Austefjord kyrkje

Austefjord kyrkje er ei langkyrkjeFyrde i Austefjorden, Volda kommune i Møre og Romsdal fylke. Kyrkjebygget er i treverk (tømmer) og opphavleg bygd i 1773. Arkitekt var ? Lien. Kyrkja har 150 sitjeplassar. Det er kyrkjegard ved kyrkja.

Oversyn over Fyrde (Austefjorden) med Austefjord kyrkje i framgrunnen 1963
Foto: Widerøe's Flyveselskap

Austefjordkyrkja stod opphavleg som Nes kyrkje i Bjugn prestegjeld. Bygdefolket i Austefjorden kjøpte ho for 2 800 kr. Kyrkja vart henta i april 1879. Samstundes vart ho restaurert og stod ferdig på Fyrde i november same året [1]. Mykje inventar følgde med kyrkja frå Nes, men etter kvart er det meste bytta ut. Kyrkjeklokka var ny og er frå 1879. Kyrkja fekk sitt fyrste orgel i 1909, men det vart skifta ut i 1954. Altartavla er måla i 1908 av kunstmålar ? Sjøholm. Kyrkja har vore vølt mange gonger [2].

Bilde frå Austefjord kyrkje

Kjelder

  1. Høidal, Eldar. 2007. Busetnadssoga for Volda bd 3, s. 187.
  2. Ørstavik, Ragnar. 1972. Austefjord kapell.

Eksterne lenker

  Austefjord kyrkje er ein del av prosjektet Kulturminneregistrering i Volda og er lagt ut under lisensen cc-by-sa. Lokalhistoriewikis brukere kan fritt redigere og utvide artikkelen. Artiklar i Kjeldearkivet skal ikkje endrast, bortsett frå at lenkjer kan leggjast inn.
Fleire artiklar finn du i denne alfabetiske oversikten og på prosjektforsida.

Koordinater: 62.061783° N 6.325698° Ø