Berget (Jostedalen)

Sideversjon per 28. mai 2012 kl. 17:01 av Oddloho (samtale | bidrag) (Ny side: {{Infoboks gard (nynorsk) | bgfarge = | navn = Berget | bilde = Berget.JPG | bildestr = | bildetekst = Berget frå sør | altnavn = | førstnevnt ...)
(diff) ← Eldre sideversjon | Nåværende sideversjon (diff) | Nyere sideversjon → (diff)

Mal:Infoboks gard (nynorsk)

Berget (Luster, gnr. 204/1) er eit gardsbruk i grenda Fåberg i Jostedalen, Luster kommune. Bruket høyrer under matrikkelgarden Nedre Fåberg, men er øvste garden i grenda og ligg om lag 500 m.o.h.. Berget sokna til Mjølverdalen skule fram til krinsen vart nedlagd i 1968.

Husmannsplass

Ole Andersson Berget skal ha vore den som gjekk i gang med å rydde seg ein plass i Fåbergsberget kring 1789, og festesetelen vart skriven 3.6.1793. Berget var då plass under hovudbruket på Nedre Fåberg (bnr. 2).

Fråskild 1829

Berget vart utskild 25.10.1829 i samband med at sonen til den andre plassmannen overtok. Bruket fekk då ei skyld på 18 merker smør og ¼ bukkeskinn, som var ein fjerdedel av skylda på Nedre Fåberg. Det gamle stovehuset som framleis står i Berget, kan ha vore bygt då plassen vart rydda kring 1790. Eit nytt stovehus vart oppsett ut og ned for det gamle i 1950, og sidan då har det ikkje budd folk i gamlestova. Av andre gamle hus står stabburet som truleg er frå kring 1880.

Restaurering

Jostedal historielag har sidan 1988 hatt ein avtale med eigaren om å ta vare på og disponere det gamle tunet. Laget har lagt nytt tak på stovehuset og gjort jamleg vedlikehaldsarbeid. Det er òg lagt nytt tak på steinfjøsen som stod utan tak. Historielaget har år om anna hatt slåttedagar, grautdagar og andre tilstellingar i Berget.

Litteratur

  • Laberg, Jon. (1944). Jostedal. Ei stutt utgreiding um bygdi og folket der. Tidsskrift utgitt av Historielaget for Sogn (nr. 11), 5-85. (Digital utgåve, Jostedal historielag)
  • Øyane, Lars E. (1994). Jostedal sokn. Gards- og ættesoge for Luster kommune. (Bd. 5). Gaupne: Luster kommune, s. 708 og 687-689. (Digital utgåve, NBdigital)
  • [ http://www.historielaget.jostedal.no/?page_id=101 Garden Berget] (Jostedal historielag)
  • Hauge, Leif, og Ingvild Austad. (1989). ’’Kulturlandskap og kulturmarkstypar i Luster kommune.’’ Skrifter / Sogn og Fjordane distriktshøgskule, nr. 8/89. Sogndal, side 60-63] (Digital utgåve, Jostedal historielag)

Mal:Infoboks gardsbruk

Koordinater: 61°40′28,05″ N 007°19′51,79″ Ø