Elen Loftesnes (1905–1979)

Fra lokalhistoriewiki.no
Sideversjon per 3. jul. 2018 kl. 15:27 av Marianne Wiig (samtale | bidrag) (utfylling)
Hopp til navigering Hopp til søk

Elen Loftesnes (fødd 9. januar 1905 i Sogndalsfjøra, død same stad 2. desember 1979) var fotograf i Sogndal frå omkring 1930. Der hadde ho atelier og fotobutikk, som ho truleg dreiv fram til fyrst på 1950-talet.

Foreldra var skysskar og skomakar Ola Olsson Loftesnes[1] (1868-1944) og Eli Jakopsdotter Loftesnes[2] (1873-1952). Elen var nummer fem av sju søsken, men to av dei levde ikkje opp. Sjølv var Elen ugift.

Elen overtok eigedomen Solheim etter foreldra, og truleg var det her ho hadde atelier og fotobutikk. Huset vart kalla "Stallen", og Loftesnes pensjonat var næraste nabo.

I følgje Jan Talsethagen[3] lærte Loftesnes fotografering av urmakar Ola O. Vatlestad[4], som var sjølvlærd. Ho dreiv både med portrettfotografering i atelier og produserte postkort med motiv frå Sogndalsområdet. Kunsten å handkolorere portrett skal ho og ha lært seg. På byrjinga av 1950-talet leigde fotografen Leiv Bergum atelier hjå Loftesnes.

Loftesnes annonserte i lokale og regionale aviser, iallfall mellom 1932 og 1955. I ei annonse frå 1932 står det å lese: "Fotografering, fremkalling og kopiering. Min utdannelse og praksis garanterer fagmessig utførelse. Rimelige priser".[5]

Arkivet etter Elen Loftesnes

Drivaren av Loftesnes pensjonat, Dagfinn Loftesnes (ikkje i slekt med Elen), fann på 1980-talet fotomateriale etter Elen, og avleverte då negativ og positiv til Sogn og Fjordane fylkesarkiv. Materialet, som utgjer ca. 2,4 hyllemeter, er ikkje ordna (2018), men stikkprøver tyder på at mesteparten av materialet er frå 1950-talet.

Fotografi av Elen Loftesnes

Fotnote

  1. Ole O. Loftesnæs i folketelling 1910 for Sogndal herred fra Digitalarkivet.
  2. Eli J. Loftesnæs i folketelling 1910 for Sogndal herred fra Digitalarkivet.
  3. Talsethagen, s. 26-27
  4. pf01036719001258
  5. Annonse i Sogningen 28. oktober 1932.

Kjelder


Annonse fra Fotograf Behrends i Indtrøndelagen 17.1. 1913.jpg Elen Loftesnes (1905–1979) er basert på data fra Preus Museums registre over norske fotografer og fotografiske samlinger, som er tilgjengelig på Nasjonalbibliotekets nettsider. Artikkelen er lagt ut under lisensen cc-by-sa. Lokalhistoriewikis brukere kan fritt redigere og utvide artikkelen.
Flere artikler finnes i denne alfabetiske oversikten.