Eigarar av Jostedal kyrkje: Forskjell mellom sideversjoner

Fra lokalhistoriewiki.no
Hopp til navigering Hopp til søk
Ingen redigeringsforklaring
Linje 29: Linje 29:


==Litteratur==
==Litteratur==
*Øyane, Lars E. (1994). ''Jostedal sokn. Gards- og ættesoge for Luster kommune.'' (Bd. 5). Gaupne: Luster kommune, s. 325. ([http://www.nb.no/utlevering/nb/3e0d6828c2b4d539b4d38892e2274895#&struct=DIV458 digital utgåve, NBdigital])
*Øyane, Lars E. (1994). ''Jostedal sokn. Gards- og ættesoge for Luster kommune.'' (Bd. 5). Gaupne: Luster kommune, s. 325. ([http://www.nb.no/utlevering/nb/3e0d6828c2b4d539b4d38892e2274895#&struct=DIV356 Digital utgåve, NBdigital])
*Øvregard, Kåre, Asbjørg Ormberg, og Oddmund L. Hoel. (2010). Jostedal kyrkje. Fakta, segn og soge gjennom 350 år. Leikanger: Skald forlag, s. 68-69.
*Øvregard, Kåre, Asbjørg Ormberg, og Oddmund L. Hoel. (2010). Jostedal kyrkje. Fakta, segn og soge gjennom 350 år. Leikanger: Skald forlag, s. 68-69.
   
   
[[Kategori:Jostedalen]]
[[Kategori:Jostedalen]]

Sideversjonen fra 5. okt. 2010 kl. 19:10

Dette er ei liste over dei private eigarane av Josetdal kyrkje frå kyrkjesalet kring 1723 til kommunen fekk hand om den siste eigarparten i kyrkja i 1909.

I samband med reformasjonen la kongemakta alt kyrkjegods under seg. I 1720-åra vart så dei aller fleste landkyrkjene auksjonerte bort til private. Jostedal kyrkje vart òg seld, truleg i 1723.

År Eigar(ar) Merknader
Ca 1723-1726 Henrik Nitter Skøyte 11. august 1725 utferda til Nitters arvingar
1726-1751 Hans Hansson Wiingaard Skøyte 2. november 1726
1751-1762 Ole Anderson Åsen, John Erikson Nedrelid og Henrik Anderson Kreken Skøyte 22. juli 1751
1762-1785 Otto Olson Grov Skøyte 19. juli 1762
1785-1793 Nils Larson Li og Erik Anderson Åsen Skøyte 1. juni 1785
1793-ca 1833 Johannes Asbjørnson Hus Skøyte 3. juni 1793. Det er rimeleg å tru at kyrkja vart seld då Hus døydde i 1833
Ca 1850-1891/1909 Hans Rasmusson Hellegaard og Tøger Larson Kronen Sjå nedanfor
Frå 1891/1909 Jostedal kommune Sjå nedanfor

Etter Johannes Asbjørnson Hus vart det ikkje utferda skøyte på kyrkja, så det er uklart kven som har vore eigarar. Truleg har det vore noko ein ikkje kjenner til frå Hus døydde i 1833 til Hans Rasmusson Hellegaard fekk hand om ein eigarpart. Det gjorde han truleg mellom 1844 og 1856 då han var eigar av Hellegård. Han åtte 11/12 av kyrkja, og den siste tolvdelen åtte Tøger Larson Kronen utan at me veit når han fekk hand om denne eigarparten. Det var fyrst etter at han døydde i 1909 at kommunen fekk kjøpt den siste parten i skifteoppgjeret.

Litteratur

  • Øyane, Lars E. (1994). Jostedal sokn. Gards- og ættesoge for Luster kommune. (Bd. 5). Gaupne: Luster kommune, s. 325. (Digital utgåve, NBdigital)
  • Øvregard, Kåre, Asbjørg Ormberg, og Oddmund L. Hoel. (2010). Jostedal kyrkje. Fakta, segn og soge gjennom 350 år. Leikanger: Skald forlag, s. 68-69.