Brøstsaga: Forskjell mellom sideversjoner
({{nn}}) |
(justerte lenker) |
||
Linje 1: | Linje 1: | ||
{{thumb|Lager Brostsaga.jpg|Gamalt lager|Arnfinn Kjelland}} | {{thumb|Lager Brostsaga.jpg|Gamalt lager|Arnfinn Kjelland}} | ||
'''[[Brøstsaga]]''' var opphavleg ei [[oppgangssag]] som vart bygd opp kring 1870 ved den gamle vasskanalen [[Sagelva (Lesja)|Sagelva]] nær nær fylkesgrensa mellom Oppland og Møre og Romsdal. Det var gardane [[Ner-Brøste]] i [[Øverdalen]] i [[Romsdalen]] og [[Stuguflotten]] og [[Nystugu]] i [[Lesja]] som bygde denne saga. | '''[[Brøstsaga]]''' var opphavleg ei [[oppgangssag]] som vart bygd opp kring 1870 ved den gamle vasskanalen [[Sagelva (Lesja)|Sagelva]] nær nær fylkesgrensa mellom Oppland og Møre og Romsdal. Det var gardane [[Ner-Brøste (Rauma)|Ner-Brøste]] i [[Øverdalen (Rauma)|Øverdalen]] i [[Romsdalen]] og [[Stuguflotten]] og [[Nystugu]] i [[Lesja]] som bygde denne saga. | ||
Det første bladet i oppgangssaga vart smidd av ein bygdesmed. I 1890-åra vart det bytta ut med eit tynnare, valsa blad. I 1917 bygde brukaren i Ner-Brøste om saga til sirkelsag. Under bygginga av [[Raumabanen]] vart det skore mykje svillar og annan materialer til anlegget. | Det første bladet i oppgangssaga vart smidd av ein bygdesmed. I 1890-åra vart det bytta ut med eit tynnare, valsa blad. I 1917 bygde brukaren i Ner-Brøste om saga til sirkelsag. Under bygginga av [[Raumabanen]] vart det skore mykje svillar og annan materialer til anlegget. |
Sideversjonen fra 20. feb. 2018 kl. 20:48
Brøstsaga var opphavleg ei oppgangssag som vart bygd opp kring 1870 ved den gamle vasskanalen Sagelva nær nær fylkesgrensa mellom Oppland og Møre og Romsdal. Det var gardane Ner-Brøste i Øverdalen i Romsdalen og Stuguflotten og Nystugu i Lesja som bygde denne saga.
Det første bladet i oppgangssaga vart smidd av ein bygdesmed. I 1890-åra vart det bytta ut med eit tynnare, valsa blad. I 1917 bygde brukaren i Ner-Brøste om saga til sirkelsag. Under bygginga av Raumabanen vart det skore mykje svillar og annan materialer til anlegget.
Etter krigen var saga i vanleg drift, og brukte fram til 1959 vatnet frå Sagelva som kraftkjelde. I åra etter 1999 er saga bygd opp att av Brøste-Stueflotten Kulturlag slik at den i dag utgjer hovuddelen av Sagelva Vasskraftsenter.
Bilde frå den rekonstruerte saga
Kjelder
- Kylling, Asmund 2006: Brøstsaga i Lesja. Utvikling frå 1870. Treteknisk Informasjon nr 1 s. 31-34.