Fåberg (Jostedalen): Forskjell mellom sideversjoner
Ingen redigeringsforklaring |
({{nn}}) |
||
(7 mellomliggende versjoner av 2 brukere er ikke vist) | |||
Linje 1: | Linje 1: | ||
'''Fåberg''' er ein [[namnegard]] og ei grend i [[Jostedal|Jostedalen]] i [[Luster kommune]], [[Sogn og Fjordane]]. Dette er dei fremste gardane i hovuddalføret i Jostedalen og ligg på austsida av [[Jostedøla]]. Grenda grensar i sør til matrikkelgarden [[Elvekrok]] og i vest mot [[Jostedøla]]. | '''Fåberg''' er ein [[namnegard]] og ei grend i [[Jostedal|Jostedalen]] i [[Luster kommune]], [[Sogn og Fjordane]]. Dette er dei fremste gardane i hovuddalføret i Jostedalen og ligg på austsida av [[Jostedøla]]. Grenda grensar i sør til matrikkelgarden [[Elvekrok (Jostedalen)|Elvekrok]] og i vest mot [[Jostedøla]]. Grenda sokna til [[Mjølverdalen skule]] fram til krinsen vart nedlagd i 1968. | ||
Utttala er /få:bærg/, og tydinga av førelekken «Få-» er uviss. Oluf Rygh spekulerer i om det kan ha å gjere med det gno. ''fóð'' som er nytta i namn på elvar som dannar ei grense, men det høver dårleg med topografien.<ref>[http://www.dokpro.uio.no/perl/navnegransking/rygh_ng/rygh_visetekst.prl?s=n&Vise=Vise&KRYSS185954@41590=on «Faaberg» i Norske Gaardnavne], jf. Øyane 1994, s. 171</ref> | Utttala er /få:bærg/, og tydinga av førelekken «Få-» er uviss. Oluf Rygh spekulerer i om det kan ha å gjere med det gno. ''fóð'' som er nytta i namn på elvar som dannar ei grense, men det høver dårleg med topografien.<ref>[http://www.dokpro.uio.no/perl/navnegransking/rygh_ng/rygh_visetekst.prl?s=n&Vise=Vise&KRYSS185954@41590=on «Faaberg» i Norske Gaardnavne], jf. Øyane 1994, s. 171</ref> | ||
Linje 6: | Linje 6: | ||
I bygdeboka vert det hevda at Øvre Fåberg var den eldste garden og at Nedre Fåberg vart utskilt kring 1612.<ref>Øyane 1994, s. 687</ref>, men då er det ikkje teke omsyn til at det var to gardbrukarar med jamstor skyld i grenda alt i 1596.<ref>Jf. Laberg 1944, s. 37</ref> I matrikkelen 1647 er det to gardbrukarar i ''Faaberg'' og ''Foeberig'', som før med jamstor skyld.<ref>[http://www.historielaget.jostedal.no/?page_id=118 Matrikkelen 1647 for Jostedalen] (Jostedal historielag)</ref> I matrikkelen frå 1660-åra har ''Nedre Faaberg'' (nr. 15) og ''Øffre Faaberg'' (nr. 16) kvart sitt løpenummer. | I bygdeboka vert det hevda at Øvre Fåberg var den eldste garden og at Nedre Fåberg vart utskilt kring 1612.<ref>Øyane 1994, s. 687</ref>, men då er det ikkje teke omsyn til at det var to gardbrukarar med jamstor skyld i grenda alt i 1596.<ref>Jf. Laberg 1944, s. 37</ref> I matrikkelen 1647 er det to gardbrukarar i ''Faaberg'' og ''Foeberig'', som før med jamstor skyld.<ref>[http://www.historielaget.jostedal.no/?page_id=118 Matrikkelen 1647 for Jostedalen] (Jostedal historielag)</ref> I matrikkelen frå 1660-åra har ''Nedre Faaberg'' (nr. 15) og ''Øffre Faaberg'' (nr. 16) kvart sitt løpenummer. | ||
I 1801 budde det 27 personar i Fåberg (av 444 i heile Jostedal prestegjeld), og i 1900 61 personar (av 956 i Jostedal kommune).<ref>Digitalarkivet, folketeljingane 1801 og 1900</ref> | |||
Fåberg var den siste garden før breovergangen til Stryn eller fjellovergangen til Skjåk. Det var såleis ein vanleg stad å overnatte for ferdafolk. Her tok til dømes Ivar Aasen inn då han gjekk frå Sogn til Nordfjord sommaren 1855.<ref>[http://www.historielaget.jostedal.no/?page_id=130 Ivar Aasen: Justedals-Breden (1862)] (Jostedal historielag)</ref> | |||
