Alver kommune

Fra lokalhistoriewiki.no
Sideversjon per 6. jan. 2020 kl. 07:16 av Kallrustad (samtale | bidrag) (oppdatering i høve kommunereforma)
Hopp til navigering Hopp til søk

Alver kommune i Nordhordland, Vestland fylke, vart etablert 1. januar 2020, då kommunane Lindås, Radøy og Meland slo seg saman. Dei tre kommunestyra vedtok samanslåinga 22. juni 2016, i samband med Solberg-regjeringa si kommunereform. Året etter bestemte kommunane at namnet på den nye eininga skal vere Alver, etter at også alternativa Nordhordland, Knarvik, Kvernafjord og Radfjord hadde vore framme i diskusjonane. Namnet kjem frå Alver i Lindås, som er ein del av Knarvik tettstad.

Knarvik er administrasjonssenter i kommunen. Alver har om lag 29.090 innbyggjarar, eit areal på 679 kvadratkilometer og 2500 tilsette.

Kjelder og litteratur