Erik Strand (1877–1945): Forskjell mellom sideversjoner

Fra lokalhistoriewiki.no
Hopp til navigering Hopp til søk
(Kategoriar, litt småplukk.)
m (Robot: Erstatter mal: Reflist)
 
(9 mellomliggende versjoner av 3 brukere er ikke vist)
Linje 1: Linje 1:
'''[[Erik Strand]]''' (1877-1945) var lensmann og politikar frå [[Nord-Aurdal kommune|Nord-Aurdal]] i [[Valdres]]. Han var ordførar i Nord-Aurdal 1920-1926 og sat på [[Stortinget]] for Bondepartiet 1931-1933. Som lensmann i Nord-Aurdal vart han utnemnt i statsråd til å leie administrasjonsstyret i [[Torpa kommune]], då ho gjekk konkurs i 1929.
<onlyinclude>{{thumb|Erik Strand (Stortingsarkivet).jpg|Erik Strand.|[[Stortingsarkivet]]}}
'''[[Erik Strand (1877–1945)|Erik Strand]]''' (fødd 12. oktober 1877 i [[Nord-Aurdal]], død 7. juni 1945) var ein lensmann og politikar frå [[Nord-Aurdal kommune|Nord-Aurdal]] i [[Valdres]]. Han var ordførar i Nord-Aurdal 1920-1926 og sat på [[Stortinget]] for [[Bondepartiet]] 1931-1933. Som lensmann i Nord-Aurdal vart han utnemnt i statsråd til å leie administrasjonsstyret i [[Torpa kommune]], då ho gjekk konkurs i 1929. Fordi han ikkje ville gå inn i [[NS]], vart han i 1941 avsett som lensmann.</onlyinclude>
   
   
== Bakgrunn ==
== Bakgrunn ==
Erik Andreas Knutsson Strand var fødd 12. oktober 1877 på garden sørre Midtstrønd i Nord-Aurdal. Han var den andre sonen til Eli Eriksdotter f. Aaberg og Knut Toreson Strand. Fem av syskena hans vaks opp: Tore (1875-1924) gardbrukar, Torbjørn (1879-1928) lærar ved NTH, Astrid (1883-1896), Ingvar (1888-1974) gardbrukar og Olaf (1891-1979) ingeniør i NVE.  
Erik Andreas Knutsson Strand vart fødd på garden sørre Midtstrønd i Nord-Aurdal. Han var den andre sonen til Eli Eriksdotter f. Aaberg og Knut Toreson Strand. Fem av syskena hans vaks opp: Tore (1875-1924) gardbrukar, Torbjørn (1879-1928) lærar ved NTH, Astrid (1883-1896), Ingvar (1888-1974) gardbrukar og Olaf (1891-1979) ingeniør i NVE.  
   
   
Etter middelskuleeksamen i Aurdal i 1894, gjekk Strand på [[Elverum lærerskole|Elverum lærarskule]] og blei uteksaminert derifrå i 1897. Den første lærarjobben var eit vikariat i naboheradet, Vestre Slidre, men allereie etter eitt år der vart han tilset i ei kombinert stilling som lærar ved Strand skule og kyrkjesongar i strøndakyrkja.  Strand vart i stillinga i 26 år.  
Etter [[middelskule]]eksamen i Aurdal i 1894, gjekk Strand på [[Elverum lærerskole|Elverum lærarskule]] og blei uteksaminert derifrå i 1897. Den første lærarjobben var eit vikariat i naboheradet, [[Vestre Slidre]], men allereie etter eitt år der vart han tilset i ei kombinert stilling som lærar ved Strand skule og kyrkjesongar i strøndakyrkja.  Strand vart i stillinga i 26 år.  
   
   
Strand giftar seg i 1904 med Berit Syversdotter (1884-1943) frå nabogarden Sør-Strønd, og i 1906 får dei dottera Elida. Familien får i 1914 frådelt ein del av sørre Midtstrønd og byggjer opp sitt eige bruk der.  
Strand gifta seg i 1904 med Berit Syversdotter (1884-1943) frå nabogarden Sør-Strønd, og i 1906 fekk dei dottera Elida. Familien fekk i 1914 frådelt ein del av sørre Midtstrønd og bygde opp sitt eige bruk der.  


