Anton Kristensen Ødegaard

Fra lokalhistoriewiki.no
Hopp til navigering Hopp til søk

Mal:Thumb høyreAnton Kristensen Ødegaard (1856 - 1928) grunnla i 1899 Indre Smaalenenes Avis. Han verka også som pastor i metodistkyrkja ei rekkje stader i landet.

A. K. Ødegaard vart fødd i Trøgstad i indre Østfold. Faren Kristen Andersen, som var fødd 1810 i Trøgstad og død 1887, var gift med Anne Fransdatter frå Askim, fødd 1822, død 1881. Kristen var sjølveigande bonde. På garden var det ni stort kveg, fire får, og det vart dyrka kveite, rug, bygg, mykje havre, erter og poteter. Det var ein «Tjenestekarl» og ei «Tjenestepige» på garden i 1865.

Metodist

I 1870-åra vart Anton omvend til metodismen. Han fortalde seinare at han ønskte å bli lege, men faren meinte det var ikkje råd. «Du får vera heime og arbeida med jorda, du som meg», sa faren. Og slik vart det inntil Anton var omlag 30 år gammal. Då reiste han ut som forkynnar, og på sin veg land og strand rundt grunnla han også fleire mindre verksemder.

Metodistrørsla spreidde seg etter måten raskt i Østfold. Metodistkyrkjelyden i Eidsberg høyrde til det eldste dissentersamfunnet på dei kantar. Det tok ikkje lang tid før det også vart etablert ein kyrkjelyd i Askim, der det med jamne mellomrom vart halde møter.

Leiaren for kyrkjelyden var Anton Kristensen Ødegaard. Han hadde tittelen pastor. Til liks med Hans Nielsen Hauge, som også var østfolding, hadde han fått eit kall frå Gud medan han gjekk og pløygde jordet heime på garden på Kjærsag i Trøgstad - og som Hauge før han skulle Ødegaard også koma til å verka over store delar av landet. I beste Hauge-tradisjon var han også ein praktisk anlagt mann, full av tiltak og virkelyst.

Indre Smaalenenes avis

I 1899, like oppunder jul, vart det starta ei ny avis på Mysen: Indre Smaalenenes Avis. Utgjevar og redaktør var Anton Kristensen Ødegaard.

Ødegaard var 43 år då han grunnla avisa. Han hadde då budd i Bergen ei lang rekkje år, der han var pastor i metodistkyrkja. Då han kom tilbake til Mysen, hadde trusfellane hans bygd ei kyrkje, så pastoren har nok kjend det slik at tilhøva låg godt til rette for å ta fatt på meir verdslege arbeidsoppgåver. Dermed vart det til at han bestemte seg for å starta ei avis.

Sjølv sa Ødegaard noko humoristisk at han var lei av å stifta plakatar på husvegger og lyktestolper, så difor grunnla han Indre Smaalenenes Avis for å ha ein stad å kunngjera møtene på ein meir rasjonell måte.

Ødegaard hadde utarbeidd eit program på fem punkter for avisa. Bladet skulle koma ut kvar fredag og innehalda referat frå herredsstyremøta, og lesarane skulle få med seg dei viktigaste etterretningane frå inn- og utland. Det skulle leggjast vekt på alt som kunne fremja jordbruk og industri, og «Indre Smaalenenes Avis tager intet politisk Standpunkt, men lader den Sag diskuteres fra de forskjellige Sider». No høyrest jo dette siste ganske rimeleg ut, men det var faktisk eit ganske uvanleg standpunkt på den tida, då dei aller fleste aviser i landet tok klart standpunkt for eit politisk parti.

Men på eit punkt lot Ødegaard sine eigne preferansar slå gjennom. Øvst til venstre på førstesida stod ei «Erindringsliste» der metodistkyrkja sine møte i jula vart gjort kjent. Her ser me redaktøren i si andre rolle, som prest. Han skal leia gudstenesta både første juledag og «2den Juledags Form».

Med 400 abonnentar og avtale med lokale korrespondentar gjekk han i gong med redaksjonelt arbeid 15. desember 1899, og det første nummeret vart lagt i postsekker for utsending 22. desember.

Etter 85 nummer selde Ødegaard avisa til eit interessentselskap, som for ein stor del heldt fram med drifta i grunnleggjaren sin ånd. Avisa vart i 2003 slegen saman med Øvre Smaalenene og skifta navn til Smaalenenes Avis.

Anton K. Ødegaard budde dei siste åra av sitt liv i Kragerø, der han verka som pastor i den lokale metodistkyrkja.

Kjelder og litteratur

  • Anton Kristensen i folketelling 1865 for Trøgstad prestegjeld fra Digitalarkivet.
  • Anton Kristens. Ødegaard i folketelling 1900 for Eidsberg herred fra Digitalarkivet.
  • Anton Kristensen Ødegaard i folketelling 1910 for Kragerø kjøpstad fra Digitalarkivet.
  • Øvre, Indre og andre. Presse- og mediehistorien i Indre Østfold 1899 - 2000 (Olav Zakariassen. 2001)
  • Faksimileutgåve av Indre Smaalenenes Avis. No. 1, Fredag den 22. December 1899.
  • Strømme af Naade - en Prædikensamling. Med Billeder og Biografier. Norsk forlagsselskap. Kristiania, 1909
  • Ein stor takk til journalist Tom Helgerud i Smaalenenes Avis!

Eksterne lenkjer