Albert Joleik: Forskjell mellom sideversjoner
Ingen redigeringsforklaring |
Ingen redigeringsforklaring |
||
Linje 1: | Linje 1: | ||
{{Under arbeid}} | {{Under arbeid}} | ||
'''[[Albert Joleik|Albert Sigvard Joleik]]''' (fødd i [[Florø]] 14. mars 1880, død i [[Bergen]] 30. april 1968) var pressemann, offiser, gardbrukar og lokalhistorikar. Ikkje minst var han ein ihuga målstrevar og norskdomsmann. Han er truleg best kjend for ei rad bygdebøker og distriktssoge frå Sunnfjord. Dessutan har Joleik vore mykje omtala for sitt opphald i Fristaten Kongo som offiser i kolonihæren til Kong Leopold II av Belgia 1905–1908. | '''[[Albert Joleik|Albert Sigvard Joleik]]''' (fødd i [[Florø]] 14. mars 1880, død i [[Bergen]] 30. april 1968) var pressemann, forfattar og omsetjar, offiser, gardbrukar og lokalhistorikar. Ikkje minst var han ein ihuga målstrevar og norskdomsmann. Han er truleg best kjend for ei rad bygdebøker og distriktssoge frå Sunnfjord. Dessutan har Joleik vore mykje omtala for sitt opphald i Fristaten Kongo som offiser i kolonihæren til Kong Leopold II av Belgia 1905–1908. | ||
== Bakgrunn og familie == | == Bakgrunn og familie == |
Sideversjonen fra 25. sep. 2020 kl. 14:20
Det har trolig ikke vært gjort noen endringer på artikkelen den siste uka. I så fall kan denne markeringa fjernes, men sjekk redigeringshistorikken og eventuelt diskusjonssida først.
Albert Sigvard Joleik (fødd i Florø 14. mars 1880, død i Bergen 30. april 1968) var pressemann, forfattar og omsetjar, offiser, gardbrukar og lokalhistorikar. Ikkje minst var han ein ihuga målstrevar og norskdomsmann. Han er truleg best kjend for ei rad bygdebøker og distriktssoge frå Sunnfjord. Dessutan har Joleik vore mykje omtala for sitt opphald i Fristaten Kongo som offiser i kolonihæren til Kong Leopold II av Belgia 1905–1908.
Bakgrunn og familie
Albert var den eldst av åtte sysken. Foreldra var Abraham Andersen (22.02.1854 - 08.10.1931, fødd i Eikefjord) og Susanne Abrahamdotter Vasset (17.12.1854-12.12.1951, også fødd i Eikefjord). Albert fekk på eit seinare tidspunkt skifta ut familienamnet Andersen med det norrønt inspirerte Joleik. Namneskiftet skjedde i 1905, og Joleik gjorde eit ekstra poeng av at det var godkjent av «1905-ministerie».[1]
På den tida Albert vart fødd, dreiv faren som handelsmann på strandstaden Florø. Men før Albert var ferdig med folkeskulen, flytta familien ut på bygda til Eikefjord, og dreiv frå da av garden Vassethola. Faren dreiv nok også noko verksemd utanom gardsbruket. Iallfall er han i folketeljinga 1910 registrert som «reisende for et symaskinfirma».[2]
Albert Joleik gifta seg veslejulaftan i 1912 med lærar Olava Hjulstad (1888–1965) frå Inderøy i Trøndelag. Foreldra hennar var gardbrukarparet Olav Nilson og Amalia Kristine Andreasdotter Hjulstad. Albert og Olava Joleik fekk 11 born, fødde i tidsrommet 1914-1934. Albert hadde ein son frå før, Olav fødd 1908, som voks opp hjå besteforeldra sine i Eikefjord.
Albert Joleik og familien budde fast i Bergen til 1932. Da kjøpte dei garden Kleppstølen i Naustdal. Albert budde også etter dette i Bergen monalege delar av året av omsyn til avis- og granskingsarbeid.
