Breheimenutbygginga

Fra lokalhistoriewiki.no
Sideversjon per 20. aug. 2013 kl. 08:57 av Oddloho (samtale | bidrag) (Ny side: '''Breheimenutbygginga''' er eit vanleg namn på planane frå 1960-, 70- og 80-åra om ei omfattande kraftutbygging i Breheimen og delar av Jotunheimen i Sogn og Fjordane...)
(diff) ← Eldre sideversjon | Nåværende sideversjon (diff) | Nyere sideversjon → (diff)
Hopp til navigering Hopp til søk

Breheimenutbygginga er eit vanleg namn på planane frå 1960-, 70- og 80-åra om ei omfattande kraftutbygging i Breheimen og delar av Jotunheimen i Sogn og Fjordane og Oppland. Planane var svært omstridde, og berre ein del av dei er seinare realiserte.

Planen frå 1973

Direktoratet for Statskraftverka byrja i 1966 arbeidet med ein plan for ei samla utnytting av vassdraga i Breheimen/Jotunheimen. Statskraftverka sende 4. desember 1973 over to fullt utarbeidde hovudalternativ for ei utbygging av vassdraga til Olje- og energidepartementet.

Det eine alternativet gjekk ut på å overføre Øvre Otta til kraftverk i Stryn. Det andre gjekk ut på å fylgje vasskiljet aust-vest og byggje ut Otta med sideelvar austover og vassdraga på vestsida (Jostedøla, Loelva og Stryneelva) vestover.

Planane inneheldt også fleire mindre reguleringar, mellom anna av Leirdølavassdraget på austsida av Jostedalen og Mørkri kraftverk i Mørkrisdalen i Luster. Vigdøla skulle i desse planane overførast til Mørkri.

I 1977 trekte Statskraftverka attende alternativet om overføring vestover av Øvre Otta. Bakgrunnen var ureininga av Mjøsa som i mellomtida hadde vorte ei stor sak. Styresmaktene var redd for at ei overføring av Otta ville gjere denne situasjonen enno verre.

Dermed stod berre det andre alternativet att, og det gjekk ut på å byggje tre kraftverk, Fåbergstøl kraftverk, Lodal kraftverk og Loen kraftverk. Fåbergstøl kraftverk i Jostedalen skulle nytte fallet frå magasin på Styggevatne/Austdalsvatnet og Kupevatnet ned til eit magasin på Fåbergstølsgrandane øvst i Jostedalen. Det ville òg få tilført vatn gjennom ein takrennetunnel langs austsida av Jostedalen frå og med Geisdøla i sør.

Lodal kraftverk ville ha utlaup i Lovatnet i Stryn og ha tillaup både frå magasine på Fåbergstølsgrandane, eit inntak under Nigardsbreen, frå Bødalselva i Loen og frå ei overføring av Strynevassdraget. Der ville elvane Grasdøla, Videdøla, Sunndøla og Erdalselva bli tekne inn, og magasina var planlagde i Oppljosvatnet og Langevatnet.

Loen kraftverk skulle nytte fallet mellom Lovatnet og fjorden.

Bortsett frå Langvatnmagasinet i Skjåk låg heile utbyggingsområdet i kommunane Luster og Stryn. Luster kravde tidleg at Jostedøla skulle byggjast ut mot Gaupne, ikkje mot Stryn, og Stryn kommune meinte ei separat utbygging av Hjelledalen kunne vere ei betre løysing enn overføring til Loen. Den 11. september 1978 gav hovudstyret i NVE difor Statskraftverka i oppdrag å lage alternative planar med separate utbyggingar. Etter krav frå grunneigarar i Jostedalen bad NVE dessutan at eit alternativ utan magasin på Fåbergstølsgrandane vart utgreidd.

På dette tidspunktet var ein delplan i Statskraftverka sin Breheimenplan i ferd med å bli realisert. Planane for ei regulering av Leirdølavassdraget i Luster var klare sommaren 1971, og konsesjon vart gjeven etter handsaming i Stortinget våren 1974. Leirdøla kraftverk med magasin i Tunsbergdalsvatnet stod ferdig hausten 1978.

Planane frå 1980

Statskraftverka sende dei nye planane for Breheimen over til Olje- og energidepartementet i september 1980. Planen frå 1973 vart no trekt heilt attende, og det var utarbeidd fire alternativ for Jostedalsvassdraget som fekk nemningane A, B, C og D.

Etter at Mørkrisvassdraget vart verna for 10 år fram til 1985, vart elvane i Jostedalen som var planlagt overførte til Mørkri kraftverk i 1973-planen, teken inn i den nye planen for utbygginga av Jostedalsvassdraget. Det galdt elvene mellom Geisdøla og Vigdøla med Vanndøla som den største.

Alternativ A

Dette låg tett opp til planen frå 1973. Øvste delen av Jostedalsvassdraget skulle overførast til Loen, og det skulle byggjast tre kraftverk: Fåbergstøl, Lodal og Loen. Strynevassdraget skulle no derimot byggjast ut separat i Skåre kraftverk. I Stryn var no òg nokre fleire elvar tekne inn i planane. Statskraftverka sjølv gjekk ikkje lenger inn for dette alternativet, så det spela ikkje nokon rolle i den vidare debatten.

Alternativ B og C

Alternativa B, C og D gjekk ut på separate utbyggingar av vassdraga i Jostedalen og i Stryn. Felles for alle alternativ var magasin i Kupevatnet og i Styggevatnet/Austdalsvatnet. Planane for Stryn med Skåre kraftverk var òg identisk i desse tre alternativa.

