiller.
3. Jon, født 1757, død 1758
4. Lisbet, født 1760, død 1771
5. Jon, født 1763, bonde på Frøyland etter faren (nr 26).
26. Jon Torsteinsen, født 1763, død 1798. Son til Torstein Torbjørnsen Frøyland (nr 25). Jon løyste av faren som gardbrukar på Frøyland og fekk bygslebrev frå soknepresten i 1788. Han døydde allerede ti år seinare, men hadde då klart å samla verdiar for godt over hundre dalar. Han hadde skospenne av sølv, messinglysestake og også ein gammal bibel. Men han skilde seg først og fremst ut ved at han kunne
spela fele, det blir nemleg nemnt to feler i skiftet etter han. Gift i 1792 med Gjertrud Gunnarsdotter., født 1767, død 1841, dotter til Gunnar Johannesen Nordre Hogstad (Hogstad-29). Ho gifta seg etterpå
med Gunnar Gunnarsen, som overtok denne parten (nr 27).
Barn:
1. Jon, født 1790 (fødd på Hogstad før foreldra var gift). Budde først på Stora Auglend i Høle, seinare husmann på Steidn under Nordland i Forsand (Sigleif Engen Forsand I.1 side 96-97 nr 7), gift 1) i 1820 enka Magla Tormodsdotter Stora Auglend (død 1822), 2) i 1824 med enka Siri Gunnarsdotter Steidn
2. Torstein, født 1793, død 1793
3. Lisbet Kristina, født 1794, gift i 1821 med Bendik Olsen, matros, budde to-tre år på Frøyland (nr 121)
4. Gjertrud, født 1796, død 1799
5. Torstein, født 1798, nemnt i 1806
27. Gunnar Gunnarsen, født 1773, død 1837. Son til Gunnar Gunnarsen Høllesli i Forsand (Sigleif Engen Forsand I.1 side 308 nr 10). Han blei forlova med enke på Frøyland og fekk bygslebrev på gardparten frå prosten i 1798. Gunnar var den siste leiglendingen på denne parten, i 1836 fekk sonen kongeleg skjøte på gardsbruket. Gift i1799 med enke Gjertrud Gunnarsdotter, født 1767, død 1841, dotter til Gunnar Johannesen Nordre Hogstad (Hogstad-29). Den første mannen hennar var Jon Torsteinsen Frøyland (nr 26).
Barn:
1. Kristina, født 1801, gift 1) i 1818 med Lars Larsen, matros, budde på Frøyland (død ca 1821) (nr 120), 2) i 1831 med Ola Olsen, husmann på Høvringstykket i Sanddalen (nr 44)
2. Gjertrud, født 1803, gift i 1829 med Håvard Torsen, husmann på Gjertrudstykket på Rudlå (nr 46)
3. Gunnar Govert, født 1805, bonde på Frøyland (nr 28) 4.
4. Jens, født 1808, død 1808
5. Gunhild, født 1809, død 1809
6. Tore Johannes, født 1811 (tvilling), død 1811
7. Jens, født 1811 (tvilling), død 1811
8. Siri Johanna, født 1812, død 1813
9. Siri Johanna, født 1814, død 1814.
28. Gunnar Gunnarsen, født 1805, død 1889. Son til Gunnar Gunnarsen Frøyland (nr 27). Då han gifta seg var han Gaardbruger, og han var Gaardmand då det første barnet blei døypt. Gunnar må altså ha vore medbrukar hos faren på den store parten han brukte som leiglending. Ved neste barnedåp blei han kalt Møller, og ved folketellinga i 1835 blei han kalt Tjener (det vil seia dreng). I 1836 fekk han kongeleg skjøte på den parten i garden som faren hadde brukt (sjå vidare nr 73). Gift i 1831 Berta Johanna Jakobsdotter, født 1808, død 1879, dotter til Jakob Reiersen, gjestgivar i Sandviken i Bergen.
Dei eldste barna:
1. Randine Bergitte, født 1831
2. Gunnar, født 1833.
lI A
29. Johannes Larsen, født ca 1637, død 1709. Son til Lars Johannesen Frøyland (nr 12). Johannes var først dreng på Hommarsåk, men frå 1666/68 var han bonde på Frøyland der han og kompanjongen Elling Ådnesen (nr 21 oppføre) delte resten av den parten i garden som faren hans hadde hatt. Omkring århundreskiftet gav han gardsbruket frå seg til svigersonen. 1690 var Johannes og svogeren Lars Rasmussen (nr 32) i Stavanger og avla ed for Bytinget, dei hadde nemleg fått løyve til "å holde åpne kverner" (Samlign Stavanger historie III side 199). Det vil seia dei fekk lov å mala korn som virksomhet, noko som den gongen byborgarar hadde einerett til. Gift ca 1670 med Herborg Rasmusdtr., født ca 1638, død 1712, dotter til Rasmus Torkellsen Lauvås (Lauvås-6).
Barn:
1. Torborg, gift i 1694 med Rasmus Rasmusen Fløysvik i Høle
2. Marit, født ca 1672. Med enkemannen Osmund Larsen Merland (samanlign Merland-3) fekk ho ein son: - Nils, født 1700, gift i 1730 med Guri Engelsdotter. Seinare blei Marit gift i 1701 med Ola Olsen (den eldre), som hadde dette gardsbruket etterpå (nr 30).