Utdanningsvegen
Albert fekk fullføre folkeskulen i Florø enda om familien flytta ut på bygda i Eikefjord. Han var ein ekstra oppvakt elev, og fekk ekstra undervisning i matematikk og engelsk. Etter folkeskulen gjekk han mellomskule i Bergen. Han gjekk på den private Hambros skole der, og tok mellomskuleeksamen berre 13 år gamal. Han fekk da friplass for også å ta gymnaset ved Hambros skole. Han fekk dertil nødvendig pengestøtte hjå formuande velgjerarar som Albert J. Mohn og apotekar Lohte. Han tok examen artium som 16-åring i 1896.
Etter eit halvår som krambudreng i Florø og eit års tid heime på garden, drog Albert til Kristiania for å studere, med økonomisk støtte frå dei same to velgjerarane Mohn og Lothe, og nå også med fleire kjende namn i ryggen som Christian Michelsen og Rasmus Meyer med fleire. Ved universitetet tok Joleik anneneksamen (forberedende) våren 1898. Som fagstudium las han både språkfag og realfag. Det var språkfaga som engasjerte mest, og han framhevar særleg professorane Marius Hægstad og Sophus Bugge som lærarar som tydde mykje for han.
Joleik tok embetseksamen som cand.real. til jul i 1902. I mellomtida hadde han gjennomgått eit aspirantkurs på Krigsskulen. Han gjennomførte den eittårige Nederste avdeling Krigsskulen i 1903. Han vart da «ulønna offiser» (reserveoffiser utan fast militær stilling, men med ei viss pliktteneste ved eksersis og øvingar i ein del år frametter) med graden sekondløytnant.[3]
Skulelærar
Etter Krigsskulen var Joleik framhaldsskulelærar i Bø og Treungen i Telemark ei tid. Vanskar med å få lærarpost eller anna passande arbeid var sterkt medverkande til at han søkte seg teneste som militær i Kongo, sjå nedanfor. I åra 1908-1911, etter Afrika-opphaldet, hadde han vikariat som lærar ved lærarskular, fyrst på Stord, så i Levanger. På «Livangr», som han sjølv skriv, «[…] var eg heppin – der vart eg kjend med henne som vart kona mi.»
Afrikaopphaldet
Pressemannen
Bygdebokforfattaren
Bibliografi
- Soga um jomsvikingarne. Utg. Samlaget (Landsmaalslaget). Oslo. 1910. Digital versjon på Nettbiblioteket.
- Soga um Halv og Halvsrekkarne. Utg. Samlaget (Landsmaalslaget). Oslo. 1917. Digital versjon på Nettbiblioteket.
- Soga um Torgjils Errabeinstjup, eller Floamanna saga. Utg. Fjordaposten. Bergen. 1925. Digital versjon på Nettbiblioteket.
- Soga um Jomsvikingane. Utg. Samlaget. Oslo. 1931. Digital versjon på Nettbiblioteket.
- Sunnfjordsoga fram til 1801. Bd. 1. Utg. Sunnfjord sogenemnd. 1959. Digital versjon på Nettbiblioteket.
- Sunnfjordsoga fram til 1801. Bd. 2. Utg. Sunnfjord sogenemd. 1959. Digital versjon på Nettbiblioteket.
- Ord sum er sams i rysk, norsk og svensk. Utg. [s.n.]. Bergen. 1960. Digital versjon på Nettbiblioteket.
- Soga um Jølst fram til 1801 og litevetta um Breim. Utg. Jølster sogenemnd. 1967. Digital versjon på Nettbiblioteket.
- Soga om Flora. Før: Eikefjord, Florø, Kinn og Bru kommunar. No: Flora kommune. Soga fram til 1801. Utg. Sogenemnda. 1980. Digital versjon på Nettbiblioteket.
- Bremanger bygdebok. Soga fram til 1801. Utg. [s.n.]. 1969. Digital versjon på Nettbiblioteket.
Referansar
- ↑ F.eks. i Studentene fra 1896.
- ↑ Folketeljinga 1910
- ↑ Petersen, A. 1936.
Kjelder og litteratur
- Petersen, Alf: Den norske hærs vernepliktige officerer 1864-1933.. Utg. A.M.Hanches forlag. Oslo 1936. Digital versjon på Nettbiblioteket.
- Studentene fra 1896. Kristiania. 1921. Digital versjon på Nettbiblioteket.
- Studentene fra 1896. Utg. (Grøndahl). Oslo. 1946. Digital versjon på Nettbiblioteket.