Folkestadvegen (Bø i Telemark)

Fra lokalhistoriewiki.no
Sideversjon per 5. mar. 2020 kl. 16:20 av Rool (samtale | bidrag) (Lagt til tekst.)
Hopp til navigering Hopp til søk
Folkestadvegen sett nordover.
Foto: Roy Olsen (2016).

Folkestadvegen i i Midt-Telemark kommune går nordover, frå rundkøyringa i krysset med Bøgata og Stasjonsvegen i Bø sentrum, til krysset med Vatnarvegen og Lifjellvegen ved Tjønntveit.

Vegen har namn etter Folkestadgardane og er omlag 4,1 km lang. Den kryssar Bøelva på den 85 m lange Folkestad bru, ved Ågetveitjuva, og er ein del av Fv 152 som endar i Heddalsvegen ved Tuven på Notodden.

Den gamle Folkestad bru er ei steinkvelvsbru med spennvidde på 30 meter og spennhøgd på 4 meter. Brua sto ferdig i 1924, same året som jernbanen kom til Bø, og gjorde sitt til at Bøgata blei det nye store trafikk- og handelssenteret i Bygda. I 1927 vedtok Bø heradsstyre at brua skulle heite Folkestad bru. Brua var i bruk heilt fram til 1973, da den nye Folkestadbrua sto ferdig. I dag gjer gamlebrua teneste som bru for gang- og sykkelvegen.

Kjelder


Koordinater: 59.41312° N 9.06926° Ø