== Lokalpolitikk ==
== Lokalpolitikk ==
I 1910 blir Strand for første gong valt inn i heradsstyret og han sit to periodar som representant for Svennes sokn før han ber seg fritatt. Han går då inn som leiar av næringsnemnda i kommunen. Dette var nemnder herada satte ned for å auke matproduksjonen og avhjelpe matmangel under første verdskrigen.     
I 1910 vart Strand for første gong valt inn i heradsstyret og han sat to periodar som representant for Svennes sokn før han ba seg fritatt. Han gikk då inn som leiar av næringsnemnda i kommunen. Dette var nemnder herada satte ned for å auke matproduksjonen og avhjelpe matmangel under [[første verdskrigen]].     


Ved neste heradsstyreval i 1919 går han inn att i lokalpolitikken og blir no ordførar. Han blir attvalt i 1922 og 1925, men seier frå seg ordførarvervet våren 1926 då han får stillinga som lensmann i Nord-Aurdal. Frå 1923 er han nestleiar i Fylkestinget<ref>Oppland Fylkestings forhandlingar 1920-1925</ref> .     
Ved neste heradsstyreval i 1919 gikk han inn att i lokalpolitikken og vart no ordførar. Han blir attvalt i 1922 og 1925, men seier frå seg ordførarvervet våren 1926 då han får stillinga som lensmann i Nord-Aurdal. Frå 1923 er han nestleiar i Fylkestinget<ref>Oppland Fylkestings forhandlingar 1920-1925</ref> .     


Strand var medlem i [[Frisinnede Venstre]], men då [[Landmandsforbundet]], seinare Bondepartiet, vart eit politisk parti i 1920, gjekk han med der. Han vart i 1921 den første leiaren for forbundet sitt politiske arbeid i Valdres og i underavdelinga i Nord-Aurdal .   
Strand var medlem i [[Frisinnede Venstre]], men då [[Landmandsforbundet]], seinare Bondepartiet, vart eit politisk parti i 1920, gjekk han med der. Han vart i 1921 den første leiaren for forbundet sitt politiske arbeid i Valdres og i underavdelinga i Nord-Aurdal .   
      
      
Etter å ha vore borte frå lokalpolitikken i fleire år, kjem han i 1934 attende til heradsstyret, no på Borgarleg fellesliste. Då perioden var over i 1937, trekker han seg frå vidare politisk arbeid.
Etter å ha vore borte frå lokalpolitikken i fleire år, kom han i 1934 attende til heradsstyret, no på Borgarleg fellesliste. Då perioden var over i 1937, trekte han seg frå vidare politisk arbeid.
      
      
== Administrasjonsstyret for Torpa ==
== Administrasjonsstyret for Torpa ==
I 1929 blir Erik Strand utnemnt i statsråd til å leie Administrasjonsrådet for Torpa kommune. Kommunen hadde gått konkurs og vart satt under administrasjon samtidig som ho vart råka av ei av dei lengste arbeidskonfliktane i norsk historie. [[Randsfjordkonflikten]], som stod om retten til tariffavtale for tømmerfløterane, varte heilt til 1936, og var prinsipiell viktig for dei borgarlege partia så vel som for Arbeidarpartiet. Stans i skogsarbeidet skapte stor naud i Torpa og gjorde at mange familiar vart avhengige av kommunal støtte. Dermed vart det ein politisk dragkamp om forsorgsutgiftene i heradet, og Administrasjonsstyret vart ståande midt i krysselden<ref>Lundberg, Berit: Fra fellesskap til konflikt. Politiske og økonomiske utviklingstrekk i Torpa i mellomkrigstida. Universitetet i Oslo 1995</ref>.     
I 1929 vart Erik Strand utnemnt i statsråd til å leie Administrasjonsrådet for Torpa kommune. Kommunen hadde gått konkurs og vart satt under administrasjon samtidig som ho vart råka av ei av dei lengste arbeidskonfliktane i norsk historie. [[Randsfjordkonflikten]], som stod om retten til tariffavtale for tømmerfløterane, varte heilt til 1936, og var prinsipiell viktig for dei borgarlege partia så vel som for Arbeidarpartiet. Stans i skogsarbeidet skapte stor naud i Torpa og gjorde at mange familiar vart avhengige av kommunal støtte. Dermed vart det ein politisk dragkamp om forsorgsutgiftene i heradet, og Administrasjonsstyret vart ståande midt i krysselden<ref>Lundberg, Berit: Fra fellesskap til konflikt. Politiske og økonomiske utviklingstrekk i Torpa i mellomkrigstida. Universitetet i Oslo 1995</ref>.     