==Notar== | ==Notar== | ||
Linje 11: | Linje 15: | ||
==Litteratur== | ==Litteratur== | ||
*Laberg, Jon. (1944). Jostedal. Ei stutt utgreiding om bygdi og folket der. Tidsskrift utgjeve av Historielaget for Sogn (nr. 11), 5-85. ([http://www.historielaget.jostedal.no/?page_id=300 Digital utgåve, Jostedal historielag]) | |||
*Øyane, Lars E. (1994). ''Jostedal sokn. Gards- og ættesoge for Luster kommune.'' (Bd. 5). Gaupne: Luster kommune, s. 686-747. ([http://www.nb.no/utlevering/nb/3e0d6828c2b4d539b4d38892e2274895#&struct=DIV718 Digital utgåve, NBdigital]) | *Øyane, Lars E. (1994). ''Jostedal sokn. Gards- og ættesoge for Luster kommune.'' (Bd. 5). Gaupne: Luster kommune, s. 686-747. ([http://www.nb.no/utlevering/nb/3e0d6828c2b4d539b4d38892e2274895#&struct=DIV718 Digital utgåve, NBdigital]) | ||
[[Kategori:Jostedalen]] | [[Kategori:Jostedalen]] | ||
[[Kategori:Grender og bygdelag]] | |||
[[Kategori:Luster kommune]] | |||
{{nn}} |
Nåværende revisjon fra 25. jan. 2016 kl. 10:30
Fåberg er ein namnegard og ei grend i Jostedalen i Luster kommune, Sogn og Fjordane. Dette er dei fremste gardane i hovuddalføret i Jostedalen og ligg på austsida av Jostedøla. Grenda grensar i sør til matrikkelgarden Elvekrok og i vest mot Jostedøla. Grenda sokna til Mjølverdalen skule fram til krinsen vart nedlagd i 1968.
Utttala er /få:bærg/, og tydinga av førelekken «Få-» er uviss. Oluf Rygh spekulerer i om det kan ha å gjere med det gno. fóð som er nytta i namn på elvar som dannar ei grense, men det høver dårleg med topografien.[1]
Grenda har to matrikkelgardar, Nedre Fåberg (gnr. 204) og Øvre Fåberg (gnr. 205). Fåberg er nemnd fyrste gong i det eldste dokumentet som nemner Jostedalen etter øydetida, presteskattelista frå 1596. Alt her er det nemnt to gardbrukarar i Faaberg, Pouell og Halffuor, og dei skulle betale like mykje i skatt.[2] Dette må ha vore gode korngardar, for brukarane i Fåberg var dei einaste i Jostedalen attåt Fossen og Åsen som betalte presteskatten i korn.
I bygdeboka vert det hevda at Øvre Fåberg var den eldste garden og at Nedre Fåberg vart utskilt kring 1612.[3], men då er det ikkje teke omsyn til at det var to gardbrukarar med jamstor skyld i grenda alt i 1596.[4] I matrikkelen 1647 er det to gardbrukarar i Faaberg og Foeberig, som før med jamstor skyld.[5] I matrikkelen frå 1660-åra har Nedre Faaberg (nr. 15) og Øffre Faaberg (nr. 16) kvart sitt løpenummer.
I 1801 budde det 27 personar i Fåberg (av 444 i heile Jostedal prestegjeld), og i 1900 61 personar (av 956 i Jostedal kommune).[6]
Fåberg var den siste garden før breovergangen til Stryn eller fjellovergangen til Skjåk. Det var såleis ein vanleg stad å overnatte for ferdafolk. Her tok til dømes Ivar Aasen inn då han gjekk frå Sogn til Nordfjord sommaren 1855.[7]
Notar
- ↑ «Faaberg» i Norske Gaardnavne, jf. Øyane 1994, s. 171
- ↑ Skattelista 1596 (Jostedal historielag)
- ↑ Øyane 1994, s. 687
- ↑ Jf. Laberg 1944, s. 37
- ↑ Matrikkelen 1647 for Jostedalen (Jostedal historielag)
- ↑ Digitalarkivet, folketeljingane 1801 og 1900
- ↑ Ivar Aasen: Justedals-Breden (1862) (Jostedal historielag)
Litteratur
- Laberg, Jon. (1944). Jostedal. Ei stutt utgreiding om bygdi og folket der. Tidsskrift utgjeve av Historielaget for Sogn (nr. 11), 5-85. (Digital utgåve, Jostedal historielag)
- Øyane, Lars E. (1994). Jostedal sokn. Gards- og ættesoge for Luster kommune. (Bd. 5). Gaupne: Luster kommune, s. 686-747. (Digital utgåve, NBdigital)