30. Ola Olsen (den eldre) frå Kjosavik, født 1664, død 1738. Son til Ola Olsen Kjosavik i Høyland (Ola Aurenes Høyland side 234 nr 9). Ola gifta seg med dottera til Johannes i 1701 og overtok då bygslinga av denne gardparten. Her budde så Ola til han døydde. Då han var død, var det verdiar for snautt 44 dalar etter han. Det var omlag som eit dødsbu i Uskjo på den tida, mens Riskabøndene etterlot seg det doble. Gift 1) i 1701 med Marit Johannesdotter, føddt ca 1672, død 1710, dotter til Johannes Larsen Frøyland (nr 29), 2) i 1710 med Kirsti Olsdotter, født ca 1680, død 1759, dotter til Ola Rasmusen Meling i Forsand (Sigleif Engen Forsand I.1 side 111-112 nr 8). Etter at mannen var død blei ho sittande med gardsbruket til 1742.
Barn, i første ekteskap:
1. Anna, gift i 1729 med Osmund Larsen Merland (Merland-5)
i andre ekteskap:
2. Torbjørn, født 1712, død 1715 eller 1717
3. Ola, født 1714, død 1715 eller 1717
4. Ola, født 1716, død 1717
5. Ola, født 1718, overtok gardsbruket (nr 31)
6. Marta, født 1721, nemnt i 1738.
31. Ola Olsen, født 1718, død 1786. Son til Ola Olsen Frøyland (den eldre) frå Kjosavik (nr 30). Han overtok denne parten på 12 spann korn etter mora i 1742, men då ein større nabopart blei ledig, flytta Ola bort der og brukte 1 pund korn frå 1749 (sjå vidare nr 34). Gift i 1741 med Guri Ådnesdotter., født 1718, død 1787, dotter til Ådne Ellingsen Vikesdal i Bjerkreim (Lisabet Risa Bjerkreim II side 948 nr 24, side 1098 nr 55A). Mora hennar, Barbro Bjørnsdotter, var andre gong gift med Kjedel Johannesen som fekk seg gard her på Frøyland (nr 23). Dei eldste barna til Ola og Guri
1. Ola, født 1742
2. Ådne, født 1745
3. Anna, født 1747, død 1747.
Denne jorda, ½ pund korn, gjekk 1749 opp i den parten eg har kalt II (jf. ovenfor).
III
nå bruksnr 12
13
15
17
40
32. Lars Rasmusen, fødtt 1632, død 1714. Han gifta seg i 1670-åra og kanskje hadde han gard her på Frøyland allerede då, men me veit ikkje noko om det. Første gong han er nemnt her er i 1690. Då var han og avla ed for Bytinget i Stavanger etter at han var "bevilget å holde åpne kverner" (Samlign Stavanger historie III side 199) (jf nr 29 oppføre). Lars var då ein av fire bønder på Frøyland. Han hadde garden ennå i 1701. Gift med Karen Rasmusdotter, født ca 1638, død 1711, dotter til Rasmus Torkellsen Lauvås (Lauvås-6).
Barn:
Karen sin son som ho fekk før ho gifta seg, faren var ein ukjent Lars:
1. Rasmus, født ca 1660, død 1738. Ved skiftet etter den barnlause Rasmus er det opplyst at han var halvbror til dei barna mora hadde i ekteskapet med Lars Rasmussen. Rasmus budde på Frøyland 1690, då var han fadder. Seinare husmann i Vågen under Hommersåk (Garden Hommersåk-14) og til slutt busett på Spilderhaug under Hetland prestegard. Gift 1) i 1700 med Jorunn Torkellsdotter Vikeså (død 1729), 2) i 1729 med Jorunn Svalesdotter Holmen.
Barn av Lars og Karen:
2. Ola, født 1678, tjente i 1701 hos Jørgen Prael på Skudenes, død føre 1738
3. Per, født 1683, heime i 1701, død før 1738. Ved skifte på Riska for Ragnhild Persdotter i 1711 får me vita at Per Larsen Frøyland hadde arbeidd der sist sommar, for det fekk han eit par sko og tre spann korn
4. Marit, født 1667/70, gift 1) i 1696 med enkemann Lars Reidarsen (frå Maudland), som overtok den parten i Frøylandsgarden som morbroren hennar hadde hatt (samanlign nr 14). Lars Reidarsen døydde i 1696, 2) i 1701 med Kristoffer Hallvardsen Askje i Mosterøy
5. Valborg, gift i 1703 med Ola Olsen (d.y.), som overtok dette gardsbruket (nr 33).
33. Ola Olsen (den yngre) frå Idse, født 1668/73, død 1746. Son til Ola Olsen Idse i Strand (Jan Alsvik Strand 3 side 1260). Det kom to unge menn frå Strand til Frøyland i dei første åra av 1700-talet, Ola Eriksen Nerus (nr 15 oppføre) og Ola Olsen Idse. Ola bygsla denne parten i 1702. Då svigerfaren hadde denne parten låg fortsatt noko av jorda på Frøyland øyde, men ein gong etter at Ola hadde overtatt blei all jord tatt i bruk ved at Ola og ein nabo delte den ledige jorda. Etter det hadde Ola dobbelt så stort gardsbruk som svigerfaren og brukte 1 pund korn. Han brukte denne parten så lenge han levde. Gift 1) i 1703 med Valborg Larsdotter., død 1727, dotter til Lars Rasmusen Frøyland (nr 32), 2) i 1729 med Ingeborg Eriksdotter, født 1700, død etter 1781, dotter til Erik Assersen Nordre Kolnes i Sola (Sigurd Refheim Sola side 225 bruk 1b nr 5). Som enke må ho hatt blitt sittande med gardsbruket etter at mannen døydde, mens mannen sine barn frå første ekteskap måtte finna seg eit gardsbruk eller ein husmannsplass ein annan stad. Men i 1749 overlot ho denne parten til ein ny kar som fekk bygsla det (sjå nr 34). Ingeborg budde seinare i Byen der ho hadde Een Tømred Stue i Klevegaden (Samanlign Stavanger historie IV side 397 og 421).