Den lokal arbeidarpressa, [[Oppland Arbeiderblad]], retta harde åtak mot Erik Strand som meldte redaktøren for ærekrenking. Det kom til forlik der avisa trekte attende visse utsegn<ref>Oppland Arbeiderblad 18.3.1932 </ref>.       
Den lokal arbeidarpressa, [[Oppland Arbeiderblad]], retta harde åtak mot Erik Strand som meldte redaktøren for ærekrenking. Det kom til forlik der avisa trekte attende visse utsegn<ref>Oppland Arbeiderblad 18.3.1932 </ref>.       


== Stortingsarbeid ==
== Stortingsarbeid ==
Medan han hadde oppdraget i Torpa vart Erik Strand valt inn på Stortinget som nummer tre på Bondepartiet si opplandsliste. Han sat som Bondepartiet sin einaste representant i Justiskomiteen og fekk ei viktig rolle då [[Mowinckel|Mowinckels andre regjering]] blei felt våren 1931 for å ha gjeve løyve til utanlandsk oppkjøp av [[Lilleborg fabrikker]]<ref>Stortingstidende. Referat fra forhandlingar i Stortinget og Odelstinget</ref>. Elles markerte Erik Strand seg særleg som sparepolitikar og som motstandar av offentleg naudsarbeid.  
Medan han hadde oppdraget i Torpa, vart Erik Strand valt inn på Stortinget som nummer tre på Bondepartiet si opplandsliste. Han sat som Bondepartiet sin einaste representant i Justiskomiteen og fekk ei viktig rolle då [[Mowinckel|Mowinckels andre regjering]] vart felt våren 1931 for å ha gjeve løyve til utanlandsk oppkjøp av [[Lilleborg fabrikker]]<ref>Stortingstidende. Referat fra forhandlingar i Stortinget og Odelstinget</ref>. Elles markerte Erik Strand seg særleg som sparepolitikar og som motstandar av offentleg naudsarbeid.  
      
      
Erik Strand ønskte ikkje attval til Stortinget og blei dermed sitjande berre ei periode.
Erik Strand ønskte ikkje attval til Stortinget og vart dermed sitjande berre ei periode.
      
      
== Andre verv ==
== Andre verv ==
I 1934 blir han utnemnt til medlem i styret for den nyoppretta  [[Statens lånekasse for jordbrukere|Statens <u>lånekasse for jordbrukere</u>]] . Dette vervet hadde han fram til 1940. Lånekassa medverka sterkt til at den langvarige gjeldskrisa i jordbruket tok slutt.<ref>Hveding, Øistein: Landbrukets gjeldskrise: Statens lånekasse for jordbrukere, Statens landbruksbank 1982</ref>  
I 1934 vart han utnemnt til medlem i styret for den nyoppretta  [[Statens lånekasse for jordbrukere]] . Dette vervet hadde han fram til 1940. Lånekassa medverka sterkt til at den langvarige gjeldskrisa i jordbruket tok slutt.<ref>Hveding, Øistein: Landbrukets gjeldskrise: Statens lånekasse for jordbrukere, Statens landbruksbank 1982</ref>  
      
      
Erik Strand sat i ei lang rekke lokale komitear og utval. Han vart åstedskommissær og kom med i fattigstyret første gongen i 1911, var lagrettemann første gongen i 1916 og var i ei årrekke formann i forlikskommisjonen. Attåt dette var han kyrkjeleg interessert og var i fleire år formann i Strand misjonsforeining.     
Erik Strand sat i ei lang rekke lokale komitear og utval. Han vart åstedskommissær og kom med i fattigstyret første gongen i 1911, var lagrettemann første gongen i 1916 og var i ei årrekke formann i forlikskommisjonen. Attåt dette var han kyrkjeleg interessert og var i fleire år formann i Strand misjonsforeining.     
Linje 34: Linje 35:
Han fekk [[Kongens fortenstmedalje i gull]] i 1937.  
Han fekk [[Kongens fortenstmedalje i gull]] i 1937.  
      
