Edøyfjorden

Fra lokalhistoriewiki.no
Hopp til navigering Hopp til søk
Bris på Edøyfjorden. Vi ser sjølve Edøy-garden og Edøykyrkja i bakgrunnen.
Foto: Olve Utne

Edøyfjorden er den yttaste delen av Trondheimsleia og ligg mellom Solværet, Kuli og Edøya utom leia og Tustna, Solskjel, Ertvågsøya og Grisvågøya innom leia. Edøyfjorden utgjer den «sørlege» (eigentleg vestlege) inngangen til den hovudsakleg innaskjers Trondheimsleia frå Griphølen og Talgsjøen og har vore strategisk viktig i alle fall frå vikingtida av. Vidare «nordover» (eigentleg austover) dannar den inste delen av Ramsøyfjorden mellom Smøla og Hitra overgangen til den delen av leia som berre blir kalla Trondheimsleia.

Satellittbilde av Edøyfjorden frå juli 2004. Edøya er den smale øya litt ovom midten av bildet. På andre sida av fjorden, rett sør for Edøya, ser vi øya Solskjel, og kring Solskjel att ymse andre øyar i noverande Aure kommune.
Foto: NASA

Sjå òg