Barn, i første ekteskap:
1. Udbjørg, født 1704, ho var heime på Frøyland i 1738. Kanskje det var ho som i 1752 blei gift med enkemannen Ola Ådnesen i Stavanger, han hadde før hatt gard på Haualand (Haualand-24). Mora hans var Barbro Bjørnsdotter, gift med Kjedel Johannesen Frøyland, nr 23.
2. Rasmus, født 1707, han var gift før 1735 (ifølge eit militærmanntal), bonde på Harastad i Randaberg (Birger Lindanger Randaberg 1 side 196 bruk 28 huslyd 4)
3. Tore, født 1710, han budde på Randaberggarden i 1738 (nemnt i skiftet etter morbroren Rasmus Larsen)
4. Magla, født 1713, var heime i 1738
5. Ola, født 1717, død 1717
6. Kari, født 1718, heime i 1738
7. Ola, født 1722, husmann under Håland (nemnt i militærrullar frå 1748 og 1754), gift. Me veit ikkje kvafor eit Håland det var
8. Lars, født 1725, død 1725
i andre ekteskap:
9. Valborg, født 1730, gift i 1761 med Hans Endresen, husmann på Meland i Avaldsnes (Arvid Lillehammer Avaldsnes 1 side 394 nr 37)
10. Erik, født 1732, tjente på Kolnes i 1751
11. Marta, født 1735, død 1753
12. Tørres, født 1738.
34. Ola Olsen, født 1718, død 1786. Son til Ola Olsen Frøyland (den eldre) frå Kjosavik (nr 30). Ola brukte først den parten på 12 spann korn som faren hadde hatt (nr 31), men den overlot han til svogeren Johannes Taraldsen (samanlign bruk II og II A). Så brukte Ola denne store parten på 1 pund korn frå 1749, men etter fem år gav han frå seg halvdelen til Ola Knutsen (sjå bruk IV nedføre) og sat sidan med ein part på 12 spann igjen. Dette brukte han til 1762, men så flytta han vekk. Sidan bygsla han ein part på Hetland i godt og vel ti år (Hetland-30), og til slutt var han husmann i Sandvig under Stora Vatne i
Høyland. Gift i 1741 med Guri Ådnesdotter, født 1718, død 1787, dotter til Ådne Ellingsen Vikesdal i Bjerkreim og kona Barbro Bjørnsdotter (Lisabet Risa Bjerkreim II side 948 nr 24, side 1098 nr 55A) , som sidan blei gift med Kjedel Johannesen Frøyland (nr 23).
Barn:
- Ola, født 1742, død mellom 1754 og 1764
- Ådne, født 1745
- Anna, født 1747, død 1747
- Torbjørn, født 1749, død 1749
- Anna, født 1751
- Torbjørn, født 1754
- Kirsti, født 1757.
35. Velas Nilsen, født 1728. Son til Nils Olsen Berland på Heiæ i Bjerkreim (Lisabet Risa Bjerkreim 3 side 1813 nr 10A). Velas hadde først gard på Motland og Mjåland (Gudtorm Mikkelson Gjesdal indre del 1 side 420 nr 10, og side 464). 1762 bygsla han denne parten på 12 spann korn som Ola Olsen hadde hatt og han budde her ennå i 1764, men var flytta herfrå før 1767. Sidan budde han på Lanes i Bjerkreim (Lisabet Risa Bjerkreim 2 side 1390-91 nr 8). Gift i 1750 med Tora Gunnarsdotter, født 1726, dotter til Gunnar Sigbjørnsen Øvstabø (Gudtorm Mikkelson Gjesdal indre del 1 side 339-340 nr 7).
Barn:
- Jorunn, født 1753, død føre 1758
- Berta, født 1761
- Gunnar, født 1763, død 1763.
36. Tore Klasen, født 1723, død 1779. Son til Klas Eriksen Skjæveland i Høyland (Ola Aurenes Høyland side 344 nr 33). Han hadde først den eine parten på Søre Hogstad i nokre år (Hogstad-63), men kom så til Frøyland og fekk bygsla desse 12 spann korn i 1767. Han hadde dette gardsbruket til 1778. Då han døydde, var det verdiar for noko over 90 dalar etter han, mellom anna hadde han sølvkjede, eit par sølvringar, sølvsignet og to sølvskeier. Dei hadde òg eit par tinnfat og fire stakar av messing. Og så var her ei eikekiste til å ha kleda i. Tore og kona må ha vore mykje bedre stilt enn fleire av dei andre som hadde budd her på Frøyland. Gift i 1753 med Kirsti Nilsdotter, født 1734, død 1779, dotter til Nils Nilsen, husmann i Hanabakken under Hana i Høyland (Ola Aurenes Høyland side 171 nr 16).
Barn:
- Berta, født 1753, død 1767
- Ola, født 1757, ikkje nemnt i 1779
- Helga, født 1758, gift 1) i 1779 med Nils Endresen som overtok dette gardsbruket (død 1793) (nr 37), 2) i 1793 med Rasmus Olsen som hadde garden etterpå (nr 38)
- Nils, født 1761, budde først eit par år her på Frøyland, seinare husmann i Breivig under Hommersåk (Garden Hommersåk-29), gift i 1788 med Malena Nilsdotter frå Vågen under Hommersåk
- Maren Kirstina, født 1765, gift i 1788 med Jakob Nilsen
- Berta, født 1768, død 1768
- Klas, født 1769, bonde på Merland (Merland -7), gift i 1795 med Marta Larsdotter Merland
- Berta, født 1775, død 1776.