      
Erik Strand var lensmann i Nord-Aurdal i 1940, men sumaren 1941 vart han oppsagt for di han ikkje ville melde seg inn i [[Nasjonal Samling]]. Han får stillinga attende 10. mai 1945, men døyr 7. juni same året.     
Erik Strand var lensmann i Nord-Aurdal i 1940, men sumaren 1941 vart han oppsagt for di han ikkje ville melde seg inn i [[Nasjonal Samling]]. Han fekk stillinga attende 10. mai 1945, men døydde 7. juni same året.     
   
   
== Litteratur ==
== Litteratur og kjelder ==
*Hveding, Øistein: ''Landbrukets gjeldskrise i mellomkrigstiden: Statens lånekasse for jordbrukere'', 1982.
*Hveding, Øistein: ''Landbrukets gjeldskrise i mellomkrigstiden: Statens lånekasse for jordbrukere'', 1982.
*Lundberg, Berit: ''Frå fellesskap til konflikt. Politiske og økonomiske utviklingstrekk i Torpa i mellomkrigstida'', Hovedoppgave i historie, Universitetet i Oslo 1995.
*Lundberg, Berit: ''Frå fellesskap til konflikt. Politiske og økonomiske utviklingstrekk i Torpa i mellomkrigstida'', Hovedoppgave i historie, Universitetet i Oslo 1995.
*{{Hbr1-1|pf01036453002808|Erik Strand}}.


== Referansar ==
== Referansar ==


{{reflist}}
<references />
 
== Vidare lesing ==
*[[Anne Mette Strand|Strand, Anne Mette]]: ''Stridsmann frå Strønd : ei bok om menn og politikk i Valdres 1905-1940''. Kvitvella forlag, 2020.


{{DEFAULTSORT:STRAND; ERIK}}
{{DEFAULTSORT:STRAND; ERIK}}
Linje 54: Linje 59:
[[Kategori:Fødsler i 1877]]
[[Kategori:Fødsler i 1877]]
[[Kategori:Dødsfall i 1945]]
[[Kategori:Dødsfall i 1945]]
[[Kategori:Kongens fortjenstmedalje]]
{{F2}}
{{nn}}
{{nn}}

Nåværende revisjon fra 8. mar. 2024 kl. 10:10

Erik Strand.

Erik Strand (fødd 12. oktober 1877 i Nord-Aurdal, død 7. juni 1945) var ein lensmann og politikar frå Nord-Aurdal i Valdres. Han var ordførar i Nord-Aurdal 1920-1926 og sat på Stortinget for Bondepartiet 1931-1933. Som lensmann i Nord-Aurdal vart han utnemnt i statsråd til å leie administrasjonsstyret i Torpa kommune, då ho gjekk konkurs i 1929. Fordi han ikkje ville gå inn i NS, vart han i 1941 avsett som lensmann.

Bakgrunn

Erik Andreas Knutsson Strand vart fødd på garden sørre Midtstrønd i Nord-Aurdal. Han var den andre sonen til Eli Eriksdotter f. Aaberg og Knut Toreson Strand. Fem av syskena hans vaks opp: Tore (1875-1924) gardbrukar, Torbjørn (1879-1928) lærar ved NTH, Astrid (1883-1896), Ingvar (1888-1974) gardbrukar og Olaf (1891-1979) ingeniør i NVE.

Etter middelskuleeksamen i Aurdal i 1894, gjekk Strand på Elverum lærarskule og blei uteksaminert derifrå i 1897. Den første lærarjobben var eit vikariat i naboheradet, Vestre Slidre, men allereie etter eitt år der vart han tilset i ei kombinert stilling som lærar ved Strand skule og kyrkjesongar i strøndakyrkja. Strand vart i stillinga i 26 år.

Strand gifta seg i 1904 med Berit Syversdotter (1884-1943) frå nabogarden Sør-Strønd, og i 1906 fekk dei dottera Elida. Familien fekk i 1914 frådelt ein del av sørre Midtstrønd og bygde opp sitt eige bruk der.

Lokalpolitikk

I 1910 vart Strand for første gong valt inn i heradsstyret og han sat to periodar som representant for Svennes sokn før han ba seg fritatt. Han gikk då inn som leiar av næringsnemnda i kommunen. Dette var nemnder herada satte ned for å auke matproduksjonen og avhjelpe matmangel under første verdskrigen.

Ved neste heradsstyreval i 1919 gikk han inn att i lokalpolitikken og vart no ordførar. Han blir attvalt i 1922 og 1925, men seier frå seg ordførarvervet våren 1926 då han får stillinga som lensmann i Nord-Aurdal. Frå 1923 er han nestleiar i Fylkestinget[1] .

