Fel-Jakup

Sideversjon per 31. okt. 2012 kl. 21:21 av Hans P. Hosar (samtale | bidrag) (Kategoriar)
Arbeid pågår: Vennligst ikke rediger artikkelen mens arbeidet pågår. Se redigeringshistorikken for detaljer.

Det har trolig ikke vært gjort noen endringer på artikkelen den siste uka. I så fall kan denne markeringa fjernes, men sjekk redigeringshistorikken og eventuelt diskusjonssida først.

Fel-Jakup, eigentleg Jakob Olsen, (fødd i Skjåk den 2. februar 1821 død same stad den 27. juni 1876) var felespelar, vide kjend i samtid og ettertid. Han blir rekna som ein meisterspelemann på flatfele, med noko tilsvarande posisjon i folkemusikkhistoria som Myllargutenhardingfele. Fel-Jakup har øvd sterk innverknad på folkemusikken særleg i bygdene rundt Dovreplatået, dvs. i Nord-Gudbrandsdalen, Møre og Romsdal, delar av Sør-Trøndelag og i Nord-Østerdalen. Han var sterkt etterspurd som musikar ved bryllaup og andre festlege høve, på auksjonar og marknader, ikkje minst på Romsdalsmartnan.

Fel-Jakup-stugu nær Felodden i Nordberg i Skjåk kommune. Huset vart flytta og restaurert av Skjåk historielag i 1957. Det er historielaget som eig huset. Bautaen vart reist ved hundreårsjubileet i 1921. Foto: H.P.Hosar.

Om ein ser bort frå den unike musikkgivnaden og spelemannslivet, er Fel-Jakups bakgrunn, oppvekst og vaksenliv illustrerande for livsvilkåra for bygdeproletariatet på hans trakter og på den tida. Jakup var fødd og oppvaksen under vanskelege tilhøve, og trass tidomtil brukbare spelemannsinntekter, levde han også heile sitt vaksne liv i tronge kår med familien som husmann i ålmenninga i Skjåk.

Mange namn

 
Fel-Jakup-stugu før ho vart fløtt og restaurert. Biletet kan vere teke i samband med hundreårsjubileet i 1921. Foto: Pål Kluften.

Fel-Jakup er kjend også under fleire andre tilnamn. Døypenamnet i kyrkjeboka er Jacob Olsen. [1] Fel-Jakup er det absolutt mest brukte namnet i heimbygda i ettertid, truleg også utbreidd i hans eiga tid. Skjåk tilhøyrde i hans oppvekst Lom prestegjeld. I andre bygder fekk han derfor namnet Jakob Lom eller Loms-Jakob. Ein eldre dialektvariant av det siste er Lø-Jakob (ein lø = ein lomver). På Vestlandet vart han gjerne kalla Døl-guten. Fel-guten festa seg ved han som ungdom i lokalmiljøet.

Fel-Styggen kunne han bli kalla av dei som hadde mindre til overs for han og felespelet. Det kan avspegle ein avstandmarkering til felespel og festliv frå eit ganske sterkt pietistisk miljø som fanst i Skjåk på den tida.

Etter at familien flytta til Felodden i Nordberg, vart Jakup naturleg nok stundom omtala som Jakup Felodden.

Foreldre og slektsbakgrunn - frå bygdeproletariatet

Jakup var fødd av ugifte foreldre. Faren Ola Hansen (fødd ca. 1798) var på den tida tenestekar på garden Tråstad. Mora, Marit Jakobsdotter (fødd ca. 1790), var tenestejente på Nedre Bruheim. [2] Ho vart kalla Sigrid-Marit etter si mor.

Faren gifta seg allereie året etter med ei anna kvinne, Marit Arnesdotter (fødd 1802). [3] Han hadde da skifta teneste og heldt til på ein av Bøje-gardane. Om vi har lese rett, er brura oppført i kyrkjeboka som «Hmd. under Skrinde» dvs. husmann. Det må ha vore høgst uvanleg for ei ugift 20 år gammal jente. Husbondsgarden Skrinde ligg like i nærleiken av garden der Ola tente. Sidan slo dei to seg ned på plassen Ulen under Marlo. Vi finn Marit Arnesdotter som enkje og føderådskone i Ulen hjå sonen og hans familie i folketeljinga 1865.[4] Faren og stemora til Jakup fekk i alt åtte born saman, som altså vart halvsyskena til Fel-Jakup. Ein av gutane, Hans (i ætteboka omtala som Hans Henrikstugun, fødd 1825), vart far til den seinare lensmann og stortingsmann Johannes Kummeneje.