37. Nils Endresen, født 1751, død 1793. Son til Endre Nilsen Nordre Hogstad (Hogstad-23). Nils brukte denne parten frå 1778, bygsleseddel fekk han av soknepresten året etter. Han døydde ganske tidleg, men hadde likevel samla seg verdiar for meir enn 70 dalar. Gift i 1779 med Helga Torsdotter, født 1758, død 1832, dotter til Tore Klasen Frøyland (nr 36). Ho gifta seg andre gong med Rasmus Olsen som hadde gardsbruket etterpå (nr 38).
Barn:
- Tore, født 1780, død 1784
- Inger, født 1783, død 1783
- Inger Kristina, født 1785, gift i 1822 med enkemann Per Persen Meling (på Åmøy)
- Tore, født 1788, død 1789
- Endre, født 1789, husmann på Vodl under Nordre Hogstad (Hogstad-31), gift i 1813 med Inger Torsdotter Nordre Hogstad. Dei var søskenbarn.
- Nilla Helena, født 1793, gift i 1826 med enkemann Ivar Persen, sjøfarande, budde i Stavanger (han var frå Hauskje i Finnøy).
38. Rasmus Olsen, født 1763, død 1824. Son til Ola Olsen Byrkjeland i Forsand (Sigleif Engen Forsand III side 286 nr 12b). Han gifta seg med ei enke i 1793 og fekk bygslebrev frå prosten same året.
Gift i 1793 med enka Helga Torsdotter, født 1758, død 1832, dotter til Tore Klasen Frøyland (nr 36). Ho hadde før vore gift med Nils Endresen Frøyland (nr 37) og overlevde Rasmus også. Enka Helga hadde gardsbruket så lenge ho levde.
Barn:
- Ola, født 1795, død 1796
- Siri, født 1797. Ho hadde ein son - Ola, født 1825 . Siri blei gift i 1828 med Just Mortensen, dagarbeidar, budde i Stavanger. Han fekk kongeleg skjøte på denne parten i 1832, men selde igjen tre år seinare.
- Tore, født 1800, død 1829, budde på Frøyland, ugift.
Sjå vidare bruksnr 9 nedføre.
IV
nå bruksnr 4
5 39. Ola Knutsen, født 1717, død ca 1760. Son til Knut Endresen Bjelland (Bjelland-18). Han hadde gifta seg med ei enke på Haga i Høyland og fått gard der med henne (Ola Aurenes Høyland side165 nr 32).
39. Ola Knutsen, født 1717, død ca 1760. Son til Knut Endresen Bjelland (Bjelland-18). Han hadde gifta seg med ei enke på Haga i Høyland og fått gard der med henne (Ola Aurenes Høyland side165 nr 32).
Så kom han til Frøyland og bygsla i 1754 dei 12 spann korn som då blei skilt ut som eit nytt gardsbruk (jf nr 34 oppføre). Dette brukte han til 1759, då overlot han det til stesonen sin. Gift med enka Marta Torgersdotter, født 1709, død 1764, dotter til Torgjer Persen Gjestaland i Høle. Den første mannen hennar var Jon Jensen Haga (Ola Aurenes Høyland side 165 nr 31). 1764 var ho gammal og fattig og budde då som innarst hos Ola Eilevsen som hadde denne parten på den tida.
Barn:
- Berta, født 1743, ho tjente i 1759 på Sørbø
- Guri, født 1744, død 1749
- Jon, født 1746, død 1749
- Kari, født 1752.
40. Jens Jonsen, født 1740, død 1785. Son til Jon Jensen Haga i Høyland (Ola Aurenes Høyland side 165 nr 31). Jens overtok parten i Frøylandsgarden i 1759, men hadde han bare til 1763. Seinare budde han i Stavanger og var matros. Han hadde hus i Østervåg (Samlign Stavanger historie IV side 452, 520). Gift 1) i 1759 med Gunhild Hansdotter, født 1732, død 1774, dotter til Hans Trondsen Bjelland (Bjelland-7), 2) i 1775 med Kari Olsdotter, født 1738, død 1815, dotter til Ola Knutsen Søre Hogstad (Hogstad-73).
Barn, bare dei to eldste barna var fødde her:
1. Marta, født 1760
2. Jon, født 1763, død 1763.
41. Ola Eilevsen, født 1708, død 1767. Son til Eilev Bjørnsen Lyse i Forsand (Sigleif Engen Forsand I.2 side 634 nr 3). Ola og kona var ei tid husmannsfolk i Li under Ims i Høle og etterpå i Bakken under Fløysvik i Høle. 1763 bygsla han denne parten av Frøyland som Jens Jonsen hadde hatt. Ola døydde allerede fire år etter, og ved skiftet etter han var det lite han etterlot seg. Dødsbuet utgjorde ikkje ein gong 44 dalar, så dei må ha vore fattigfolk. Gift med Ingeborg Gunnarsdotter, født ca 1708, død 1798. Faren hennar var kanskje Gunnar Ljødesen frå husmannsplassen Fladen under Dirdal. Enka Ingeborg oppgav parten på Frøyland til Gudleik Ellingsen i 1767. Ho budde siste tida hos dottera på Molaug i Frafjord der ho døydde 90 år gammal.