Strand var medlem i Frisinnede Venstre, men då Landmandsforbundet, seinare Bondepartiet, vart eit politisk parti i 1920, gjekk han med der. Han vart i 1921 den første leiaren for forbundet sitt politiske arbeid i Valdres og i underavdelinga i Nord-Aurdal .

Etter å ha vore borte frå lokalpolitikken i fleire år, kom han i 1934 attende til heradsstyret, no på Borgarleg fellesliste. Då perioden var over i 1937, trekte han seg frå vidare politisk arbeid.

Administrasjonsstyret for Torpa

I 1929 vart Erik Strand utnemnt i statsråd til å leie Administrasjonsrådet for Torpa kommune. Kommunen hadde gått konkurs og vart satt under administrasjon samtidig som ho vart råka av ei av dei lengste arbeidskonfliktane i norsk historie. Randsfjordkonflikten, som stod om retten til tariffavtale for tømmerfløterane, varte heilt til 1936, og var prinsipiell viktig for dei borgarlege partia så vel som for Arbeidarpartiet. Stans i skogsarbeidet skapte stor naud i Torpa og gjorde at mange familiar vart avhengige av kommunal støtte. Dermed vart det ein politisk dragkamp om forsorgsutgiftene i heradet, og Administrasjonsstyret vart ståande midt i krysselden[2].

Den lokal arbeidarpressa, Oppland Arbeiderblad, retta harde åtak mot Erik Strand som meldte redaktøren for ærekrenking. Det kom til forlik der avisa trekte attende visse utsegn[3].

Stortingsarbeid

Medan han hadde oppdraget i Torpa, vart Erik Strand valt inn på Stortinget som nummer tre på Bondepartiet si opplandsliste. Han sat som Bondepartiet sin einaste representant i Justiskomiteen og fekk ei viktig rolle då Mowinckels andre regjering vart felt våren 1931 for å ha gjeve løyve til utanlandsk oppkjøp av Lilleborg fabrikker[4]. Elles markerte Erik Strand seg særleg som sparepolitikar og som motstandar av offentleg naudsarbeid.

Erik Strand ønskte ikkje attval til Stortinget og vart dermed sitjande berre ei periode.

Andre verv

I 1934 vart han utnemnt til medlem i styret for den nyoppretta Statens lånekasse for jordbrukere . Dette vervet hadde han fram til 1940. Lånekassa medverka sterkt til at den langvarige gjeldskrisa i jordbruket tok slutt.[5]

Erik Strand sat i ei lang rekke lokale komitear og utval. Han vart åstedskommissær og kom med i fattigstyret første gongen i 1911, var lagrettemann første gongen i 1916 og var i ei årrekke formann i forlikskommisjonen. Attåt dette var han kyrkjeleg interessert og var i fleire år formann i Strand misjonsforeining.

Han fekk Kongens fortenstmedalje i gull i 1937.

Erik Strand var lensmann i Nord-Aurdal i 1940, men sumaren 1941 vart han oppsagt for di han ikkje ville melde seg inn i Nasjonal Samling. Han fekk stillinga attende 10. mai 1945, men døydde 7. juni same året.

Litteratur og kjelder

  • Hveding, Øistein: Landbrukets gjeldskrise i mellomkrigstiden: Statens lånekasse for jordbrukere, 1982.
  • Lundberg, Berit: Frå fellesskap til konflikt. Politiske og økonomiske utviklingstrekk i Torpa i mellomkrigstida, Hovedoppgave i historie, Universitetet i Oslo 1995.
  • Erik Strand i Historisk befolkningsregister.

Referansar

  1. Oppland Fylkestings forhandlingar 1920-1925
  2. Lundberg, Berit: Fra fellesskap til konflikt. Politiske og økonomiske utviklingstrekk i Torpa i mellomkrigstida. Universitetet i Oslo 1995
  3. Oppland Arbeiderblad 18.3.1932
  4. Stortingstidende. Referat fra forhandlingar i Stortinget og Odelstinget
  5. Hveding, Øistein: Landbrukets gjeldskrise: Statens lånekasse for jordbrukere, Statens landbruksbank 1982

Vidare lesing

  • Strand, Anne Mette: Stridsmann frå Strønd : ei bok om menn og politikk i Valdres 1905-1940. Kvitvella forlag, 2020.