Mor til Fel-Jakup gifta seg i 1828 med Ola Larsen (fødd ca. 1782) [5] Ho er ved vigselsinnførsla kalla Marit Jakobsdatter Lien. «Lien» kan ha vore ein av husmannsplassane Harsheimlia eller Flåtålia i Bruheimsgrenda. Ole var innflyttar frå Jostedalen. som i følgje kyrkjeboka «opholder sig på Dasgaardsødegaard». I folketeljinga 1865 er han føderådsmann på sjølveigarbruket bruket Espedet på Dagsgardsøygarden. Han er da markert som gift (ikkje enkjemann), men kona Marit er ikkje registrert i teljinga på same staden. Ei Marit Jacobsdatter i passande alder er derimot oppført som inderst og alminneleg arbeidar på Nordistun Skamsar, ein gard som ligg i same grenda som Bruheim, Harsheimlia og Flåtålia.[6] Ho er markert som fråskild i teljinga. Det er liten tvil om at dette er Sigrid-Marit mor til Fel-Jakup. Ivar Kleiven fortel nemleg at ho på sine gamle dagar i mange år budde i fjøset nettopp på Nordistun Skamsar.

Skilsmålet mellom henne og mannen kan kaste eit visst ljos over Kleivens elles noko ublide omtale av henne: Ho var «paa mange maate reint ut eit stort troll. Ho var kveksot og sinnt og o-vøren, difor ha ho vandskeleg for aa komaa se med folk, kvar ho for, og ingen brydde seg um ho hell ha nogo teovers for henne». Dette tykkjest stå i sterk motstrid til kva ein annan lokalhistorikar skriv om henne: «Dæ va ei som ikje gjorde mykjy ståk der ho for, og flittog og uppriktog va ho stødt.» Det er Ola Løkre (Ramstad) som skriv dette. Han var fødd i 1846, voks opp i Bruheimsgrenda og kjende personleg godt til både Fel-Jakup og familien. Det kan iallfall vel vere at Sigrid-Marit ikkje tykte livet hadde gjeve henne så mykje å vera blid og mild og snill for.

Men Løkre legg rett nok til omtala si av Sigrid-Marit: «...ho va sagte ikje någå go te syte for båne sine; for øn Jakup vart burtleigda tile...»

Oppvekst. Legdguten

Tenestejenta Sigrid-Marit budde i fjøset i Bruheim da Jakup vart fødd. Guten kom på legd, visstnok på Nedre Hjeltar på Ramstadstronda. Han skal da ha vore i sju- åtteårsalderen, i så fall om lag på det tidspunktet mor hans gifta seg. Hjeltar ligg ikkje langt frå Ulen, og det betyr at Jakup kan ha hatt far sin i nærleiken av seg. Men rett nok veit vi ikkje tidspunktet for når faren og stemora tok til på den plassen.

Som tiåring rømde Jakup frå Hjeltar og legdguttilveret, men søkte tilsynelatande korkje til far sin i Ulen eller mor si på Dagsgardsøygarden. Han drog langt utanbygds og flakka rundt eit par års tid. Til slutt fanst han att i Trondheim, der han hadde kome på sjukehuset. Han vart sendt heim att til Skjåk på Lom fatigkasse si rekning. I desember 1833 vart han på nytt innlegda på Hjeltar.

Gutungen Jakup vanka mykje i Hjeltartrædet, ein husmannsplass under Hjeltar. Sonen der, Syver Larsen (1810-1889), er identisk med den kjende spelemannen som på sine eldre dagar gjekk under namnet Gamel-Sjugurd. Også faren Lars var spelemann, og desse karane i Hjeltartrædet skal ha sett og verdsett kva talent Jakup hadde. Dei forærte han ei fele og lærde han å spela på ho. Både Lars og Sjugurd var også skreddarar, og etter at var heimattkomen frå den lange flukta si, fekk Jakup også opplæring i skreddaryrket hjå dei.

Ekteskap og husmannstilveret på Felodden

Fel-Jakup gifta seg med Anne Persdotter (fødd 4. mars 1818 død 16. februar 1897). Vigselen skjedde den 14. mai 1848. Anne var på det tidspunket på Dagsgardsøygarden, men var fødd på ein Skamsargard. Anne hadde om lag same sosiale bakgrunnen som Jakup. Foreldra hennar var ugifte arbeidsfolk Per Larsen frå plassen Skamsarbrustugun og Kari Iversdotter frå (ein plass?) «ved Grimstad». [7]

Anne og Jakup var blitt kjæraster og foreldre fleire år før dei gifta seg. Fyrste barnet dei fekk saman, Kari, var fødd i 1842. Da var mora på ålmenningsplassen Oppnåsen i Åmotsgrenda, faren på Hjeltar. Da andre barnet deira, Ola, kom i 1846, var Jakup framleis på Hjeltar, medan mora er busett på Åmoten.