Barn:
1. Jorunn, født 1746, gift 1) med Ola Evertsen, født i Sirdal, død 1791, budde i Dalen under Jørpeland, (Jan Alsvik Strand 3 side 1093), 2) i 1792 med enkemann Tolleiv Olsen Molaug (Gudtorm Mikkelson Gjesdal indre del 1 side 180 nr 9),
2. Eilev, født 1751, var heime i 1764. Ei dotter av han, Ingeborg, født ca 1786, tjente i 1801 hos fastera si på Maudland, ho gifta seg i 1815 med Knut Olsen frå Dalen under Horve i Høle
3. Berta, født 1752, gift 1) i 1793 med enkemann Hallvard Danielsen, husmann i Urå under Hetland prestegard (han hadde tidlegare budd i Breivig under Hommersåk, samanlign Garden Hommersåk-29), 2) i 1798 med enkemann Nils Rasmusen, husmann i Urå (han hadde vore husmann i Vågen under Hommersåk, samanlign Garden Hommarsåk-19)
4. Ingeborg, født ca 1758, gift i 1781 med Reidar Olsen Maudland (Maudland-12)
5. Gunnar, født 1761, budde på husmannsplassen Lendingane under Løbrekk prestegard i Strand, gift i 1789 med Gjøa Eriksdotter frå Litla Auglend i Høle (Jan Alsvik Strand 2 side 571).
42. Gudleik Ellingsen, født 1729, død 1795. Son til Elling Gudleiksen Haualand (Haualand-25). Gudleik overtok faren sin part av Haualandsgarden (samanlign Haualand-26), men han var leiglending og måtte flytta frå garden i 1767 då jordeigaren trengte jorda sjølv. Han kom så til Frøyland der enka etter Ola Eilevsen avstod denne parten til han. Gudleik fekk bygslebrev frå soknepresten same året og hadde sidan denne parten til han døydde. Han etterlot seg verdiar for meir enn 177 dalar, mellom anna nokre sølvsaker. Dessutan hadde dei svært mange tinnfat og tinntallerknar. Dei hadde også Müllers huspostill. Gudleik og kona var med andre ord velstandsfolk i forhold til dei som budde her før. Gift i 1754 med Anna Svensdotter, født 1733, død 1805, dotter til Sven Nilsen Jåttå i Hetland. Etter at ho blei enke, dreiv ho garden fram til 1798.
Barn:
1. Sven, født 1754, han var i 1795 paa en Søereise fra Bergen, og budde i 1798 i Bergen
2. ei dotter, nemnt i 1754, truleg død lita
3. Elisabet, født 1757, i 1798 heiter det om henne: reist til Kjøbenhavn for 11 Aar siden og ingen Underretning haves om hende"
4. Anna, født 1761, død 1771
5. Ingeborg, født 1763, død 1835. Ho tjente på Malmeim i 1795, budde på Lunde i 1798 og i 1801 hos søstera Barbro på Frøyland. Ikkje gift. Ho døydde på Frøyland som Fattigkone.
6. Barbro, født 1765, gift i 1798 med Samuel Olsen som overtok gardsbruket (nr 43)
7. Anna, født 1768, død 1768
8. Anna, født 1770, død 1771
9. Elling, født 1773, død 1803, budde hos søstera Barbro, ugift.
43. Samuel Olsen, født 1769, død 1839. Son til Ola Samuelsen Tangen i Lyse (Sigleif Engen Forsandboka I.2 side 706 nr 12). Han bygsla denne parten i 1798 og var den siste leiglendingen her. I 1833 kjøpte sonen gardsbruket. Samuel må ha vore oppe i pengevanskar for han lånte 42 dalar av Torbjørn Torsen Frøyland i 1799. Men han betalte dette tilbake same året og lånte dei heller av Jon Ivarsen Kalvøy mot pant i Creaturer og Løsøre. Gift i 1798 med Barbro Gudleiksdotter, født 1765, dødt 1830, dotter til Gudleik Ellingsen Frøyland (nr 42).
Barn:
1. Gudleik, født 1799, bonde på Li (Li-27), gift i 1828 med enka Marta Helena Persdotter Li
2. Ola, født 1802, død 1839. Han var blind og budde hos broren Andreas på Frøyland, då han døydde var han fattiglem. Med enka Kristina Gunnarsdotter Frøyland fekk han dottera: Olina, født 1827, som voks opp hos mora og den nye ektemannen hennar i Sanddalen (sml nr 44.a)
3. Andreas, født 1808, bonde på denne parten etter faren. Han fekk kongeleg skjøte på gardsbruket sitt i 1833. Gift i 1833 med Berta Ådnesdotter Håbet.
Sjå vidare nr 111 nedføre.
HUSMENNENE
1
Høvringstykket i Sanddalen (også kalt Kjidlingsedet). Det ligg i den felles utmarka på Frøyland heilt øverst i Sanddalen, ikkje langt frå grensa mot Høle.
44. Ola Olsen, født 1790, død 1861. Son til Ola Olsen, husmann under Høvring i Avaldsnes Arnvid Lillehammer Avaldsnes 2 side 95 nr 6). Han fann seg kone på Frøyland og då han gifta seg i 1831 var han arbeidsmann og holdt til på Frøyland. Så var han jordlaus husmann nokre år (i 1832 og 1835). I slutten av 1830-åra slo han seg til på eit stykke oppe i Sanddalen (der budde han i 1839), og her blei han verande så lenge han levde. Det blir nemnt i bygsleseddelen hans at han måtte ikkje være til Hinder for Gaardens Creatures Færdsel om Sommeren naarsomhelst de vilde Reise op og ned af Fjeldet. Torv til brensel skulle han skjera i Torvmyren og i ei myr oppe på Eileivs Tonen, ellers kunne han ta ved, lyng og brake til brensel i Øvre Jiskelie og skulde det tage ende skulde han Tage Lyng og Brage paa Elevs Fjeldet, men intet bortsælge. Det som Ola skulle yta i vederlag for plassen, tykte han var meir enn han kunne makta. Det blei derfor sett ned ei nemnd som skulle sjå på det, og han fekk noko lettare vilkår. Han slapp med 10 speciedalar i bygslepengar, mens Frøylandsbøndene hadde forlangt 12. Og i årleg avgift ville dei hatt seks vekers arbeid, det blei sett ned til tre veker i året, men ikke Alt i Høslaaten men afog til om Sommeren. Då soknepresten samla inn opplysningar om husmennene i Riska i 1853, fann han ut at Ola levde i Ringe Omstendigheder. Men i 1833 hadde han likevel vore i stand til å låna 100 speciedalar til svogeren sin, Gunnar Gunnarsen, som kjøpte farsgarden det året. Gift i 1831 med enka Kristina Gunnarsdotter, født 1801, død 1868, dotter til Gunnar Gunnarsen Frøyland (nr 27).
