Claus Olson Elvekrok

Fra lokalhistoriewiki.no
Hopp til navigering Hopp til søk

Claus Olson Elvekrok (fødd kring 1763,[1] død 31. oktober 1830) var gardbrukar i Jostedalen i Sogn og Fjordane. Han var den tiande i ein syskenflokk på tolv. Foreldra var Ole Rasmusson Mjølver (ca 1720-1795), opphalveg frå Nedre Fåberg og Eli Olsdotter (ca 1723-1813) frå Mjølver. Claus var såleis frå Mjølver, men skal ha hatt delar av oppveksten i Elvekrok.[2]

Røysterett 1814

Claus Elvekrok var ein av dei tretten underskrivarane på adressa i samband med valet av utsendingar til Riksforsamlinga i 1814.[3]

Han var òg ein av dei tolv fyrste bøndene frå Jostedalen som svor eid til Grunnlova og fekk røysterett alt ved hausttinget 10. september 1814.[4]

Breførar for biskop Neumann 1823

Då biskop Jacob Neumann var i Jostedalen sommaren 1823 og gjekk på Nigardsbreen, var 58-åringen Claus Elvekrok breførar. Neumann skriv: «Ikke langt fra Bræen ligger Gaarden Elvekrog, hvis gjestfrie Eier Claus ikke aleneste bød os ind, og satte et Fad Melk for os paa Bordet i sin rummelige høiloftede Høgstue, men gjorde sig og, da han hørte, at vi vilde op paa Bræen, færdig til at følge os. Han tog Braadder og Reeb med sig, og anførte nu vor Caravane paa denne frygtelige Fart.»[5]

Myklemyr - ekteskap med Anna Eriksdotter

Claus Elvekrok gifte seg fyrste gongen 30. mars 1788 med Anna Eriksdotter (ca 1763-1798) frå Kruna, dotter av Erik Olson Kruna frå Bergset og Siri Rasmusdotter frå Kruna. Om den fyrste tida til Claus og Anna heiter det både at dei var innerstfolk i Mjølver og at dei kring 1792 truleg vart husmannsfolk i Ospehaugen under Mjølver.[6] I 1795 slo så Claus og Anna seg ned som gardbrukarar på Nedre Myklemyr, men utan å få skøyte på garden. Claus og Anna fekk fem born, og dei budde her då Anna døydde i 1798.

Kjøp av Elvekrok, giftarmål med Kari Andersdotter

Ved skøyte 31. mai 1799 fekk så Claus kjøpt Elvekrok av onkelen Knut Olson for 400 rdl og kår til Knut og kona. Det var det tidobbelte av det Knut hadde betalt for garden i 1778.[7] Prisen er eit vitnemål om at Elvekrok hadde kome seg mykje sidan breane sine øydeleggingar fram mot 1750. I 1819 var Claus ein av Gottfried Bohr sine informantar om tilbaketrekkinga til breen.[8]

Den 25. juni 1799, ein månad etter gardkjøpet, gifte Claus seg med Kari Andersdotter (ca 1766-1844) frå Hesjevollen under Bakken. Dei flytte til Elvekrok i 1801 og fekk fem born.

Born

Av dei fem borna til Claus og Anna voks tre opp:

  • Eli Clausdotter (1791-1815), ugift
  • Erik Clausson (1795-1859), gardbrukar på Grov (bnr 1)
  • Ole Clausson (1796-1820), ugift

Av dei fem borna til Claus og Kari voks fire opp:

  • Anders Clausson (1800-1880), gardbrukar i Kreken
  • Anna Clausdotter (1802-1891), husmannskone i Træ under Elvekrok
  • Tøger Clausson (1805-1874), som tok over Elvekrok
  • Claus Clausson (1810-1899), husmann under Røneid i Luster

Notar

  1. 38 år i folketeljinga 1801; Øyane 1994, s. 574, skriv «kring 1865»
  2. Øyane 1994, s. 574 og 596
  3. Val til Riksforsamlinga i Jostedalen (Jostedal historielag)
  4. Jostedøler med røysterett 1814-1823 (Jostedal historielag)
  5. Neumann om Jostedalen (1824) (Jostedal historielag)
  6. Øyane 1994, s. 33, 574 og 655
  7. Laberg 1944, s. 24
  8. G. Bohr om Jostedalen (1820) (Jostedal historielag)

Litteratur

Eksterne lenker