Austevoll kommune

Fra lokalhistoriewiki.no
Sideversjon per 8. aug. 2008 kl. 13:16 av Gunnernett (samtale | bidrag) (Henta frå nynorsk wikipedia; versjonen http://nn.wikipedia.org/w/index.php?title=Austevoll&oldid=663017)
(diff) ← Eldre sideversjon | Nåværende sideversjon (diff) | Nyere sideversjon → (diff)
Hopp til navigering Hopp til søk

Mal:Koordinater

Austevoll
Basisdata
Kommunenummer 1244
Fylke Hordaland
Kommunesenter Storebø
Areal 2.95  km²
Areal land 0  km²
Areal vann 2.95  km²
Folketall ukjent kode (2023)
Nettside Nettside

Austevoll er ein øykommune vest i Hordaland fylke. Kommunen ligg i Midthordland, ut mot Nordsjøen, og er elles omgjeve av kommunane Sund i nord, Os i nordaust, Tysnes i aust, og Fitjar og Bømlo i sør. Kommunen består av 667 store og små øyar, og har eit samla areal på 114,0 km², og ei strandline på 337 km.

I generasjonar har fiskeri vore den største næringa i kommunen. Sidan 1980-talet har det vore stor vekst innanfor havbruksnæringa, og kommunen vert i dag rekna for landets største innan oppdrett av laks.

Administrasjonssenteret i kommunen er Storebø, som også er den største bygda. Kommunen har vidaregåande skule, Fiskarfagskulen i Austevoll. Havforskningsinstituttet har ein avdelinga i Austevoll. To børsnoterte selskap har hovudkontorene sine på Storebø i Austevoll, desse er reiarlaget DOF ASA, som er det største offshorereiarlaget i Noreg målt etter verdi[1], og havbruksselskapet Austevoll Seafood ASA.

I sør har kommunen ferjesamband frå Husavik til Sandvikvåg i Fitjar. Frå Austevollshella og Hufthamar går det ferje nordover til Krokeide i Bergen kommune. Flaggruten mellom Bergen og Stavanger har stopp på Hufthamar, det same har snøggbåten mellom Bergen og Sunnhordland.

Historie

Eldre historie

Austevoll var blant dei første stadane i Hordaland som vart isfritt mot slutten av istida. Det er funne spor av busetnad tilbake til den eldre steinalderen, for 10 000 år sidan. Næringsvegane har til alle tider vore fiske, fangst og jakt, i tillegg til enkelt jordbruk.

Nyare historie

Frå innføringa av Formannskapslova av 14. januar 1837 var Austevoll og Sund éin kommune. I 1886 blei Austevoll eigen kommune. 1. januar 1964 blei delar Fitjar (Selbjørn og sørlege Huftarøy) overdrege til Austevoll kommune.

Geografi

Austevoll består av 667 småkuperte øyar og holmar. Kommunen har ei strandline på 337 kilometer, og eit areal på 114 km². Dei største øyene dannar ein halvsirkel, med opning vestover. Frå nordvest, rekna med klokka, ligg Storekalsøy, så Hundvåkøy, lengst aust ligg Huftarøy, sørvest for Huftarøy ligg Selbjørn, og vest for Selbjørn ligg Stolmen. Heilt vest i kommunen, mellom Storekalsøy i nord og Stolmen i sør, ligg øyene (frå nord og sørover) Horgo, Møgster og Litlakalsøy.

I vest grensar kommunen til Nordsjøen, i nord ligg Korsfjorden, Bjørnafjorden i nordaust, Langenuen i aust og Selbjørnsfjorden i sør. Den høgaste toppen i Austevoll er Loddo, på 244 meter.


Bygder

Bygd Innb.tal (2005) [2] Innb.tal krins (2001) [3]
1. Storebø 1,032 1,341
2. Bekkjarvik 355 489
3. Kolbeinsvik 481
4. Vinnes 378
5. Haukanes 235

Øyer med heilårs busetnad

Øy Innb.tal [4]
1. Huftarøy 2,435
2. Selbjørn 956
3. Hundvåkøy 554
4. Stolmen 206
5. Storekalsøy 167
6. Møkster 65
7. Litlekalsøy 26
8. Lunnøy 10

Politikk

Austevoll kommune vert styrt etter formannskapsmodellen. Kommunestyret består 27 representantar, samansett av Framstegspartiet (9), Høgre (7), Arbeidarpartiet (4), Senterpartiet (3), Kristeleg Folkeparti (3) og Venstre (1).

Etter valet i 2003 vart Helge André Njåstad vald til ordførar i kommunen. Kommunen blir styrt av eit fleirtal i kommunestyret utgått av Framstegspartiet, Senterpartiet, Kristeleg Folkeparti og Venstre.

Austevoll kommune er den mest gjeldstynga kommunen i Hordaland, og kommuneøkonomi og betringa av denne er den viktigste politiske saka. Austevollsbrua, eit bruprosjekt som skal knyte Huftarøy og Hundvåkøy saman, har sidan byrjinga av 1990-åra vore ei viktig politisk sak. Bruprosjektet skal opnast i november 2007[5].

Bakgrunnsstoff

References

  1. Bergens Tidende: Satset millioner, høster milliarder [1]
  2. Statistisk Sentralbyrå: Urban settlements. Population and area, by municipality. 1 January 2006 [2]
  3. Statistisk Sentralbyrå: Folke- og bustadteljing 2001 [3]
  4. Mal:Cite paper
  5. Statens vegvesen, Rv. 546 Huftarøy-Hundvåkøy i Austevoll kommune [4]