Ho hadde føre vore gift med Lars Larsen som døydde ca 1821 (nr 120). Etter at Ola Olsen Høvring var død, budde enka hans på plassen.
Barn:
Mellom dei to ekteskapa fekk Kristina ei dotter med den blinde Ola Samuelsen Frøyland (samanling nr 43 b):
1. Olina, født 1827, voks opp hos mora og stefaren. Med gift mann Raguel Asbjørnsen Indre Eikeland i Forsand hadde Olina dottera: Gjertine født 1849 (Sigleif Engen Forsand III side 331 nr 16).
Barna til Kristina i hennar andre ekteskap med Ola Olsen Høvring:
2. Gunhild Taletta, født 1832
3. Rakel, født 1834. Med sjømannen Ola Olsen Østrem af Lund hadde ho dottera: - Taletta, født 1858. Rakel, gift i 1858 med Tobias Olsen Austreim, budde i Stavanger
4. Olaus, født 1837, overtok stykket (nr 45)
5. Kristina, født 1840
6. Gurina, født 1843. Med Salve Asgautsen af Mandal hadde ho sonen: - Sven, født 1866. Gurina, gift i 1879 med Martin Knutsen Grødeim.
45. Olaus Olsen, født 1837, død 1877. Son til Ola Olsen, husmann på Høvringstykkjet (nr 44). Dei budde eit par år i Stavanger. Men hadde så husmannsplassen etter foreldra hans ei kort stund. Her budde dei i 1874. Seinare var han til sjøs, og då budde familien til leige hos husmannen Per Kristensen i Bakken ned mot Frøylandsvatnet. Der budde dei i 1875 (Folk i bygda-423). Gifti 1867 med Anna Maria Larsdotter, født 1841, dotter til Lars Larsen Mele i Forsand (Sigleif Engen Forsand III side 204 nr 10).
Barn:
- Lars, født 1867, død liten
- Lars, født 1868
- Ole Kristinius, født 1871
- Marselius, født 1872
- Gjertine, født 1874
- Olava Maria, født 1877.
2
Gjertrudstykket på Rudlå. Det var i utkanten av innmarka, i bakkehellinga nederst på det dyrka området. Stykket låg under den parten i Frøylandsgarden som oppføre er kalt bruk III, og nedføre har fått bruksnummer 9. Ved utskiftinga på Frøyland 1875 blei parsellane i innmarka lagt litt om, og den gamle husmannsenka Gjertrud mysta noko jord som ho fekk igjen på den andre sida slik at stykket hennar blei forskjøvet
46. Håvard Torsen, født 1804, død 1850. Son til Tor Persen Habn under Høllesli i Forsand (Sigleif Engen Forsand I.1 side 300 nr 2, der denne sønnen Håvard nummer to ikkje er tatt med). Håvard var det yngste barnet i faren sitt andre ekteskap og blei døypt fastelavnsøndag 12. februar 1804. Håvard sin morbror Gunnar Gunnarsen hadde ein av dei to store partane i Frøylandsgarden (nr 27 oppføre), og Håvard blei gift med søskenbarnet sitt her på Frøyland. Dei blei gift i Domkyrkja i Stavanger 1829. Då står det at han var født i Holleslie i Holle Sogn, men stavangerpresten har gitt faren hans feil farsnamn, det står Thor Aadnesen.
Svigerfaren/morbroren begynte å dra på åra og hadde allerede tatt sonen, den yngre Gunnar, med inn i drifta av garden (nr 28). Han lot også svigersonen/søstersonen få driva noko av jorda (opplyst då den delen av av det store gardsbruket blei seld litt seinare). Men det gjekk ikkje så bra for Håvard, seinare får ein vita at han var spedalsk. Han budde på Frøyland som jordlaus husmann i 1835. I 1838 fekk han festeseddel paa et Jordstykke av Ivar Persen som hadde eit mindre gardsbruk på Frøyland, det var et Stykke kaldet Rollen og et Stykke Græsslaat Nor i bergene. Ved skulle han ta i Lendekrov og torv i Enahagmyren, ellers kunne han finna lyng og brage Hvor han vil. For dette stykket skulle han betala 24 speciedalar i innfesting og tre dalar kvart år i avgift. Håvard døydde som fattiglem, bare 46 år. Gift i 1829 med Gjertrud Gunnarsdotter, født 1803, død 1878, dotter til Gunnar Gunnarsen Frøyland (nr 27). Gjertrud og Håvard var søskenbarn.
Ho sat sidan med plassen til ho døydde. Ifølge soknepresten levde ho i Ringe Omstendigheder i 1853 (då er plassen hennar kalt Volden i staden for Rollen). Ho døydde som fattiglem. Dei fekk eit dødfødd barn i 1829.
3
Ein "Strandsidder"
47. Gunnar Rasmusen, født 1809, død 1875. Son til Rasmus Rasmusen Nordre Hogstad (Hogstad -48). Gunnar fann seg kone på Frøyland og budde til å begynna med hos familien hennar. 1839 blei
han kalt innarst, men i 1843 var han strandsittar, det vil seia ein husmann eller plassmann som ikkje hadde noko vidare med jord å bruka. Sidan var han arbeidsmann og innarst. Ein innarst var ein som budde med eigen husholdning i huset til andre. 1856 fekk han skjøte frå kongen på halvdelen av den gardparten som svigerfaren hadde brukt (sjå vidare nr 60). Gift i 1837 med Berta Torsdotter, født 1815, dotter til
Tore Rasmusen Frøyland (nr 19).
