Alette Heyerdahl

Fra lokalhistoriewiki.no
Sideversjon per 26. mai 2016 kl. 19:53 av Stigrp (samtale | bidrag) (→‎Ekteskap og bustader: mannens leveår)
Hopp til navigering Hopp til søk
Alette Heyerdahl er gravlagt i familiegrav på Vår Frelsers gravlund i Oslo.
Foto: Stig Rune Pedersen (2016)

Alette Maren Helga Henriette Heyerdahl (fødd i BergSenja 20. september 1862, død på Alnabru i Oslo 31. mars 1957) var ein pioner blant kvinner som tok høgare utdanning. Ho var blant dei aller fyrste kvinnene i landet som tok eksamen artium. Ho studerte filologi og teologi ved universitetet, men satsa ikkje vidare på akademisk karriere. Da ho gifta seg og vart prestefrue, vigde ho evner og krefter til familie, foreiningsverksemd og lokalsamfunn. Ho var samfunnsengasjert, ivrig mellom anna med ungdomsarbeid, og hadde fleire offentlege verv. Ho verka på fleire vis for å fremje kvinneleg samfunnsengasjement.

Bakgrunn og oppvekst

Alette Heyerdahl var dotter til sokneprest Christian August Aagaard Hansen (fødd 1818) og hustru Amine Dorothea f. Falch. Alette hadde seks systrer, og alle sju i syskenflokken var fødde i Berg. Dei fekk oppveksten sin der fram til 1876, da faren overtok prestekallet i Strinda ved Trondheim, og familien flytta dit

Utdanning

I 1884 tok Alette Heyerdahl (Aagaard Hansen) eksamen artium som privatist ved Trondheim katedralskule, latinlinja. Ho var ei av til da fire kvinner som hadde teke artium etter at kvinner hadde fått adgang til dette to år tidlegare. (Den fyrste var Cecilie Thoresen i 1882, så Marie Geelmuyden i 1883 og deretter Anna Bugge (gift Wicksell) same året som Alette i 1884.)

Alette Heyerdahl drog til Kristiania i 1885 og tok «anneneksamen» (førebuande ved universitetet). Ho byrja på eit fagstudium i filologi, men gjekk over til teologien i 1886 med det uttala føremålet å bli religionslærar. I 1887 tok ho eksamen i hebraisk. Etter tre års studium slutta ho ved universitetet, «da min helbred ikke var sterk nok til anstrengt eksamenslæsning», som ho sjølv skriv i studentjubileumsboka.

Ekteskap og bustader

I 1890 gifta ho seg med teologen Nils Roth Heyerdahl (1862-1956), som da skulle ta til i ei stilling som personalkapellan for soknepresten på Voss. På Voss vart dei buande til 1898, og der vart alle dei tre borna deira fødde: Marianne Kristine (1891), Kristian August Aagaard (1892) og Dorothea (Doro) (1894).

Frå 1898 til 1910 budde familien i Sandeherred (Sandar) ved Sandefjord, der mannen var kallskapellan. Så vart Nils R. Heyerdahl sokneprest i Tinn i 1910, og frå 1917 i Holla, der ekteparet da budde til han gjekk av for aldersgrensa i 1932. Etter det flytta Alette og Nils Heyerdahl til Alnabru i Østre Aker/Oslo, der båe døydde i høg alder i heimen sin, Bakkelund.

Alette Heyerdahl er gravlagt i familiegrav på Vår Frelsers gravlund i Oslo.

Yrke og samfunnsvirke

Etter at ho hadde gifta seg søkte ikkje Alette Heyerdahl noko aktiv yrkeskarriere. Men ho tok på seg ymse skulelæraroppdrag. Mellom anna gav ho privattimar i språk både på Voss og i Sandeherred. På Voss stod ho saman med mannen for «hurtigkursus» for vaksne gutar som etter folkeskulen ynskte å kome inn i øvste klassen av mellomskulen. Ho var elles nytta som vikar ved Sandefjords middelskole, mest i engelsk, historie og religion.

Av offentlege verv kan nemnast at ho sat i skulestyret i Sandeherred i fire år, og var også med i fattigstyret der.

Alette Heyerdahl seier sjølv at (kristeleg) ungdomsarbeid var hennar «væsentligste interesse», og ho engasjerte seg i dette både på Voss og i Sandeherred. Mellom anna var ho mykje brukt som foredragshaldar, spesielt i ungdomsforeiningane i Vestfold krets av Norges Kristelige Ungdomsforbund. Fleire av foredraga vart trykte i organisasjonens blad Den Unges Ven.

Frå 1904 og i mange år etter det var Alette Heyerdahl medarbeidar i bladet Bymissionæren, eit vekeblad utgjeve av Kristiania indremisjonsforening. Mellom anna hadde ho i fleire år i oppdrag og levere ei forteljing i veka, som oftast slike som ho hadde omsett frå andre språk.

I 1901 var ho medstiftar av og i mange år styremedlem i «Sandefjords og Sandehereds samtaleforening for kvinder». Foreininga hadde i følgje Heyerdahl som føremål «ved foredrag og diskussioner at fremme kvindernes interesse for kommunale og sociale spørsmaal, ligesom den ogsaa sætter i gang forskjellige almennyttige foretagender.»

Kjelder og litteratur