Dale len

Fra lokalhistoriewiki.no
Sideversjon per 28. aug. 2012 kl. 12:37 av Oddloho (samtale | bidrag) (Ny side: ’’’Dale len’’’ i Luster i Sogn og Fjordane eksisterte frå 1565 til 1614. Lenet vart oppretta av kongen 4. oktober 1565 då Anders Nilsson i ...)
(diff) ← Eldre sideversjon | Nåværende sideversjon (diff) | Nyere sideversjon → (diff)
Hopp til navigering Hopp til søk

’’’Dale len’’’ i Luster i Sogn og Fjordane eksisterte frå 1565 til 1614. Lenet vart oppretta av kongen 4. oktober 1565 då Anders Nilsson i Kroken fekk råderett over Dale skipreide mot å vere lensherren på Bergenhus "hørig". Han skulle årleg betale "Afgift, Tjeneste, Tynge og Besværing". Anders Nilsson var gift med Anna Kruckow, dotter til den mektige riksråden og adelsmannen Johan Kruckow. Forleningsbrevet vart fornya den 10. september 1568, no på Dale prestegjeld som også inkluderte Gaupne sokn, og Anders Nilsson fekk ettergjeve to års avgift.[1] Likevel måtte han gå frå lenet i 1570 grunna økonomiske problem.

Otte Galskjøtt fekk så forleningsbrev 27. mai 1570, og han skulle få tiende, leidang og "anden Kronens Rettighed fri uden Afgift ad gratiam".[2] Han hadde berre lenet i fem år før Anders Green fekk forleningsbrev 8. oktober 1575. Han fekk òg lenet avgiftsfritt med "Bønder, Tjenere, Tiende, Leding og al anden vor og Kronens Rente og Rettighed, aldeles Intet undertaget."[3] Green var på dette tidspunktet kansellisekretær og var 1604-14 "Norges Riges Kantsler".[4]

Etter at Green døydde i april 1614, fekk Nils Wind 6. desember same året hand om lenet, men ikkje på same vilkår som Green. Wind skulle skrive inn godset i jordeboka og "for des visse og uvisse Rente og Indkomst aarligen lader os gjøre gode Rede og Regnskab".[5] I den fyrste rekneskapen for Dale len heiter det likevel at lenet var "lagt vnder Bergenhus lehnn"[6] Det vart levert eigne futerekneskap for Dale prestegjeld fram til 1636/37, deretter gjekk Dale inn i rekneskapen for Sogn futedøme.

Notar

Kjelder og litteratur