Barn:
- Rakel, født 1839
- Berta, født 1841
- Taletta, født 1843
- Rasmus, født 1846
- Grete Jorina, født 1849
- Berta Gurina, født 1853
- Børe, født 1856.
4
Ein husmannsplass i innmarka. Stykket låg under den parten i Frøylandsgarden som nedføre har fått bruksnummer 6.
48. Gunnar Gunnarsen, født 1805, død 1889. Son til Gunnar Gunnarsen Frøyland (nr 27). Gunnar var først bonde på farsgarden i fleire år (nr 73), men denne gav han frå seg til sonen i 1853.
Gunnar og kona fekk seg så feste på ein indengjærdes Plads på garden til sonen, samt Brugen af de to smaa Kalvehager som ligger i Haldet til Frøilands Vandet. Han skulle ha Beitingsret for 1 Ko og 6 Faar og Ret til at skjære Torv 2 Dage aarligt i de Gaarden tilliggende Myrstykker nemlig Stormyren og Jubedalsmyren, een Dag i hver Uge saaledes at 1 Mand skjærer og 2 Mand bærer. For denne plassen skulle Gunnar arbeida tre dagar i året, 1 Dag i hver Aantid. Då folketellinga i 1875 blei skriven, låg Gunnar på Amtssykehuset i Stavanger og der døydde han 1889. Gift i 1831 med Berta Johanna Jakobsdotter, født 1808, død 1879, dotter til Jakob Reiersen, gjestgivar i Sandviken i Bergen.
Barna er ført opp på nr 73.
5
Bakken (også kalt Raskastykket) Ein husmannsplass "innengjerds" (i innmarka). Låg nede med Frøylandsvatnet og høyrde under bruksnr 12.
49. Per Kristensen (Austmannen), født 1805, død 1880 (Alderdomssvaghed). Son til Kristen Persen Håland i Konsmo i Vest-Agder (Tore Bergstøl Konsmo 1 side 232-233). Han arva eigedomsretten til halve gardsbruket faren hadde hatt i Håland, men selde det 1832 for 200 speciedalar. Han fekk ein son med jenta Apelone Knutsdotter Seland i 1833. Apelone Knutsdotter, født 1810, dotter til Knut Ånensen Seland (Tore Bergstøl Konsmo 1 side 339). Ho gifta seg seinare med Osmund Andersen, arbeidsmann busett i Kristiansand. Men dei neste tjue åra er det ikkje spor etter Per Austmann. Ikkje før Per Austmann noko før 1855 kom til Frøyland. Her fekk han ein plass nede ved Frøylandsvatnet og var husmann med jord. Plassen kallest Bakken i 1865, mens det ved folketellinga ti år seinare står at det er ein Husmansplads uden særskilt Navn. I tillegg kallest han arbeidsmann. Per Kristensen blei gift i 1856 med enka Serina Nilsdotter (ho var døypt Severine Gesine), født 1825, død 1889, dotter til Nils Nilsen, husmann på Mona under Hananger i Vanse (Kåre Rudjord Lista 2 side 464). Ho hadde før vore gift med Andreas Johannesen, død 1849, som budde som innarst i Uskakalven (Folk i bygda-262).
Barn med Apelone Knutsdotter:
1. Kristen, født 1833, død 1893, bryggearbeider (sjauer), busett i Kristiansand, blei etter kvart sinnslidande, ugift.
Barn i ekteskapet:
2. Per Kristian, født 1856, dagarbeidar, budde på Frøyland (Folk i bygda-424). Seinare var han vegarbeidar og flytta ned til Vågen (Folk i bygda-58). Gift i 1880 med Gitline Rasmusdotter Nordre Hogstad
3. Anna, født 1859, død 1910/20, syerske, budde i Stavanger, gift i 1907 med Peder Olsen Aske, Løsarbeider, budde i Stavanger, før han gifta seg hadde hatt eit gardsbruk på Lauvås ei kort tid (Lauvås-73), etter Anna døydde, dro han tilbake til heimplassen og var gårdsarbeider hos svigerinne, død 1938 på Askje i Mosterøy (Birger Lindanger og Jørg Eirik Waula Rennesøy 3 side 1195-1196 nr 10). Med ungkar Andreas Hommersand fekk Anna sønnen: Adolf Severin, født 1891, Kjører ved Kjødforretning, budde i Stavanger, gift med Karen Teodora Hansen (død 1925 av lungetuberkulose).
4. Nils, født 1863, til sjøs i 1891, ugift
5. Andreas, født 1866, til sjøs i 1891, ugift.
6
Auglend
Ein husmannsplass i den felles utmarka
50. Jakob Jakobsen, født 1830, død 1880 (Tæring) Son til Jakob Jakobsen, husmann i Longabakka under Brekke i Sauda (Arnvid Lillehammer Sauda 2 side 293 nr H 13). Jakob budde første tida som innarst eller losjerande hos Per Thorsen på Frøyland. Han var då fiskar (i 1865), men mest blei han kalt arbeidsmann. Truleg ikkje lenge etterpå fekk han setta opp hus på Auglend i den felles utmarka (jamnfør at søstera hans budde hos han 1866). Her budde dei 1875. Jakob var då huseigar, fiskar og slaktar. I 1879 og 1880 blei han omtalt som strandsittar, då han døydde kaltest han husmann. Jakob hadde ein son med jenta Bergitte Olsdtr. (Hetland-33.f). Jakob Jakobsen gifta seg i 1861 med Berta Gunnarsdotter, født 1841, død etter 1920, dotter til Gunnar Rasmusen Frøyland (nr 60). Ho budde her som enke 1891 og var då Vadskerkone ellers tok ho på seg al slags Gaardsarbeide, og 1900 dreiv ho med Jordbrugsarbeide. 1910 levde ho av hafde midler, og 1920 hadde ho vesentlig nedsatt arbeidsevne på grunn av gikt og alderdom.
