Breheimsenteret

Fra lokalhistoriewiki.no
Hopp til navigering Hopp til søk
Breheimsenteret brenn 28. juli 2011. Foto: Eli Bjørhusdal
Breheimsenteret i Jostedalen. Foto: G. Lanting (2008)

Breheimsenteret er eit informasjonssenter for Jostedalsbreen nasjonalpark og Breheimen nasjonalpark. Det ligg i Jostedalen i Luster kommune, Sogn og Fjordane. Den karakteristiske bygningen som romma senteret, brann ned til grunnen 28. juli 2011. Senteret vil bli bygt opp att og blir i mellomtida drive frå provisoriske lokale.

Ideen om eit informasjonssenter tok form gjennom bygdeutviklingsarbeidet i Jostedalen sist i 1980-åra, og i 1993 stod Breheimsenteret ferdig. Arkitekt var Rolf Sande ved arkitektkontoret A38 i Sogndal, og bygget fekk ei karakteristisk form som sprekk og tårn i ein blåisbre.

Breheimsenteret vart lagt ved munningen av dalen som fører inn til Nigardsbreen, og med flott utsyn til breen og Mjølvergrendi, rett attmed pensjonatet Nigardsbreen gjesteheim (Fjellheim).

Senteret er eit offisielt Nasjonalparksenter, driv turistinformasjon og sel turar for aktivitetsbedrifter som Jostedalen breførarlag (breturar) og IceTroll (kajakkturar og rafting).

Senteret hadde omfattande natur- og kulturhistoriske utstillingar som gjekk tapt i brannen. Utstillingsarkitekt var Pål Th. Sundhell, og utstillingane vart utforma i samarbeid med Universitetet i Bergen, Historisk Museum, NVE, Statkraft og lokale krefter. Senteret hadde òg ein kafé med klatrevegg for born.

Senteret har ope frå 1. mai til 1. oktober. I høgsesongen har 'brepubane' på fredagen med levande musikk vore mykje besøkte. Senteret er eit fast møtepunkt både for førarar og andre tilsette i reiselivsnæringa om sommaren og bygdefolk elles.

Etter ei refinansiering i 1990-åra har senteret vore eigd og drive av Breheimsenteret AS, som har ni lokale eigarar. Styreleiar i ei årrekkje har vore Svein Norberg, og dagleg leiar sidan kring 1994 har vore Peder Kjærvik. Breheimsenteret har heile tida vore ein viktig sommararbeidsplass for ungdom frå Jostedalen med 10-12 tilsette i høgsesongen.

Breheimsenteret brann ned til grunnen om kvelden 28. juli 2011. Bygget var folketomt, og ingen kom til skade. Politiet fekk melding om brannen kl 22:19, og etter få minutt var bygget overtent. Brannårsaka er førebels ukjend, men det hadde vore eit kraftig torever tidlegare på kvelden.

Breheimsenteret var operativt i mellombels lokale alt morgonen etter brannen, og sesongen 2012 blir kafe- og informasjonstenesta ved senteret drive frå telt og brakker ved branntomta.

Senteret vil bli bygt opp att med opning kring 1. mai 2013. Bygningen vil få same storleik og karakteristiske eksteriør som før medan planløysinga innandørs vil bli noko endra i høve til tidlegare.

Bakgrunnsstoff