Elvekrok (Jostedalen): Forskjell mellom sideversjoner
Hopp til navigering
Hopp til søk
m (→Litteratur) |
mIngen redigeringsforklaring |
||
Linje 20: | Linje 20: | ||
}} | }} | ||
{{thumb høyre|Elvekrok ovanfrå.JPG|Elvekrok sett frå nord. Den kvite bygningen til | {{thumb høyre|Elvekrok ovanfrå.JPG|Elvekrok sett frå nord. Den kvite bygningen til venstre er [[Jostedalsbredens Turisthotel]].|[[Bruker:Oddloho|Oddmund L. Hoel]] (2012)}} | ||
'''Elvekrok''' (Luster, gnr. 201) er ein [[matrikkelgard]] i [[Jostedal|Jostedalen]], [[Luster kommune]]. Garden ligg på austsida av Jostedøla og grensar i sør mot [[Espe (Jostedalen)|Espe]] og i nord mot grenda [[Fåberg (Jostedalen)|Fåberg]]. Heimane under garden sokna til [[Mjølverdalen skule]] fram til krinsen vart nedlagd i 1968. | '''Elvekrok''' (Luster, gnr. 201) er ein [[matrikkelgard]] i [[Jostedal|Jostedalen]], [[Luster kommune]]. Garden ligg på austsida av Jostedøla og grensar i sør mot [[Espe (Jostedalen)|Espe]] og i nord mot grenda [[Fåberg (Jostedalen)|Fåberg]]. Heimane under garden sokna til [[Mjølverdalen skule]] fram til krinsen vart nedlagd i 1968. |
Sideversjonen fra 28. mai 2012 kl. 19:45
Elvekrok (Luster, gnr. 201) er ein matrikkelgard i Jostedalen, Luster kommune. Garden ligg på austsida av Jostedøla og grensar i sør mot Espe og i nord mot grenda Fåberg. Heimane under garden sokna til Mjølverdalen skule fram til krinsen vart nedlagd i 1968.
Elvekrok ligg ved munningen av dalen der Nigardsbreen kjem ned. Elva frå Nigardsbreen valda fram mot 1740-åra så stor skade på garden at skatten vart nedsett i 1742.
Det nedlagde Jostedalsbredens Turisthotel vart i 1920 bygt på garden.
Bruk
- Bnr. 1 Elvekrok (Kroken) - det opphavlege bruket
- Bnr. 2 Kastet - rydda som husmannsplass, fråskild 8.10.1901
Husmannsplassar
Det har truleg berre vore to husmannsplassar under Elvekrok:
- Træ (Plassen) - rydda tidleg i 1880-åra, nedlagd kring 1932
- Røysekastet (Kastet) - rydda kring 1825, fråskild som bnr. 2 Kastet den 8.10.1901
Personar frå Elvekrok
- Claus Olson Elvekrok, gardbrukar
Litteratur
- Laberg, Jon. (1944). Jostedal. Ei stutt utgreiding um bygdi og folket der. Tidsskrift utgitt av Historielaget for Sogn (nr. 11), 5-85. (Digital utgåve, Jostedal historielag)
- Øyane, Lars E. (1994). Jostedal sokn. Gards- og ættesoge for Luster kommune. (Bd. 5). Gaupne: Luster kommune, s. 569-591. (Digital utgåve, NBdigital)
- «Elvekrok», Gardsleksikon, Fylkesarkivet i Sogn og Fjordane