Barn:
1. Børe, født 1860, bonde på Merland (Merland-14), gift 1) i 1890 med enka Berta Olsdotter Merland (død 1895), 2) i 1896 med Jorina Persdotter
Barn i ekteskapet:
2. Johan Eilert, født 1862, skipsførar, budde i Stavanger, gift 1) med Andrea Severine Asbjørnsen (seinare skilde), 2) i 1907 med Anna Malene, ho dreiv kjøttforretning
3. Gunnar, født 1864, død 1880 (drukna), han og den jamnaldrande Severin Eriksen frå Voll drukna begge to (jf nr 90.j nedføre), truleg i Frøylandsvatnet (det var i september, så det var ikkje leik på isen)
4. Berta, født 1867, gift i 1897 med Edvard Monsen, skipper, budde i Stavanger
5. Inger Johanna, født 1870
6. Berta Taletta, født 1873
7. Jakob Berdines, født 1876, død før 1910, matros, budde i Stavanger, gift i 1901 Johanne Margrete Monsen (dotter til jekteførar Mons Evensen, Buøy)
8. Østen, født 1878, død 1879
9. Østen, født 1880.
Mora opplyser i folketellinga 1920 at ho hadde hatt 8 barn og fire levde då, då må dei to døtrene Inger Johanna og Berta Taletta ha vore i live 1920, men dei er ikkje nemnt etter barneåra, kanskje dro dei til Amerika
Jakob si søster, Eli Jakobsdotter, budde her på Auglend 1866 (Folk i bygda-421, 539 og 333).
1893 budde Laurits Knutsen Vier med familien sin her (Folk i bygda-425).
Etterpå budde Berta si søster, Taletta Thomsen, her. Ho var blitt enke då mannen var med blant dei ti som drukna i mellerbåtforliset på veg heim frå Byen (Stavanger) i 1893, og då flytta ho ned til søstera på Auglend (Folk i bygda-426).
Fotnoter
- ↑ Opplyst av Olav Utvik, som hadde det frå Henrikke, enka etter Elias.
- ↑ Sjå Samlinger til Stavangers historie, band 3, side 117 og 199.
- ↑ Nemnt i skriftet "My Erikson Heritage".
- ↑ Opplyst av Olav Utvik, som hadde det frå Henrikke, enka etter Elias.
- ↑ Sjå Eyvin Dahl, Ætt og Heim 1954, side 46-50 og 1955, side 114-118.
- ↑ Sjå A.W.Brøgger, Stavangers historie i middelaldren, side 194 og 264, note 29.
- ↑ Sjå Eyvin Dahl, Ætt og Heim 1954, side 55.
- ↑ Sjå Kåre Lunden, Korn og kaup, side 88 og 245.
- ↑ sjå Knut Helle, Stavanger : fra våg til by, side 151 og 174.
- ↑ Sjå Steinnes, Ætt og Heim 1969, side 52.
- ↑ Frå Andreas Holmsen, «Utarbeiding av gardshistorie», side 92-94.
- ↑ Frøeland i Manntallet 1701, nr. 4: Jæren og Dalane fogderi fra Digitalarkivet
Kjelder
- Teksten er henta frå boka Riska : Gardar og tettstad av Eivind Smith, utgitt av Sandnes kommune, 1993. Digital versjon på Nettbiblioteket.
- Brøgger, A.W.: Stavangers historie i middelaldren. Utg. Dreyer. Stavanger. 1915. Digital versjon på Nettbiblioteket.
- Dahl, Eyvin: «Byre - Sandvin - Sponheim», del 1, side 35-55 i Ætt og heim : lokalhistorisk årbok for Rogaland, Stavanger, 1954. Digital versjon på Nettbiblioteket.
- Dahl, Eyvin: «Byre - Sandvin - Sponheim», del 2, side 109-118 i Ætt og heim : lokalhistorisk årbok for Rogaland, Stavanger, 1955. Digital versjon på Nettbiblioteket.
- Helle, Knut: Stavanger : fra våg til by. Utg. i hovedkommisjon hos Stabenfeldt. Stavanger. 1975. Digital versjon på Nettbiblioteket.
- Holmsen, Andreas: «Utarbeiding av gardshistorie», side 63-100 i Bygdesogekurset i Trondheim 28. juni - 3. juli 1948 : foredrag. Utg. Nord-Trøndelag historielag. S.l.. 1950. Digital versjon på Nettbiblioteket.
- Lunden, Kåre: Korn og kaup : Studiar over prisar og jordbruk på Vestlandet i mellomalderen. Utg. Universitetsforlaget. Oslo etc.. 1978. Digital versjon på Nettbiblioteket.
- Samlinger til Stavangers historie. 3 : Stavanger rettsprotokoller 1617-1722 i utdrag : etter A.E. Erichsens og Axel Kiellands manuskripter. Utg. Stavanger kommune. Stavanger. 1953. Digital versjon på Nettbiblioteket.
- Steinnes, Asgaut: «Hev "Tolga vore krungods"», side 49-53 i Ætt og heim : lokalhistorisk årbok for Rogaland, Stavanger, 1969. Digital versjon på Nettbiblioteket.