Både i alt. B og C ville elvane frå Nigardsbreen og Fåbergstølsbreen gå inn i magasinet på Fåbergstølen, men det var ulike løysingar når det galdt kraftverka. I alt. B ville vatnet frå Styggevatnet gå til Fåbergstøl kraftverk og vatnet frå Fåbergstølen gå til eit Gaupne kraftverk.

I alt. C hadde ein berre éin kraftstasjon i fjellet ved Myklemyr i Jostedalen (kalla Vigdal kraftstasjon) der både det høge fallet frå Styggevatnet og det låge frå magasinet på Fåbergstølen skulle utnyttast.

Alternativ D

Alternativ D var ei redusert utbygging i Jostedalen utan magasin på Fåbergstølsgrandane. Her ville berre det høge fallet frå Styggevatnet til Vigdal kraftstasjon bli utnytta på jostedalssida.

Dette innebar at vatnet over ca 1200 m.o.h. vart utnytta. I tillegg til magasina i Kupevatnet og Austdalsvatnet/Styggevatnet, var det planlagt 22 bekkeinntak på austsida av Jostedalen sørover til Vigdalen.

Produksjon

Alternativa A, B og C ville alle gje om lag like mykje produksjon (årleg snitt ca 3000 GWh). Alt. D ville gje 2143 GWh/år. I alle alternativa utgjorde dei to falla i SKåre kraftverk i Stryn 700 GWh/år, og det øvre fallet i Vigdal kraftverk i alt. C og D utgjorde 1129 GWh/år. Magasinet på Fåbergstølen ville såleis gje ca 840 GWh/år.

Statskraftverka innstilte på utbygging av alt. B.

Striden 1980-1984

I Jostedalen var det sterk motstand mot ei neddemming av Fåbergstølsgrandane, og det reduserte alt. D var utgreidd og kome inn i planane etter krav frå grunneigarar. Samstundes hadde storflaumen i Jostedalen i august 1979 gjort at det var lite motstand mot utbygging. Ei utbygging etter alt. D hadde såleis brei støtte i bygda, og lokalt spela verne- og bygdeutviklingsgruppa Arbeidsnemndi for Jostedalens framtid ei viktig rolle. Eit knapt fleirtal i kommunestyret i Luster (19 mot 18) gjekk òg inn for det reduserte alt. D i staden for den store utbygginga (alt. B), og det same gjorde fylkestinget i Sogn og Fjordane (20 mot 17).

Omsynet til den framtidige kraftsituasjonen gjorde at regjeringa ynskte å få utbygginga raskt gjennom. Utbygginga av Jostedalsvassdraget vart såleis fremja som eiga sak utanfor den fyrste Samla plan for vassdrag som vart lagt fram for Stortinget same året (1984). Den meir konfliktfylte utbygginga av vassdraga i Stryn vart dessutan halden utanfor saka med tilvising til at det strongs fleire naturvitskaplege undersøkingar.

Eit høgdepunkt i striden var synfaringa i juli 1983 der olje- og energiminister Kåre Kristiansen (Krf) og miljøvernminister Rakel Surlien (Sp) deltok. I diskusjonane i regjeringa støtta Kristiansen ei stor utbygging (alt. B) medan Surlien gjekk inn for det reduserte alternativet (D). Regjeringa gjekk inn for alt. D då saka vart oversendt Stortinget 16. september 1984, og dette alternativet samla eit breitt fleirtal i Stortinget. Innstillinga frå energi- og industrikomiteen kom 8. mai 1984, og Stortinget drøfta og vedtok utbygginga 15. mai. Konsesjon vart formelt gjeven ved kongeleg resolusjon 29. juni 1984.

Motstanden

Frå natur- og miljøvernhald var det sterk motstand mot all utbygging, også alt. D. Naturvernorganisasjonar både regionalt og nasjonalt arbeidde mot utbygginga, og både Statens naturvernråd og Statens Friluftsråd gjekk mot utbygginga. Miljøverndepartementet uttala også at alle utbyggingsalternativa ville medføre så store skadeverknader på norsk natur at departementet var sterkt i tvil om det bør tillatast gjennomført. Departementet gjekk i juli 1984 difor under tvil inn for alt. D, men ville ta Vigdøla ut av reguleringa. Før regjeringa sende saka til Stortinget i september hadde likevel Miljøverndepartementet skift meining og godteke at Vigdøla vart teke med i alt. D.

I Stortinget røysta Venstre og Sosialistisk Venstreparti mot utbygginga.

Utbygginga

Anleggsarbeida kom i gang sommaren 1984, og kraftproduksjonen kom i gang i 1990. Anlegget hadde då kosta 2,3 mrd kr. Kraftstasjonen på Myklemyr som i planane var kalla Vigdal kraftverk, vart heitande Jostedal kraftverk.

Gjennomsnittleg årsproduksjon var stipulert til 1129 GWh/år, men vart seinare sett ned til 874 GWh/år.

Kjelder og litteratur

  • St.prp. nr. 7 (1983-1984) Samtykke til statsregulering for utbygging av Jostedalsvassdraget. Olje- og energidepartementet.
  • Innst. S. nr. 200 (1983-84) Innstilling fra energi- og industrikomiteen om samtykke til statsregulering og utbygging av Jostedalsvassdraget og om medeiendomsrett for Sogn og Fjordane fylkeskommune i statens vannkraftutbygginger i Leirdøla og Jostedalsvassdraget (St.prp. nr. 7 og St.prp. nr. 72). Stortinget.
  • Kyrkjeeide, Haakon. (1989). Vasskraftutbygging. I Stein Næss, m.fl. (red.), Jostedalsbreen og bygda den fikk navn etter (s. 113-120). Oslo: Grøndahl.