Belglii 30 (Bykle)

Fra lokalhistoriewiki.no
Sideversjon per 24. okt. 2014 kl. 13:11 av Cnyborg (samtale | bidrag) (Ny side: {{Infoboks gard | målform = nn | bgfarge = | navn = Belglii 30 | bilde = | bildetekst = | altnavn = | førstnevnt = | ryddet = | ut...)
(diff) ← Eldre sideversjon | Nåværende sideversjon (diff) | Nyere sideversjon → (diff)
Hopp til navigering Hopp til søk
Belglii 30
Utskilt: 1983
Stad: Hovden
Sokn: Bykle
Fylke: Aust-Agder
Kommune: Bykle
Gnr.: 2
Bnr: 439
Type: Bustadseigedom

Belglii 30 er ein bustadseigedom på Hovden i Bykle kommune. Dette huset vart oppsett av Knut og Gerd Norum i 1985.

Knut Magne Norum, f 1939, d 1988.

g m Gerd Magnhild Knudsen, f 1940, 2005 busett Eydehavn. Born:
  • Nina Marete, f 1962, kunderådgjevar, bank, busett Arendal.
  • Geir Magne, f 1965, lagersjef, busett Arendal.
  • Inger Marie, f 1967, sjå Belglii 18.

Knut og Gerd kom hit frå Arendal. Han var son åt Margit og Magnus Norum, medan hennes foreldre heitte Nelly og Algot Knudsen. Dei dreiv rekneskapsfirma på Hovden. Etter at Knut døydde, flutte Gerd attende til heimtraktene, og selde huset her til Magne Dagfinn Bakken.

Bakken og familien hans budde her til 1995, då dei flutte til eit nytt hus dei hadde bygd seg (sjå Tuftevegen 18, bnr 653), og selde bustaden her vidare til dei som bur her nå (2006):

Rune Portaasen, f 1952

g m Inger Lill Nylehn Portaasen. Born:

Rune er frå Mjøndalen, og son åt Ingrid og Reidar Portaasen. Han og familien kom til Hovden i 1985, då han byrja som rektor ved Fjellgardane skule. Den stillinga har han framleis. Inger-Lill er også lærarutdanna, og arbeider som inspektør ved Hovden VGS. Ho er frå Krokstadelva, og dotter til Åse og Rolf Haugen. I politikken representerer ho AP i Bykle kommunestyre og Aust-Agder fylkesting.

Mal:Byklegsoga

Koordinater: 59.56088° N 7.36167° Ø