Paret slo seg til på ålmenningsplassen Felodden, truleg i samband med at dei gifta seg. Da tredje barnet deira, Livø, vart fødd 13. oktober 1849, er faren nemnd som husmann i ålmenninga, rett nok utan at namn på plassen er nemnd. Erling og Jarnfrid Kjøk siterer ei plasskontrakt med Ålmenninga datert 5. desember 1874.[8] Det må ha vore ei kontraktfornying. Om Jakup og Anne sjølve hadde rydda og bygt plassen, eller om dei overtok etter andre, framgår ikkje av kontrakten.

Anne og Jakup fekk ytterlegare tre born: Jakob fødd 1854, Anne fødd 1857 døydde som lita, og på nytt Anne fødd i 1860.

I folketeljinga 1865 står det at spelemannen er ute på reise med familien. Dei leigde ut husveret til ein tjørebrennar og kona hans. 10 år seinare, i teljinga 1875, bur det fem vaksne menneske i den vesle stova på Felodden.[9]

Spelmannsferdene og musikken

Fel-Jakup var ofte på reisefot over store delar av det nordlege Sør-Noreg for å låte og lære. Den viktigaste spelemannsferda hans var saman med ein eldre felespelar, Fant-Kal og hans følgje av reisande, det som Ivar Kleiven omtala som langfant-fylgje.[10] Det skal ha vore i åra 1843-1845, dvs. i åra mellom tilkomsten av fyrste og andre barnet han fekk med Anne. Reisene med Fant-Kal må ha vore mykje av ei læretid for Jakup. Læremeisteren er særleg kjend for dei mange valsane sine, ei nymotens danseart på bygdene på den tida, og som Jakup tok til seg.

Andre som går for å ha vore læremeistrar for Fel-Jakup er den allereie nemnde Syver Larsen (Gamel-Sjugurd). Ein annan var Ola Skaar frå Lalm (Skårin).

Også etter vandreåra med Fant-Kal-fylgjet var Jakup ofte på reise, aleine eller - etter folketeljinga 1865 å dømme - også med familien. Han skal mellom anna ha spela på Romsdalsmartnan i 13 år på rad. Det er kjent at han hadde kontakt med mange kjende spelemenn som Per M. Bolstad frå Stryn, Ola Kjellstad frå Sunnylven og Anders Reed i Breim.

Det er mogleg at Fel-Jakup også hadde fått litt formell musikkutdanning. Eit overtydande vitneprov om dette er Ola Løkre Ramstad som i boka si skriv om eit personleg minne: «Eingong e va hjå ’om på Feloydda, kom ’n fram mæ mange notehefte og synte me, og dein gongen fortalde ’n me at ’n ha havt upplæring i notespeling.» Erling og Jarnfrid Kjøk, som referer til dette, gjev også fleire andre døme på at skolerte, profesjonelle musikarar interesserte seg for Jakup og baud han opplæring. Ivar Kleiven fortel jamvel at han fekk tilbod om tilsetjing i bymusikken både i Ålesund og Trondheim.[11]

Det er ingen tvil om at Fel-Jakup komponerte nye slåttar og modifiserte andre. Det er eit stort tal slåttar som i tradisjonen blir tilskrive Fel-Jakup, men det ligg i folkemusikkens natur at det vanskeleg let seg prove kven som var fyrste opphavet til eit bestemt stykke.

Det går gjetord om kor etterspurd og omtykt Fel-Jakup var for spelet sitt i samtida. Men biletet har fleire sider. Pietistar og puritanarar var forarga over levemåten og såg gjerne felemusikken og alt som følgde med som synd. Spelemannsyrket hadde neppe heller høg status i seg sjølv, iallfall ikkje i den solide bondestanden. O. Løkre skriv: «Spelmainn i slike lag va ikje mykje votta [respektert]. Dæ va hulde for at hain ha simplaste arbeidø nåyn kunde hå i samfunde.»

Kjelder og litteratur

  • Bakke, Eilev O.: «Fel-Jakup» i Årbok for Gudbrandsdalen 1980.
  • Brustugun, T.: «Frå barndomen hans Fel-Japup» i i Årbok for Gudbrandsdalen 1966.
  • Kjøk, Erling og Jarnfrid: Ei spelmannsoge. Spelmenn, spel og dans i Ottadalen, Otta 1995
  • Kleiven, Ivar: Lom og Skjåk. Gamal bondekultur i Gudbrandsdalen, 1915 (opptrykk 1973)
  • Lindsheim, Per: «Fel-Jakup – meisterspelemannen som berre ”Myllarguten” kan måle seg med.» i Årbok for Gudbrandsdalen 1971.
  • Sandvik, O.M: «Lom, Jakup» i NBL bd. VIII, Oslo 1938.

Referansar